2018

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand 2018

Våren 2018 vedtok styret å utgreia stoda for medlemsmassen. Arbeidet var todelt; fyrst ein oppdatert medlemsstatistikk i mars og så gjennomføre ei spørjeundersøking for medlemmane i haust. Resultatet er no samla og resultatet skal leggjast fram for årsmøtet 12. februar 2019.

Utdrag frå rapporten:

Medlemsutvikling 1987-2017: Rekorden vart sett i 1988 med 144 medlemer og lågmålet var i 1999 med berre 76. Ganske stabilt sidan 2012. Når det gjeld demografien for noverande medlemar er kjønnsdelinga i perfekt balanse med 64/64. Konklusjonen er at det er tynt med medlemar under 60 år sidan 75 % er 60+ og 49 % er 70+. Det var kanskje ikkje så uventa, men no er det i alle fall talfesta. På landsbasis er gjennomsnittsalderen i NM 60 år. Medlemstalet ved utgangen av 2018 er 128.

Spørjeundersøkinga 1-30. november: Undersøkinga vart send elektronisk som ei lenkje med e-post 1. november, med purring 20. Mållaget sende e-post til 95 medlemmar og av desse har 50 sett på undersøkinga, 25 tatt til og 23 fullført. 33 medlemmar har fått skjemaet i posten. Av desse 23 er 4 motteke på papir og så registrert inn i same system. To er levert under medlemsmøte og to sende i posten. Med 23 svar av 128 medlemmar er deltakinga på 18 %. Det er eit brukbart resultat, sjølv me kunne vona fleire deltok. Truleg har dei mest engasjerte tatt del. I gjennomsnitt har dei brukt 3 minutt og 22 sekund på å svara.

80 % vil vere med på mållagsmøte i 2019 og berre ein (4 %) svara nei. Dei 16 % som svara veit ikkje vil truleg sjå an program og tidspunkt. 13 % meinte 1-3 møte i året var nok. 39 % ynskte seg 4-6 møte, 43 % 7-9 og 4 % 10-12. Det var litt spreiing, men eg tolkar det slik at noverande frekvens med eit møte i månaden er bra. Det er òg uvisst korleis deltakarane har telt jolemøte og årsmøte. Når det gjeld aktivitetar og tema var dei mest populære dialektar (20), litteraturkveld (18), bokbad (16), lokalhistorie (13) og filosofi (11). Resten fekk 1-6 røyster, men det kan jamvel vere idear som kan kombinerast. Fokus på språk og litteratur var kanskje viktigaste konklusjon. Serveringa kan gjerast enklare. Finna noko som treff yngre. Kjende namn hjelper. Ein stad for gode samkome!

Sjå heile rapporten nedanfor:

(17.12.2018) Ronny Rognhaugen

Jolemøte tysdag 11. desember 2018

Tradisjonen tru vart det jolemøte i år òg. Etter påmeldingfristen var det 23 på lista, men denne gongen kom 6 ekstra slik at me vart 29. Dette var omvend av situasjonen i 2017 kor mange melde avbod i siste liten.

Etter velkomsthelsinga frå Solveig og Borghild held Sylfest sitt kåseri «Kva me ikkje veit om om advent og jol!». Det var lærerikt og underhaldande på same tid med fokus på namn, ord og uttrykk på ulike språk. Etter eit solid mentalt påfyll var det tide for meir jordnære verdiar. Pinnekjøtet med poteter og rotstappe smakte framifrå og det meste vart oppeten før det var litt plass att til kaffi og smågodt. Lasse Stray spelte piano til allsong ved bordet og under gang rundt joletreet etterpå. Fleire møtte nye kjenningar og dei fleste lærte noko nytt. Stor takk til komiteen med Solveig, Borghild, Cecilie og Ronny.

(17.12.2018) Ronny Rognhaugen

Yngve Kvistad gjesta mållaget tysdag 13. november 2018

Yngve Kvistad heldt føredraget "Nynorsk i media". Yngve har sidan 1990 vore tilsett i VG og var med på skipinga av Mediemållaget. Dei frammøtte fekk høyra han fortelje om historia attende til 1848 og ikkje minst situasjonen i dag etter at VG endra sin språkpolitikk i 2017.

Historia går attende til 1848 kor Ivar Aasen fekk sitt fyrste innlegg på landsmål på prent i Dagbladet. Deretter Dølen (1858-1870) til Aasmund Olavsson Vinje og Fedraheimen (1877-1891) til Arne Garborg. Dølen vart for einsidig og høgste opplag var dryge 600. Fedraheimen femna noko breiare, men vart jamvel for sært og etter kvart radikalt. Høgste opplag var på 1500. Den 17de Mai (1894-1935) er så langt det mest vellukka forsøket på ei landsdekkjande, nynorsk dagsavis. I 1911, då Den 17de Mai stod på sitt høgaste, viste offisielle tal at avisa hadde 13 729 abonnentar. Medrekna laussal hadde ho dermed eit opplag på rundt 15 000. Det var mindre enn Aftenposten og Morgenposten, om lag på nivå med Arbeiderbladet (Social-Demokraten) og Bergens Tidende, men større enn Dagbladet. Den 17de Mai var truleg også den norske avisa som hadde størst geografisk utbreiing. Då Den 17de Mai gjekk inn i 1935, vart Norsk Tidend grunnlagt som etterfølgjar. Norsk Tidend greidde ikkje å etablera seg som ei allmenn nyhendeavis, og er i dag medlemsblad for Noregs Mållag.

VG har lange og stolte nynorsktradisjonar etter krigen og fram til 1970-talet. På 1990-talet stilte VG på fylkesårsmøta for Mållaga og måtte ofte svara for den låge nynorskprosenten. Etter kvart brukte VG meir nynorsk der dei meinte det var naturleg. Det var mest opptil skribenten å avgjera språkforma. Jamvel vert mange lei av sur kritikk for språkbruken av konservative nynorskbrukarar. Gravalvoret øydelegg for den gode saka. VG har eit indre anarkistisk kollektiv i motsetnad til Aftenposten og Dagbladet som vil ha ein einsarta profil. Eit felles problem er kampen mot klokka og tidsfristar slik at ein ofte vel det enklaste. Språkrådet tok opp koplinga med pressetøtte for å hindra at nynorsk vart stengd ute av redaksjonane. Ironisk framstår Dagbladet i dag som den mest ihuga motstandaren av å sleppa til nynorsken.

