2021

Jolemøte 7. desember 2021

Med stigande smitte og lite påmelding, var me lenge i tvil om gjennomføringa. Etter avlysing i 2020 er styret glade for at me gjennomførte det tradisjonelle samkomet i år.  Dei 11 frammøtte fekk smake heimekoka pinnekjøt med potet og kålrotstappe. Til kaffien vart det servert småkaker, Twist og klementinar. P.g.a. smittefare måtte me diverre stå over jolesongar og gang rundt joletreet. I staden vart det litt alternativt opplegg med historier rundt borda og til slutt quiz. Avtrekket på kjøkenet fungerte framifrå, men det vart trongt på komfyren med fire store gryter. Det var småkaldt i salen med vêromslag frå vinterkulde til sludd og mildvêr. Takk til alle som kunne koma!

Konsert med Tom Roger Aadland 2. november 2021

Tittelen på konserten var Dylan på norsk og det vart ei gild oppleving for kjennarane. Aadland spelte òg nokre av sine eigne songar. Mellom songane fortalde han om bakgrunnen for tekstane og livet til Bob Dylan. Dei 28 frammøtte kunne nyta musikken og servering med kaffi/te, pepparkaker og Twist. I pausen var det høve til å kjøpa signerte CD og LP. Konserten vart avslutta med ståande applaus! Stor takk til Anne som organiserte det heile og alle som hjelpte til før og etter.

Ronny Rognhaugen, 3. november 2021. 

Mållagsmøte 19. oktober 2021 - Nynorsk språkpolitikk  

Dette er på mange vis kjerneverksemda til målrørsla, og interessa burde vera stor hjå medlemmane. Ikkje heilt uventa var det tynt oppmøte med berre fire som stilte i tillegg til Sylfest og meg. Det vart jamvel eit langt møte, og eit godt ordskifte for dei som kom.

Sylfest innleia med eit historisk og globalt oversyn over språkutviklinga. Mykje er henta frå boka "Språkreisa" som han har skrive. For 12.000 år sidan fanst det truleg 12.000 språk. I dag er det 6-7.000 og omlag 30 språk døyr kvart år. Held det fram slik, kjem me til å mista 3.000 språk, stort sett munnlege, dei neste 100 åra. Dei 12 største språka etter morsmål har 85-90 % av folkesetnaden. Halvparten av desse er indo-europeiske språk; engelsk og spansk er jamstore, portugisisk er det større enn russisk, som dessutan tapar flest brukarar. Færøysk med sine 50.000 brukarar er rundt nummer 1500, norsk 200 og svensk 100.

Den norske rivaliseringa mellom bokmål og nynorsk er særmerkt. Det starta som ein kulturprosess vekk frå det danske språket og unionen med Sverige. Fyrste bibelen på "norsk" kom i 1904, men kultureliten med Bjørnson i spissen, tok klar avstand frå landsmålet som eit norsk nasjonalspråk. Rettskrivings-reforma i 1917 byrja på tilnærminga mellom dei to norske språka, og opna for valfridom. I 1938 vart dette utvida med sokalla [klammeformer]. Det var stort engasjement kring "språkkampen" og jamvel bokbrenning av bøker med "feil" skrivenorm. Etterkvart er det tilsynelatande meir fredfylt, men det er ei kjensgjerning at nynorsken framleis er systematisk diskriminert. Sylfest meiner at om 100-150 år vil bokmål og nynorsk smelta saman til eit felles språk, eller så er norsk erstatta av engelsk som vårt skriftspråk. Det er halding som avgjer handling jfr. denne oppstillinga:

  1. Prestisje på sentrale bruksområde; politikk, næringsliv, akademia ...
  2. Verdi i yrkesliv som fagspråk, medium og litteratur
  3. Interesse for morsmålet mellom dei unge

Så tok eg opp korleis den nye språklova kan utnyttast til beste for nynorsken, sidan lova no opnar for positiv diskriminering. Sidemålsstilen er eit toeggja sverd og er i dag truga av dårleg undervisning, prøveordningar og felles karaktersetting. Det verste er at han undergrev nynorsken som hovudmål, særleg i randsonene. Nynorsken kjem i ein vanskeleg forsvarsposisjon og fråfallet i utdanningsløpet er skræmande høgt. Liberale fritaksreglar gjer at mange heller ikkje får undervisning i nynorsk. I tillegg legg sidemålsundervisninga grunnlag for negative kjensler mot nynorsk generelt i samfunnet. Om me fjernar sidemålet vert nynorsk ein innebygd del av norskfaget med vekt på opphav, kultur og mangfald.