Etter kvart viste det seg at angsten for at lesarane ville snu ryggen mot aviser som slapp til nynorsken var overdriven. I 2017 fekk sjefsredaktør Gard Steiro Målprisen på vegne av VG. VG har ikkje fått nokon klagar på at nynorsk offisielt er avkriminalisert. Aftenposten har òg kome etter. Spørsmålet er om det er ein symbolsiger med liten praktisk effekt.

Sidan 1850 har det vore 170 nynorske avviser. I dag finst det 50 kor dei aller flest er på vestlandet. Dag og Tid (11.221) har vorte eit alternativ til Morgenbladet (26.174). Brorparten av abonnentane er i Oslo og Akershus. Kanskje er ikkje språkforma avgjerande? Det har skjedd ei oppmjuking av språkpolitikken i dei fleste mediehusa og motvilja mot bruk av nynorsk i media har vorte mindre synleg. Påstanden om at nokon ikkje forstår nynorsk er grundig tilbakevist og mange tenkjer ikkje lenger kva språk som vert nytta. Nynorskbrukarar finst overalt, ikkje minst i byane og det vert vanskeleg skilja nynorsk og bokmål etter tema. Om lag 500.000 nordmenn krev sjølvmeldinga på nynorsk.

Diverre var det berre 12 som kom, men det var eit godt og lærerikt møte. Det var allsong før og etter føredraget, og under matøkt. Rundstykkja smakte framifrå og me vart sitjande båe lenge og vel.

Forfattaren har henta tilleggsopplysningar frå alkunne.no for å få eit betre historisk oversyn i fyrste avsnitt. Opplagstal er oppdatert med 2017 tal i nest siste avsnitt.

(14.11.2018) Ronny Rognhaugen

Aasmund Olavsson Vinje - korleis hadde han det eigentleg?

Tysdag 6. november heldt Ronny Rognhaugen, nestleiar i styret i Mållaget i Kristiansand, eit svært interessant og godt gjennomarbeidd føredrag om Aasmund Olavsson Vinje. (1818 - 1870).

Han opna med "Godt folk" slik Vinje på slutten av 1860-talet byrja sine føredrag. Dette var ei fin start, og me lærte mykje om Vinje, både om oppveksten og korleis vaksenlivet vart.

Ronny stor vekt på familien og tilhøva Vinje vaks opp under. Båe foreldra var fødde i Vinje, og Aasmund vaks opp på ein husmannsplass og måtte frå han var liten ta del i arbeidet på plassen. Faren betalte ein årleg sum for husværet, men hadde ikkje pliktarbeid på garden.

I heimen var det mange bøker som faren fekk låne av presten, og Aasmund begynte tidleg å interessere seg for å lesing.

Mora døydde då han berre var 10 år gammal, noko som merkte den kjenslevare guten heile livet. Faren gifte seg igjen, og halvbroren Olav, som tidleg fekk fast jobb, vart ei viktig støtte for han.

Fordi han utmerkte seg på skulen, meinte presten i Vinje han burde begynne på hjelpeseminaret i Kviteseid og verte omgangsskulelærar. Han treivst som lærar, og presten rådde han til å søkje på seminaret i Asker med halvveges lovnad om fast stilling som lærar og klokkar. Dette vart det ikkje noko av, og han søkte då lærarstilling i Mandal.

For å kome dit gjekk han på ski frå Vinje, ned Setesdalen til Kristiansand og vidare vestover mot Mandal. I Holum trefte han Søren Jaabæk og vart god ven med han. Jaabæk sytte for lån, så Vinje kunne ta artium på Heltbergs studentfabrikk. Men han fekk ikkje eksamenspapir etter det fyrste året, fordi han vart teken i fusk. Likevel vart det andre året eit interessant og givande år avdi han no kom i klasse med Ibsen og Bjørnsen.

Det vart jus-studium på han etter artium, og han arbeidde eit par år som sakførar. Medan han studerte, fekk han fast jobb i Drammens Tidende (1851-59) og tente rimeleg bra. I 1858 starta han Dølen, bladet der han ville bruke det norske språket, men det gav lita inntekt.

Sommaren 1860 tok han pause frå å skrive i Dølen, for han ville til Trondheim og vere med på kroninga av kongen. Han brukte to månader på ferda nordover og mellom ein og to på ferda heim. Det meste av tida gjekk han til fots, og han skildrar naturen og folk han møtte på ein levande og beintfram måte. Det er mest som ei dagbok med litt fakta og litt fantasi og meiningar som kjem tydeleg fram. Han er oppteken av korleis livet på gardane er og beundrar dei som er framsynte og har bøker i huset. Dessutan er han oppteken av dei fine jentene på stølane.

Inntrykka frå ferda gav han ut i bokform året etter: Ferdaminni. Dette diktverket er høgdepunktet i forfattarskapen hans. Fleire av dei mest kjende songane hans finn ein i Ferdaminni.

Vinje var svært ærleg i alt han skreiv. Etter ein artikkel i Dølen i 1868, der han kritiserte Stang, statsministren, måtte han gå på dagen frå stillinga i justisdepartementet.

Vinje trefte Rosa Constance Sophie Kjeldseth på eit lærarlagsstemne i 1868, og dei gifte seg året etter. Men livet enda tragisk for dei båe. Rosa fødde barnet deira, Olaf, våren 1870, men vart sjuk og døydde nokre dagar etter fødselen. Nokre månader etter døydde Vinje sjølv av ein kreftsvulst i magen. Han døydde i huset dei hadde fått låne på Gran i Hadeland. Det er her han er gravlagd.

Til slutt kom Ronny inn på samtida til Vinje og synte kor han stod når det gjaldt ulike spørsmål som var oppe i tida, t.d. om folkestyre, språk eller rasisme. Vinje hadde lita tru på demokrati og meinte røysteretten måtte vere for dei opplyste. Politiske parti var han heller ikkje for. Han var individualist og ville ikkje gå i flokk. Han meinte ikkje at det skulle vere fritt fram for jødar å kome til Noreg, men han han hadde fleire jødiske vener.