I dag kan me krevja svar på nynorsk i personleg kommunikasjon med Statlege organ. Dette vert no utvida til fylkeskommunane. Problemet er berre at det same gjeld for bokmålsbrukarane, og dimed er det større sjanse for at ein offentleg tilsett nynorskbrukar må svara på bokmål enn omvend. Nynorskbrukarar bør heller sikrast rett til å skriva nynorsk i sitt arbeid, uansett om arbeidsgjevar er statleg, fylkeskommunal, kommunal eller privat. 

Innanfor høgre utdanning er det i dag slik at ein kan krevja eksamensoppgåver parallelt på bokmål og nynorsk. Det kan verka urimeleg at om ein av 100 elever krev nynorsk, så må det lagast to utgåver av oppgåveteksten. Dessutan er det fare for ei dårleg eller unøyaktig omsetting. Grunngjevinga for dette kravet verkar urimeleg i dag og bør bytast i noko betre. 

Forsamlinga var skeptisk til mitt framlegg om å fjerna sidemålsstilen. Dei erkjende problema, men meinte løysinga var betre opplæring av norsklærar og meir fokus på norskfaget. Når eg spurde om det var realistisk, måtte dei innsjå at det var det ikkje. Men det var stor semje om å nytta 25 % regelen i heile skuleverket d.v.s. minst 25 % nynorsk i alt av skriftleg materiale; lærebøker, pensum elles og eksamen/oppgåver. Fleire meinte språkdelte bøker fungerte bra og burde brukast meir. Me var òg samde om at alle offentlege, elektroniske system skal vera tospråklege (norsk) frå dag ein.

Det var enkel servering av norske eple, te og vatn.

Ronny Rognhaugen, 20. oktober 2021.

Mållagsmøte 21. september 2021 med Sylfest Lomheim 

Sylfest fortalde om den siste romanen sin "Menneskesonen". Her utfordrar han framstillinga i evangelia av Jesus eller Jeshua, som Lomheim konsekvent kallar honom. Det vart eit spanande ordskifte om skilnaden mellom den historiske og den teologiske profeten. Og sjølvsagt handla det mykje om kva ein trur og kva ein ikkje trur. I underkant av 20 frammøtte fekk smaka på oliven og druer. Og høve til å kjøpa boka. Takk til Ernst Håkon Jahr som innleia og styrde ordskiftet!

Ronny Rognhaugen, 22. september 2021.

Kyrkjekaffi 19. september 2021 

I år var det nynorskgudsteneste med lyrikaren Olav Mosdøl i domkyrkja. Etterpå var kyrkjekaffi i Mållagssalen med 35 til stades. Det vart eit triveleg samkome med song, talar og gode historier. Stor takk til Leiv, Kjellaug og Solveig!

Ronny Rognhaugen, 19. september 2021.  

Medlemsbrev 15. september 2021

Gode mållagsmedlem!

Stortingsvalet er lagd bak oss og ein lang sumar er på hell. Etter nok eit uvanleg år er det gledeleg å sjå at me kan ta att noko av det tapte i haust. Allereie sundag 19. september er det nynorsk gudsteneste i Domkyrkja. I år er det lyrikaren Olav Mosdøl som talar. Og etterpå er det kyrkjekaffi i Mållagssalen. Kan du hjelpa til med servering, ta gjerne kontakt med Kjellaug Kvalsvik eller Solveig Lima.

Tysdag 21. september vil Sylfest Lomheim snakka om den siste boka si «Menneskesonen». Dette er ei ny og annleis forteljing om rabbien frå Nasaret - frå hans eigen munn!