Han var nær ven med Ivar Aasen sjølv om dei var ulike. Aasen var smålåten og hadde ikkje høgare utdanning, medan Vinje var svært sjølvmedviten og hadde verkeleg gjort ei "klassereise" frå husmannsgut til juridisk embetseksamen!

Kven har spreidd arven frå Vinje vidare? Eit godt spørsmål frå Ronny, noko som får ein til å tenkje over kva Vinje har hatt å seie for forfattarar og journalistar fram til vår tid.

Me berre var berre sju frammøtte, og alle einige om at det var eit svært lærerikt føredrag. Litt å bite i var der sjølvsagt, og det meste av dei nydelege vaflane og heimelaga syltetøyet til Tobbi gjekk med.

(08.11.2018) Solveig Lima

Kulturkveld og haustseminar på Ose 19-20. oktober 2018

Tradisjonen tru var det samling for mållaga på Agder denne helga. Kulturkvelden fredag hadde omlag 50 deltakar og det vart eit variert innhald med Vinjesongar, Vinjeføredrag, stev, ølbrygging og slåttar på munnhorpe. Og sjølvsagt setesdalssuppe. Laurdag var det meir fagleg innhald med tjuge deltakarar. 

Astrid Carlsen synte kvifor Vinje sine songar er nokre av våre kjæraste songskattar, 200 år etter at tekstforfattaren vart fødd. Ronny Rognhaugen tok føre seg livssoga til Aasmund Olavsson Vinje og drøfta kvifor samtida og ettertida vurderte han så ulikt. Sigrid Bråten Berg song døme på ulike formar for stev knytt til Setesdalen. Torkjel Austad fortalde om kunsten å bryggja øl og oppstarten av ølbryggjeriet Bygland. Vidar Frøysnes spela munnhorpe mellom soger om slåttane og livet elles i dalen.

Laurdag var det samling i Storstoga frå 1650. Ferdaskrivar Borghild Løver tok opp kor viktig valnemdene er i lagsarbeidet. Dei må arbeida langsiktig for å få ei god samansetting av styret. Valprosessen må vera så open og ryddig som mogleg.

Torgeir Attestog fremja ein ide om skrivekurs for yngre forfattarspirer. Alternativt forfattarseminar på Agder.

Ingar Arnhøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag, held to innlegg på haustseminaret.

Digitale læremiddel

Læreplanen for grunnskulen var klar i 1969, men fyrst i 1974 var forskrifta for læremiddel klar. Det kan tyde på likesæle og ansvarsfråskriving. Resultatet er at skuleeigarar (kommunar) og til dels rektorar må ta jobben med å vurdera kvalitet og språk for læremiddel. Det hadde vore mykje meir effektivt om utdanningsdirektoratet hadde tatt ansvar for dette og hatt ei sentral godkjenningsordning. Då kunne skulane ha fokusert meir på å gje elevane ei fullgod opplæring i båe bokmål og nynorsk. Bokmålet er i dag totalt dominerande utanfor skulen og det er heilt legitimt for rektorar å framsnakka nynorsk overfor elevar og foreldre. I 1972 var det 32.000 i barnehage. I 2018 er 350.000. Difor er det viktig at alle møter nynorsk i bøker, songar og soger frå starten.

  1. Avklar stoda for digitale hjelpemiddel i din kommune
  2. Ver merksame på elevtilpassa materiell frå ideelle organisasjonar som DNT og Raude Krossen (stort sett berre bokmål)
  3. Del informasjon om bra nynorsk materiell

Argument for målreising i 2018:

  1. Det har aldri vore meir nynorsk i Noreg enn i dag.
  2. Nynorsk har aldri stått sterkare enn i dag; motstanden er svekkja.
  3. Det har aldri vore lettare å vera nynorskbrukar enn i dag.
  4. Det har aldri vore lettare å driva målarbeid enn i dag.

Målet er 14.000 medlem av Noregs Mållag i 2021. I dag er det i underkant av 13.000. Det er tenkjemåten, ikkje talemåten som kan endre tanken. Skriv nynorsk, tal sant! Men ver sjølvkritisk jfr. Karl Marx: Kritikk, kritikk og atter kritikk.

Er språk berre kommunikasjon? Kva med eit forbod mot norsk? Språk er kultur, ikkje natur. Jan Myrdal: Fødd og fanga inn i eit språk. Tilsvarande Toril Moi/Simone de Beauvoir: Fanga av kvinnebiologi. Tradisjonar kan endrast. Kven har rett?

Korleis tenkjer folk? Motkreftene. Er nynorsk berre vestlandsk? Språket er større enn ein sjølv. Mange rare ord i nynorsk? Kvel vanetenking. Berre ulikt bokmål? Er dei gamle argumenta gyldige? Drep bokmål dialektane? Ikkje nødvendigvis jfr. Hallingdal, Valdres, Land og Toten. Korleis berge dialektane? Sjå det som eit kollektivt tap. Finn ein fiende som ein kan samla seg mot.

(21.10.2018) Ronny Rognhaugen  

Ferda-Vinje konsert 9. oktober 2018

Magne Skjævesland gjesta Mållaget i Kristiansand 9. oktober. Han har tonesett nokre av tekstane i "Ferdaminni frå sumaren 1860". Songane var knytt i hop med sjølve reisa og litt om livssoga til Aasmund Olavsson Vinje. 

22 var møtt fram for å høyra på Magne Skjævesland. Båe foreldra hans hadde vore aktive i Mållaget i Kristiansand på 1970- og 1980-talet. No reiste han mykje omkring med ulike framsyningar med Vinje som tema. På 7 år hadde han hatt 425 slike samlingar.

På Vinje si tid var dette ei lang reise som starta med toget frå Kristiania 6. juni for å vera i Trondheim til kroninga av Karl 5 nøyaktig to månadar seinare. Han kommenterte likt og ulikt av folk og tankane fòr vidt omkring. Det var store menn, krigsminnesmerke, gilde hus, Østerdalen, fagre fjell, varkre sæterjenter, gamlemor, fest, vondskap og storveis riksglans. Dei som gjorde mest inntrykk på Vinje var Malene på 75 år som han lenge gjekk i lag med på turen. Og så var det drosi, denne utilnærmelege byfrøkna som han ofte møter mot slutten av turen. Seint i septermber var han attende i hovudstaden og kan ta opp arbeidet med Dølen.

Magne krydra framsyninga med innfall som dans og jamvel hallingkast. Han stod òg for litt allsong i samband med matøkta. Folk vart sitjande lenge og det tyda på at det vart mykje å snakka om etterpå. 

(11.10.2018) Ronny Rognhaugen 

Nynorsk i Roligheden gård barnehage 10. oktober 2018

Det er alltid gildt å kome til Roligheden gård barnehage. Svært positvt personale som set pris på at nokon kjem og vil lese nynorsk. Det er små grupper i alderen 3 - 5 år me les for. Konsentrasjonen varierer, og det er nok dei største som får mest med seg.

Som i mars i fjor, var me tre frå Mållaget som kom for å lese: Gyro Nesland, Sylfest Lomheim og underteikna. Denne gongen fekk dei ei heilt nyinnkjøpt biletbok som lærarane kan bruke i høgtlesinga si. Boka er ei teljebok, Hokus-Pokus 1-2-3, skrive og illustrert av den nordnorske forfattaren Sissel Horndal. Avtalen er å kome att i mars 2019, og det ser me fram til.

(10.10.2018) Solveig Lima

Lyrikkveld/spansk aftan i Mållaget 2. oktober 2018

Det var den spanske lyrikaren Frederico Garcia Lorca som var tema for omsetjar og gjendiktar Tove Bakke denne kvelden. 

Ho er svært engasjert i Lorcas liv og dikting, og utgangspunktet for føredraget hennar var LORCA: Dikt i utval "Grøn vil eg ha deg grøn" , gjendikta av Tove Bakke og Ragnar Hovland (2016). Lorca var fødd i liten landsby utanfor Granada i regionen Andalucia. Foreldra var jordeigarar og mora lærar, og han såg med stor glede tilbake på dei elleve åra her før dei flytte til Granada. Folkekulturen stod sterkt i området, både muntlege forteljingar og songar, og ikkje minst musikk og dans. Tove Bakke presiserte at han var ein diktar som heile livet hadde kontakt med barnet i seg, måten å tenkje og uttrykke seg på. Dei sterke inntrykka frå barndomen greidde han å formidle i dikta han skreiv, og han begynte tidleg å skrive. "Han var ein bildekunstnar med ord", som ho sa.

Men han var sterkt kritisk til det han skreiv, og dei fleste dikta kom ikkje ut før etter mange år, for det var alltid noko å endre på. Han likte best å framføre dikta munleg, enten han las dei opp eller song dei medan han spelte gitar. Han hadde eigentleg tenkt å bli musikar, og han lærte å komponere av ein god ven, musikaren Manuel de Falla. Saman arrangerte dei ein sigøynerkulturfestival i Granada for å ta vare på den andalusiske songtradisjonen. Faren forlangte at han skulle studere jus, og han begynte med studiet i 1919 i Madrid. Her hamna han i eit kunstnarmiljø, og dette vart viktig for Lorca som var open for alle nye impulsar, men samstundes oppteken av den gamle lyrikktradisjonen.

I dikta skreiv han mykje om døden og kjærleiken, og han såg alltid livet frå dei undertrykte og fattige si side. Å vere annleis og sårbar, kjente han sterkt på. Homofili på den tida i dagens Spania, var ikkje noko ein kunne vedkjenne seg. I 1929 reiste han til Amerika for å lære seg engelsk og opplevde då krakket i Wall Street. Han hadde ei voldsom forestillingsevne, og mange surrealistiske dikt vart laga i den tida. Etter New York drog han til Cuba, og her fann han seg godt til rette og skreiv mykje. Han var svært folkekjær, og svært mange kunne fleire av dikta hans utanåt.

Då borgarkrigen begynte i juli 1936, rådde venene i Madrid han frå å reise til Granada, men han ville til heimtraktene. Kanskje trudde han seg usårleg, for han skreiv ikkje politiske dikt. Men styresmaktene såg kor populær han var. Alltid tok han parti med dei svakast og var kritisk til den spanske sivilgarden. Ordren dei tre politimennene i Granada fekk om å hente han midt på natta og skyte han, var gitt av Franco sjølv.

Ein interessant kveld, men diverre var me berre fire til stades i tillegg til Tove Bakke. Ho hadde til slutt utlodding av tre bøker, m.a. "Grøn vil eg ha deg grøn". Denne boka kan verkeleg anbefalast. Den spanskinspirerte maten hadde Borghild Løver ordna, og me kunne kose oss med mat og kaffi medan me lytta til diktlesinga. Sidan me var så få, var det lett å kome med spørsmål, og det vart fin samtale kring bordet. Møtet vart halde i haustferien, og det dårlege frammøtet kan nok skuldast dette. 

(04.10.2018) Solveig Lima 

Studentmållaget med stand i vrimlehallen på UiA

Styret i Studentmållaget i Agder stilte torsdag 20. september med stand på UiA. Dei hadde laga ein flott plakat: Universitetet BRYT MÅLLOVA. Mange var innom, og elleve ville verte medlemer. Dei kunne tilby både kaker og litt å drikke, og med tre-fire imøtekomande ungdomar bak bordet, var det ein triveleg stand.

Dei hadde fått beskjed om å halde seg bak borda, altså ikkje vere aktive ute i hallen. Men Borghild frå Mållaget i Kristiansand gjekk rundt med spørsmålsarket deira og var ikkje redd for å ta kontakt.

Borghild og Vibeke tok ein tur opp i 5. etasje til eksamenskontoret for å få talet på kor mange studentar som hadde kryssa av for eksamen på nynorsk. Svaret kom berre etter eit par timar: 240. Sidan det er over 11 000 studentar, er det ein liten prosentdel. 

Sylfest, også frå Mållaget i Kristiansand, tok seg ein tur på personalkantina og snakka med folk og reklamerte for standen i vrimlehallen. SMiA hadde ei viktig markering her. Svært positivt med eit så aktivt og friskt styre, og me ynskjer dei lukke til med arbeidet i Studentmållaget!

(20.09.2018) Solveig Lima

Mållagsmøte med Andrea Maini 18. september 2018

Andrea Maini heldt eit svært interessant føredrag i Mållaget om "Kjempeviser frå Agder og Eldre Edda". Han tok føre seg balladen om Konning Tidrik. Denne balladen vart nedteikna i Bygland i 1861 av M.B. Landstad etter John Olson Langerak, Ådalen. Kven var eigentleg Konning Tidrik? Og kvar ligg Bern?