Sjå resten av programmet og meir til på heimesida. Styret har vedteke at årsmøtet for Mållaget gjennomførast 15. februar 2022 for 2020 og 2021.

Mållaget har hatt uvanleg stor medlemsvekst i år. No er me 149 betalande medlem og det er så langt eg kan sjå historisk; den gamle rekorden var frå 1988 med 144 medlem. Og dette er før den nasjonale vervekampanjen som tek til 1. oktober; medlemskap 2021-2022 for 200 kr. Me må kanskje takka FpU for auka blest og støtte? Uansett er det god plass til fleire, i Kristiansand og landet elles.

Aksjonæravtalen mellom BUL og Mållaget har vore ei prioritert oppgåva sidan januar 2020. Avtalen frå mars 2014 har nokre manglar som styret har freista å bøta på. Avtalen har i røynda jamstilt dei to eigarane, trass i at Mållaget er den dominerande eigaren med 72,6 % av aksjane. I tillegg hindrar avtalen inntil vidare utbyte. Resultatet av dette er at Mållaget, sidan aksjeselskapet vart skipa i 2013, har finansiert det meste av underskotet på lagsdrifta med eigne sparepengar. Me tok difor kontakt med BUL og oppmoda til forhandling om ein ny avtale. Det godtok dei og to styremedlem frå kvart av laga vart oppnemnd. Tidleg i mai kunne delegasjonane einast om ein ny avtale, og etter ei juridisk kvalitetssikring vart avtalen godkjend av styret i Mållaget 8. juni. 1. september godkjende årsmøtet til BUL den nye avtalen. Det vert eit medlemsmøte om den økonomiske stoda i Mållaget 25. januar 2022.

God haust!

Ronny Rognhaugen, 15. september 2021.

Lagssending 6 / 2021

Opplæringslova

I dag kom framlegget til ny opplæringslov, og me vil ynskje alle til lukke med endeleg å ha fått gjennomslag for språkdelt ungdomsskule. Regjeringa har også høyrt på oss når det gjeld å halde på skulemålsrøystingane. Når det gjeld digitale læremiddel og digitale læringsverkty på nynorsk går diverre ikkje regjeringa langt nok. Les pressemeldinga vår her: https://www.nm.no/ein-siger-for-nynorskelevane/

Høyringsfristen er 20. desember 2021, og me vil oppmode alle lag om å skrive høyringssvar. Me vil sende dykk vårt eige høyringssvar når det er klart i november. Her er lenkje til lova: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-opplaringslov/id2868810/

1000 nye medlemer

Dei aller fleste har nok fått med seg reaksjonane på FpU sitt valkampmateriell med F**K nynorsk på. Tilstrøyminga av medlemer har vore enorm, og det er ikkje over enno. Oppdaterte medlemslister og tal vil kome når me har fått registrert alle. Med eit medlemstal som i skrivande stund er over 14 500, er det ikkje umogeleg at me blir 15 000 innan året er omme. Me oppmodar dykk som vanleg om å reagere på og dele alle dei siste innlegga på Facebook, både med lagskonto og privat. https://www.facebook.com/noregsmallag/

Noregs Mållag 26. august 2021

Medlemsbrev 21. juni 2021

Gode mållagsmedlem!

Fyrste halvår vart prega av koronatiltak og alle medlemsmøte vart avlyst. Men styret har vore aktivt og nytta tida til nokre langsiktige tiltak. Meir informasjon om dette lenger nede.

Årsmøtet var fyrst planlagd 16. februar og så utsett til 16. mars. Men styret vedtok å utsetja årsmøtet inntil gjennomføringa kunne skje på vanleg vis. Styret vurderte 8. juni som siste høve før sumaren, men slik smittesituasjonen var i Kristiansand etter 17. mai var det ikkje tilrådeleg. Viktige strategiske val for framtida til laget, gjer at det etter vårt syn var forsvarleg å avvika frå kravet i §4, om at årsmøtet må gjennomførast innan utgangen av mars. Styret vil i august ta stilling til når årsmøtet kan gjennomførast. Alternativa me vurderer er oktober eller om me like godt skal venta fire månader til februar 2022. Det er gode argument for båe.