Dette fekk me godt svar på gjennom føredraget. Kong Tidrik var ein dyktig goterkonge frå folkevandringstida. Han erobra store delar av landa sør for Tyskland til og med Nord-Italia der han styrde frå 493 til 526. Bern har ingenting med Sveits å gjere, men er ei avleiing av namnet Verona, der romerane hadde bygd ei enorm festning. Verona ligg nokre mil nord for Ravenna.

Andrea Maini er født i Bologna, ikkje langt frå Ravenna, som var hovudstaden i det austgotiske riket, det landet der Tidrik etter kvart fekk makta. Maini har hovudfag i tysk språk og lingvistikk frå Universitetet i Bologna og skreiv hovudfagsavhandlinga si om tekstrelasjonar mellom den norrøne Didrikssoga av Bern, Hamdesmål/Eldre Edda og den nordtyske folketonen Didrik van dem Berne. Det var difor både underleg og inspirerande for han å sjå at dikt i Den Eldre Edda batt heimstaden hans i Italia saman med Agderfylka. Visene har vandra nordover gjennom Tyskland og Danmark frå Nord-Italia til Agder.

Kampen mellom Odovaker, fyrste kongen i Italia, og Tidrik har fest seg i folkeminnet. Odovaker vart drepen med list på forsoningsfesten i Ravenna i 493. Verona er ei svær festning, og det vart sungen om Didrik, men detaljar om dei verkelege hendingane endra seg etterkvart. Frå denne tida stammar også Sølvbibelen, omsett frå gresk til gotisk. Kanskje Teodorik den Store, det historiske namnet for Tidrik, var den som fekk Bibelen til Ravenna!

Andrea Maini sit inne med stor kunnskap om emnet, og han framførte føredraget på ein levande og fin måte. Tilhøyrarane var ikkje mange, berre 15-20, men aktive med spørsmål og kommentarar. 

(20.09.2018) Solveig Lima

Færøysk kulturkveld 4. september 2018

Temaet for denne litteratur/lyrikkvelden var Færøyane. Me starta som vanleg med eit føredrag. Gudlaug Nedrelid, professor i nordisk språvitenskap, gav oss god oversikt over færøyske forfattarar og språk. Glimt frå typisk færøysk mat fekk me også: Velkomendrikk med rabarbrasaft og seinare spekemat, flatbrød, rømme og til sist desserten "Tilslørte rabarbrapiker". Kvelden vart avslutta med kort og instruktiv innføring i Færøydans, leia av Borghild Løver.

Denne gongen vart det plassert småbord i øvre del av salen medan Gudlaug Nedrelid heldt føredraget. Ho fortalde om færøysk språk, noko midt imellom islandsk og norsk, men dansk var opplæringsspråket i skulen heilt til i 1950-åra. William Heinesen, den kjente færøyske forfattaren som vart født i Torshavn i 1900, skreiv difor på dansk.

V.U. Hammershaimb laga midt på 1800-talet ei ny, færøysk rettskriving som kunne brukast i religionsundervisninga. Han la skriftspråket sterkt opp til det norrøne utgangspunktet, og det er arbeidet hans som er grunnlaget for færøysk skriftspråk. Janus Djurhuus (1881 - 1948) er den fyrste moderne forfattaren på Færøyane og den mest respekterte, medan den to år yngre bror hans, Hanus, er den mest folkekjære.

Færøyane har mange lyrikarar, og på møtet var det svært bra å få utdelt nokre færøyske dikt med norsk omsetjing. Der ser ein kor like fleire av dei færøyske og norske orda er. Gudlaug trekte særleg fram Christian Matras' dikt Vidoy frå samlinga Heimur og heima (1933). Dikta i denne samlinga skildrar det færøyske landskapet og spesielt naturen på Vidoy.

Fleire kom med spørsmål og kommentarar før maten vart sett fram, og Gudlaug gav gode og utfyllande svar. Frammøtet var ganske bra, bortimot 30 menneske, og praten gjekk livleg rundt borda under matøkta. Fin avslutning på kvelden med færøydans (to steg til venstre, eitt til høgre - tungt fallande)!

(07.09.2018) Solveig Lima 

Utlysing av journaliststipend 2018-2019

Mållaget i Kristiansand tilbyr stipend til journaliststudentar som ynskjer å nytte nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet. Stipendiaten kan få opp til kr 10.000,- per studieår i inntil tre år. I tillegg får han/ho tilbod om eit praksisopphald med rettleiing i Nynorsk Pressekontor (NPK). NPK sit samlokalisert med NTB i Oslo. Nærare informasjon får du ved å ta kontakt med Mållaget v/Tobbi Kvaale tlf. 95 17 00 07 eller Solveig Lima tlf. 95 87 99 05. Søknadsfrist er 10. oktober

(29.08.2018) Solveig Lima 

UiA bryt mållova

UiA har lenge brukt alt for lite nynorsk. Det alvorlege er at dei heller ikkje har synt forståing for dei krav mållova sett for statlege institusjonar. Deira siste utspel tyder derimot på at leiinga ved UiA aktivt motarbeidar nynorsk som eit jamstilt språk. Det har ført til ordskifte i Forskerforum og Fædrelandsvennen. Språkrådet har bede om ein tiltaksplan frå UiA innan 1. juli 2018. 

Resultatet for nynorskbruken ved UiA i 2017 står til stryk (F). På nettsidene er det 4,3 % nynorsk på www.uia.no og 0,9 % på www.kompetansetorget.uia.no. Av korte tekster på 1-10 sider finst ingen på nynorsk, men for tekster over 10 sider er det 5,5 %. På sosiale medium er 1,2 % på nynorsk. Berre 2 av 131 skjema finst på nynorsk i tillegg til bokmål. Alle målingar er milelangt unna kravet om 25 %.

Langt meir alvorleg enn dårlege målingar er det at leiinga ved UiA aktivt motarbeidar mållova. Me vonar det ikkje er ein offisielle politikk, men heller eit utslag av fåkunne. Uansett rart at dei ikkje har rådførd sitt eige nordiske institutt som sitt på fagkunnskapen. UiA ligg dessutan langt bak UiB og UiO når det gjeld bruk av nynorsk, og det ser ikkje ut som det har gått utover det faglege nivået deira. Snarare det motsette. Så kan ein spekulere i kva andre utslag diskriminering av nynorsk har førd til ved UiA.

Sylfest Lomheim vert intervjua om saka Fædrelandsvennen fredag 22. juni.

(20.06.2018) Ronny Rognhaugen 

Kyrkjekaffi etter nynorsk gudsteneste sundag 3. juni 2018

Den nynorske gudstenesta som har vore tradisjon sidan 2010. I år var det professor og salmediktar Arve Brunvoll som heldt preika. Brunvoll var glad for å ha vorte invitert til Kristiansand for å halde preika på nynorsk. Det er eit bra innslag denne eine gongen i året med gudsteneste på nynorsk i eit bokmålsområde som Kristiansand er.

Strålande ver med litt over 30 varmegrader gjorde at mange tykte det var godt å kome inn i ein kjøligare sal etter nokre minutt på varm asfalt. Litt over 50 personar kom inn til ein koseleg pynta Mållagssal for å smake på dei gode heimelaga kakene.

Arve Brunvoll har skrive 51 av salmane i Salmeboka, så han er eit kjent namn for dei som deltek i gudstenester. I 1972 vart han med i liturgikommisjonen. Sidan det var lite nynorske salmar å velje mellom og vanskeleg å få etablerte diktarar til å skrive, sette han i gong sjølv. Frå 1975 til 1979 gjorde han ein stor innsats ved å omsetje salmar, og han dikta også nokre sjølv.

Samarbeidet med domkyrkja ved Aud Sunde Smemo og Mållaget ved Leiv Storesletten har vore svært bra. Tradisjonen med kyrkjekaffi har vist seg å vere eit populært tiltak både for mållagsmedlemer og kyrkjegjengarar.

(04.06.2018) Solveig Lima

Avslutting for lyrikkgruppa i Mållaget 22. mai 2018

Etter at Maria Viken i 20 år har hatt ansvar for lyrikken i Mållaget, vart det sett punktum for desse samlingane. Maria fekk i kaffipausen ein velfortent blomebukett for alle desse åra med ansvar for lyrikken.

Det er få att av dei som var med 1998 då lyrikkgruppa starta opp, og det er eit tiltak mange har sett pris på. Interesserte har trufast møtt opp på samlingane ein tysdag i månaden, og nokre har også vorte medlemer i Mållaget. Til denne siste kvelden stilte Maria med heimelaga blautkake, og dei frammøtte hadde gjerne sett at dette ikkje vart det siste møtet. Dei fekk difor lovnad om å bli inviterte heim til Maria til hausten.

Maria er vestlending, oppvaksen med nynorsk, og ho har alltid likt dikt. Her i Kristiansand har ho har hatt fleire Jakob Sande-kveldar, og ho har også i dei siste åra vore fast ein gong i veka på aldersheimen på Kringsjå for å lese nynorsk, både dikt og prosa.

I Mållaget har ho vorte mykje brukt og aldri sagt nei til å lese på årsmøta. Lange dikt av t.d. Aslaug Låstad Lygre og Jakob Sande framfører ho utanåt på ein svært levande måte. Ho er glad i Mållaget, og me vil nok framleis få gleda av å høyre henne lese.

(04.06.2018) Solveig Lima 

Generalforsamling i Gyldenløvesgt 11 Eigedom AS 23. mai 2018

Det er styra i Mållaget og Bondeungdomslaget som utgjer generalforsamlinga. Innkalling med årsmelding, rekneskap, framlegg til styremedlemer for 2018 og til styrehonorar for 2017 vart sendt ut 14 dagar i førevegen.

Styret i G 11 er samansett av fire personar, to frå kvart lag. Frå Mållaget er det Dag Olav Hagen og Jan Petter Horn, nestleiar. Frå BUL er det Ole Steffen Gusdal, leiar sidan 2015 og Kari Mysen. Varafolk er Borghild Løver frå Mållaget og Oddmund Loland frå BUL.

Generalforsamlinga vart opna ved at leiaren i BUL, Reidun Loland, ynskte velkomen. Ho føreslo val av møteleiar og skrivar: Leiv Storesletten og Tobbi Kvaale. Båe er mållagsmedlemer. Dessutan var det val av ein frå kvart lag til å underskrive protokollen: Embret Nesset, BUL, og Dag Olav Hagen, Mållaget.

Ei fyldig og oversiktleg årsmelding vart lagt fram av Ole Steffen. Jan Petter Horn, nestleiar og ansvarleg for økonomien, la fram rekneskapen. Det er store verdiar laga eig til saman, og årsresultatet 2017 syner 580 350 kr. Verdien av bygningen er på over 12 mill.

Ordstyraren, som sjølv var med på å stifte aksjeselskapet, peika på kor bra det er at det ikkje er laga lenger gjennom Sameiget som er ansvarlege for drifta med vedlikehald og utleige. Aksjeselskapet vart danna for å at laga framleis skulle ha økonomi til å halde fram lagsdrifta og samarbeidet mellom Mållaget og BUL har gått svært bra.

(28.05.2018) Solveig Lima 

Kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland 17. mai 2018

Tobbi Kvaale frå styret i Mållaget heldt dette året tale og la ned krans ved bysta til Jørgen Løvland. Sidan ho kjem frå Setesdalen, var det både naturleg og stileg at ho bar Setesdalsbunad og snakka setesdalsdialekt.

Gratulerer med dagen !

Me står no med minnesmerke for landet sin fyrste utanriksminister ved unionsoppløysinga i 1905 - som det står i 17. mai programmet i år. Me skal i dag minnast og ære Jørgen Løvland. Jørgen Løvland var født i Evje i Setesdal i 1848 på garden Lauvland og døde 21. august 1922 i Kristiania ( Oslo)

Alt som ung gut fanga han opp ordi « les og vex» frå avisa Dølen. Han las- han lærte og han vaks Me skjøner at han vart ein viktig mann for Noreg når me står her med den 3. bysta Jørgen Løvland fekk i 1957. Byste i Oslo og på Evje statue av han.