Noregs Mållag (NM) klarte målet sitt for verveaksjonen 2020. No er me 14 104 medlemmar. Mållaget i Kristiansand fekk 14 nye medlemmar i fjor og no er me 131. Det gav oss delt 10. plass i vervetevlinga til NM. Takk for innsatsen til alle som har vore med på rekrutteringa, som har gitt oss det høgste medlemstalet sidan 1990! Me fekk ei bokpakke i premie som kan nyttast i møte med barnehagar og skular. Etter nyttår har det kome til fleire medlemmar. No har me 136 betalande medlemmar. Med to utmelde sidan årsskiftet tydar dette at me har fått sju nye. Rekorden ved årsslutt er 144 frå 1988.

2020 var andre året Mållaget gjennomførte skrivetevlinga for Twitternoveller. I år kom det inn 66 tekstar frå elevar i dei vidaregåande skulane i Kristiansand. Temaet i år var «løgn» og fristen for innsending var 19. desember. Vinnarane i år er Åge Andre Aaser frå Kvadraturen, Kristian Solum frå Tangen og Nora Kjetså frå Kvadraturen. Me gratulerer vinnarane og takkar for alle bidrag. Ny tevling utlysast i november og målet er då å få med deltakarar frå Vågsbygd og Vennesla.

I år var det Sylfest Lomheim som heldt minnetala for Jørgen Løvland i Wergelandsparken 17. mai. I lett regn var det godt og spreidd oppmøte. Postorkesteret spelte før og etter tala. Sylfest la særleg vekt dei mindre kjende sidene med Løvland, ikkje minst familietilknytinga til byen og distriktet. Løvland var arkitekten bak rettskrivingsreforma i 1917, som freista å samla dei to norske språka. Fornorskinga av bynamna var eit anna prosjekt, som diverre ikkje gjekk like bra. Og så sat han som leiar av Nobelkomitéen i 20 år og fekk kjøpt det staslege bygget i Drammensvegen, kor dei framleis held til.

I år er det òg 50-års jubileum for den offisielle opninga av Mållagsbygget i 1971. Dette vil me markera seinare.

Aksjonæravtalen mellom BUL og Mållaget har vore ei prioritert oppgåva sidan januar 2020. Avtalen frå mars 2014 har nokre openberre manglar som styret har freista å bøta på. Avtalen har i røynda jamstilt dei to eigarane, trass i at Mållaget er den dominerande eigaren med 72,6 % av aksjane. I tillegg hindrar avtalen inntil vidare utbyte. Resultatet av dette er at Mållaget, sidan aksjeselskapet vart skipa i 2013, har finansiert det meste av underskotet på lagsdrifta med eigne sparepengar. Me tok difor kontakt med BUL og oppmoda til forhandling om ein ny avtale. Det godtok dei til slutt og to styremedlemmar frå kvart av laga vart oppnemnd. Tidleg i mai kunne delegasjonane einast om ein ny avtale, og etter ei juridisk kvalitetssikring vart avtalen godkjend av styret i Mållaget 8. juni. Styret i BUL tilrår òg avtalen, men dei vil drøfta han på eit medlemsmøte i september før eventuell godkjenning.

Haustprogrammet er ikkje ferdig, men me planlegg med ei samling kvar månad som vanleg. Sundag 19. september er det nynorskgudsteneste med lyrikaren Olav Mosdøl i domkyrkja, kyrkjekaffi i Mållagssalen etterpå. 

Elles sjå https://www.maalkrs.no/ og https://www.facebook.com/groups/620519508537052

for styret

Ronny Rognhaugen

17. mai 2021

I år var det Sylfest Lomheim som heldt minnetala for Jørgen Løvland i Wergelandsparken. I lett regn var det godt og spreidd oppmøte. Postorkesteret spelte før og etter tala. Sylfest la særleg vekt dei mindre kjende sidene med Løvland, ikkje minst familietilknytinga til byen og distriktet. Han var arkitekten bak rettskrivingsreforma i 1917, som freista å samla dei to norske språka. Fornorskinga av bynamna var eit anna prosjekt, som diverre berre lukkast med Oslo i 1920. Og så sat han som leiar av Nobelkomitéen i 20 år og fekk kjøpt det staslege bygget i Drammensvegen, kor dei framleis held til.