I 1866 fekk han lærarjobb i Kristiansand bare 18 år gamal. Og i denne tida fekk han eit høgt sosialt engasjement då han fekk innsyn i mykje fattigdom. Han var ein aktiv person i byen å vart redaktør for avisa Christiansands Stiftsavis . Mellom anna avduka han statuen av Henrik Wergeland her i parken 17. mai 1884.

Han var sentral i etablering av den fyrste lærarinneskulen ( merk namn) i landet her i Kristiansand, etablering av Amtskulane både i Nedenes og på Bygland, Setesdalsbanen og jernbanesambandet mellom Kristiania og Kristiansand - for å nemne noko .

Saman med familien flytte han til Christiania 1897 der dei budde sidan.

I 1884 vart parlamentarismen innførd i Stortinget og i 1886 vart Løvland innvald på Stortinget for Venstre. Han var stortingsmann i tre perioder, odelstingspresident, arbeidsminister, sentral under unionsoppløysinga i 1905 og Noreg sin seiste statsminister i Stockholm, Noreg sin fyrste utanriksminister 1905-1908 og han var stortingspresident under hundreårsmarkeringa for Grunnlova i 1914.

Løvland hadde store visjonar for politikken sin . Han kjempa mellom anna for jamstilling mellom by og land og at heile landet skulle takast i bruk. Løvland var opptatt av målsaka og vart vald til leiar i Noregs Mållag i 1909. Då han kom inn på stortinget i 1913 brukte han nynorsk i tale og skrifts språk. Som kyrkjer- og undervisningsminister i Gunnar Knutssen si regjering i 1915-20 fekk han gjennom landsmålsklassar ( sidemålsklassar) .

Han var også medlem av Nobelkomiteen i 25 år . Han var faktisk leiar i 21 av desse åra. Han var ein av Noregs fremste politikar i nærare 35 år. Han jobba for norsk politisk og kulturell sjølvstende.

(17.05.2018) Solveig Lima

Hornnes Landsgymnas feirar 100 år 1918-2018

Ein viktig lære- og kulturinstitusjon på Agder fyller 100 år og er verd ei markering. Ikkje minst for si viktige rolle rolle i målrørsla. I dag er nynorskprosenten for elevane falt til 30 %. Fylg desse lenkene for meir informasjon. Lukke til med feiringa!

https://www.hornnes100.no/

https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/vm1Em4/Mykje-kan-skje-her-i-verda-nar-berre-ein-stakkar-kjem-ut

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Hornnes_landsgymnas

(09.05.2018) Ronny Rognhaugen

Martin Skjekkeland: «Ei dialektreise frå Søgne til Valle», 24. april 2018

Sylfest Lomheim innleia møtet framfor ein fullsett sal. Mykje ungdom var komen. BUL koret tok til med tre songar: «Lerka» av Per Sivle, «Kråkevisa» folkevise nedskriven av Hulda Garborg og «Mitt hjerte er ditt» svensk vise omsett av Alf Prøysen. Alle tilrettelagd for kor av Andrea Maini.

Så var det språkforskaren Skjekkeland sin tur med ei reise gjennom dialektlandet Noreg frå kyst til innland. Årsaka til at det finst dialektar er mange. Hovudårsaka er at folk som heng saman i liv og arbeid samordnar språket sitt. Ferdsle over fjordar batt i hop, medan fjell og vidde skil folk. Byklestigen fekk ikkje farbar veg før i 1879. Det vart så grunnlag for einingar som kyrkjesokn, skulekrinsar og kommunar. Langfjella og Hardangervidda er viktig for å forstå skilnaden mellom Austnorsk og Vestnorsk. Fjellbygder i Hallingdal og Valdres har nokre spor frå Vestnorsk. Kystfolk kommuniserte mest langs kysten og jamvel med utlandet. Hollendartida 1550-1770 var eit kystfenomen frå Egersund til Risør. Når dialektar møtest vert språket enklare. Ivar Aasen vart oppglødd då han fann spor av gamalnorsk i Setesdalen. Me fekk høyra eit taleopptak av ein valldøl frå 1955, som truleg ikkje var så ulikt det Aasen høyrde over 100 år tidlegare. Sirdal er prega av Rogaland og Åseral av Setesdal pga. eldre grenser enn noverande fylke.

Kvifor er dialekt så akseptert i Noreg? Landet vart sjølvstendig utan eige språk i 1814. I 1878 vart det lokale talemålet norma for uttale i skulen. Danmark og Sverige hadde derimot eit normert riksspråk. Årsaka er truleg at Oslo aldri vart så dominerande som København og Stockholm. Det er mange dialektgrenser og ingen stader i Noreg er det så store skilje som på Agder. Lokale særmerke som t.d. blaude konsonantar kan overdrivast for å markera avstand (Eiken/Hægebostad). Kvarsteinbrua skil Vennesla frå Kristiansand, og motvilje mot bymålet kan forklarast av handelsmonopolet byborgarane fekk i 1641. Skilje mellom høg/låg avslutting på setningar går i Høvåg; tonelagsgrensa.

Dialektar vert overlevert frå generasjon til generasjon, men noko forsvinn eller endrar seg i læringa. Foreldre og besteforeldre er ikkje lenger så viktige språklege førebilete. Sosiale grupper vert viktigare. Dialektendringar spreiar seg som ringjer i vatnet t.d. skarre R. Det er eit aukande problem med engelske ord som ikkje vert omsette eller omskrive. Hovudtrekka i dialektar lever vidare så lenge dei fungerer som kommunikasjonsmiddel. Truleg var det vanskelegare å forstå kvarandre på Ivar Asen si tid eller på Eidsvold i 1814. Derimot går tilvenning raskt så lenge ein vil forstå kvarandre.

(25.04.2018) Ronny Rognhaugen 

Ferdaminne frå Landsmøtet i Noregs Mållag 12-15. april 2018 

Solveig, Tobbi og Ronny var utsendingane frå Kristiansand som saman med to frå Søgne køyrde frå Kristiansand torsdag kl. 14. På vegen stoppa me i Åraksbø og åt sveler. So bar det oppetter Setesdalen før me tok av til Bjørnevatn ved Rotmo. Siste biten var båe bratt og svingut ned til Dalen og likeins opp til Åmot, før siste etappe til Rauland Høgfjellshotell. Masse sno langs vegen, men vegane var bare og elles berre merka av ekte telehiv. Klokka var 19 då me kom fram og fekk tildelt rom. Suppe til kveldsmat før ein kvass Kviss 2030. Spørsmåla var med få unnatak høgkulturelle innafor musikk og litteratur, gjerne i kombinasjon. Litt geografi opna for andre interesser, men det var heller ikkje enkelt. Bussen frå Oslo kom seinare enn planlagd og dei kjønnsdelte formøta tok til nærmare 23. Tema var høveleg framferd og oppmoding om å uttrykkja seg kort og sakleg. So var det berre å koma seg i seng sidan bussane gjekk kl. 08 neste morgon.