I år er det òg 50-års jubileum for den offisielle opninga av Mållagsbygget. Dette vil me markera seinare når smittesituasjonen tillèt det.

Ronny Rognhaugen, 20. mai 2021.

Lagssending 03 / 2021 frå Noregs Mållag

Til lukke med den nynorske grunnlovsdagen 6. mai! (2014)   

Status om opplæringslova

Det siste me har høyrt, er at lova vert send på høyring på seinsumaren.

13 000 betalande medlemer

For fyrste gong har over 13 000 medlemer betalt medlemspengar så tidleg som i mai. Hugs at medlemstalet dykkar i år påverkar kor mange utsendingar de har rett på til det viktige landsmøtet til neste år. Førre betalingspåminning hadde forfall 2. mai, og oppdaterte medlemslister kjem snart.

Medlemsvekst våren 2021

Nye medlemmar strøymer til Mållaget i Kristiansand. No har me 136 betalande medlemmar. Med to utmelde sidan årsskiftet tydar dette at me har fått sju nye. Det er veldig bra. Rekorden ved årsslutt er 144 frå 1988, og eg er ikkje overtydd om at kontrollen med betaling var like god då.

Ronny Rognhaugen, 7. mai 2021.

Lagssending 02 / 2021 frå Noregs Mållag

Gode lokal- og fylkeslagsfolk

Møtebok Landsmøtet 2020

Jamfør føresegnene våre får laga tilsendt møteboka for landsmøtet 2020. Ho kjem berre elektronisk. Sei frå om de ynskjer ho på papir. Me orsakar at ho kjem noko seint. Klikk her for å lese og/eller laste ned møteboka.

Landsmøte 2022

Styret har vedteke at landsmøtet 2022 vert utvida med éin dag. Møtet tek til om morgonen fredag 1. april og varer til sundag 3. april. Vi legg såleis opp til å samlast på landsmøtehotellet frå torsdag kveld. For å gjere reisa så enkel som mogeleg, vert staden Scandic Oslo Airport, på Gardermoen. Grunna utsetjinga av vedtak om nytt prinsipprogram i fjor, skal både nytt arbeidsprogram og nytt prinsipprogram vedtakast på neste års landsmøte. Skriv det opp i kalenderen!

Årsmøtet utsett inntil vidare

Styret utset årsmøtet for Mållaget i Kristiansand inntil gjennomføringa kan skje på vanleg vis. Viktige strategiske val for framtida til laget, gjer at det etter vårt syn er forsvarleg å avvika frå kravet i §4, om at årsmøtet må gjennomførast innan utgangen av mars. Utsetjinga skjer etter tilråding frå valnemnda. Slik smittesituasjonen er no, er det ein risiko for at årsmøtet ikkje kan gjennomførast før sumaren.

Ronny Rognhaugen, 26. februar 2021. 

Verveaksjonen 2020

Noregs Mållag (NM) klarte målet sitt for verveaksjonen 2020. No er me 14 104 medlemmar. Mållaget i Kristiansand fekk 14 nye medlemmar i fjor og no er me 131. Det gav oss delt 10. plass i vervetevlinga til NM. Takk for innsatsen til alle som har vore med på rekrutteringa, som har gitt oss det høgste medlemstalet sidan 1990! Ei bokpakke i premie er på veg.

Ronny Rognhaugen, 12. januar 2021.

Twitternovelle VGS 2020 

Dette er andre året Mållaget gjennomfører denne skrivetevlinga. I år kom det inn 66 tekstar frå elevar i dei vidaregåande skulane i Kristiansand og Vennesla. Temaet i år var «løgn» og fristen for innsending var 19. desember. Vinnarane i år er Åge Andre Aaser, 3STPBB Kvadraturen, Kristian Solum, 3STC Tangen og Nora Kjetså, Kvadraturen. Me gratulerer vinnarane og takkar for alle bidrag. Ny tevling utlysast i november.

Ronny Rognhaugen, 11. januar 2021.

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!