For min del sov eg ikkje so godt og mange andre kunne melde om det same. Kanskje var det fjøllufta som var uvant for oss frå kysten? Frukost og klargjering gjekk greitt før bussturen til Åmot på ein halv time. Åstaden for sjølve Landsmøtet var Vinjehuset, eigentleg ein idrottshall som òg kunne nyttast til andre oppgåver. Ute var det vindstille og sol, medan inne var det svalt og trongt. Kl. 9 vart det offisiell opning med helsingar frå lokale hovdingar og innimellom song Sondre Brattland. Nynorsk barnelitteraturpris for 2017 vart delt ut til Maria Parr for «Keeperen og havet». Hennar fyrste bok var «Vaffelhjarte» frå 2005. Magne Aasbrenn held leiartalen og minna om at det 100. årsmøtet sidan 1906 var det største på 30 år. Telemark er på mange vis typisk for Noreg. 17 % tek til med nynorsk i grunnskulen, 9 % fullførar ungdomskulen med nynorsk og 6 % fullførar vidaregåande med nynorsk. Målbyte er eit stort og veksande problem. Odda-modellen med parallelle nynorsk- og bokmålklassar ut ungdomsskulen kan bøte på dette. Ny mållov er venta i denne stortingsperioden og ufallet vert viktig for målrørsla.

Etter pause vart det føredrag med Olav Vesaas om Aasmund Olavsson Vinje og nynorsk journalistikk. Slutten på pausane vart ofte markert med allsong som Borghild eller andre frå ordstyrarbordet leia. Då kom alle snøgt på plass. Neste talar var politisk bladstyrar i Bergens Tidene (BT) Frøy Gulbrandsen. Nynorsk har vorte ein naturleg og viktig del av BT, men det skjer utan kvotering. Dei beste får jobben, men ofte skriv dei beste nynorsk. Jamvel er det viktig å ta kampen for at alle aviser skal opne for nynorsk. Kristian Rantala fortalde om planane for det nye Vinje-senteret, like ved Plassen der Vinje vaks opp. Til nonsmat fekk me karbonadar med nok energi til ettermiddagsøkta. Då var økonomi fyrste tema og Marit og Solveig la fram korleis mållaga på Agder finansierar vår reiseskrivar. Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner held hovudtale litt før kl. 18. Han sa kor viktig Noregs Mållag er for det norske språk og viste forståing for problemet med tilgang på nynorske læremiddel. Elles var han rund i vendingane og kom ikkje med nokon lovnader. Jamvel syntes eg det var det ein god tale. So var det i buss attende til hotellet og ein liten halvtime fri før middag. Det var sjølvplukk av poteter, ris og grønfôr attåt varmt og kaldt frå fe, fisk og fugl. Til slutt var det eit stort utval av kaker og anna godt. Kulturskulen i Vinje synte fram sin vokster og det vart stev med tri unge jenter og eigen song med ei litt eldre. Høgdepunktet vart Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad som song og spelte seg gjennom livssoga til den tredje Aasmund som feira 200 år. Ekstranummer vart sjølvsagt «Blåmann, Blåmann bukken min» som er kommunesongen i Vinje. For dei som ikkje hadde fått nok av drikke, mat og song fanst det alternativ, men dei fleste kraup snøgt til sengs.

Laurdag morgon vakna me til nok ein strålande dag med 5 kuldegradar som ikkje kjendest kalde. Klokka 9 var me klare for nye økter. Jens Kihl la fram utkastet til arbeidsprogram 2018-2022 før det vart ordskifte i grupper og i plenum. Mange teikna seg til innlegg og taletida vart satt ned til 1 ½ minutt. Det vart oppmoda til kortare yvigongar mellom innlegga og å unngå handfanging etter innlegga for å spara tid. Eg argumenterte for å ta burt referansane til samerørsla. Det vart ikkje høve til ordskifte om sakene, berre nokre få replikkar. Innlegga var ikkje sortert på noko vis etter tema, eller om det handla om ordlyd eller meir prinsipielle spørsmål. Deretter ei ny økt med fråsegner, berre avbroten av nonsmat. Tobbi la fram ei ny fråsegn med yviskrifta «Staten bryt mållåva» og peika på at Helsedirektoratet, Helsenorge.no og helseføretaka berre nyttar bokmål.

Olav Vesaas fortalde so litt om foreldra sine, deira oppvekst, korleis dei møttest og levde på Midtbø. Klokka 16 delte me oss på fire bussar for rundtur til Midtbø, Plassen og Raulandsakademiet før me var attende på hotellet. Olav Vesaas viste oss rundt på Midtbø som var ganske uendra frå då Tarjei og Halldis levde. På Plassen tok Aasmund Nordstoga i mot oss og fortalde om folk og hus. Og sjølvsagt song han ein stubb. Då me kom attende til hotellet hadde me ein heil time til å stella oss og finna fram finstasen. Halv ni var alle på plass til festmiddag og denne gongen var det servering ved borda. Forretten var omnsbaka pære med geitost og fransk saus. Det var godt, men lite. Hovudretten var kalvesteik på rosenkålmos med flesk og grilla tomat. Då var den verste svolten stogga og det var tid for creme brûlèe med brunost. Det smakte godt med brunost på toppen, men uvissa om det var geitost eller mysost breia seg utyvi langborda. Drikke var etter eige ynskje og for eiga rekning. Det siste jfr. nye retningsliner. Nokon av oss hadde fått smaken på eit lokalt øl med ein rundare fruktsmak (IPA) og nytta høvet opptil fleire gongar. Med servering til so mange og ulike prisutdelingar og innslag tok det si tid. Mellom anna fekk Olaug Nilssen Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale». Kvelden vart avslutta musikalsk med drosi frå Seljord, med fylgje på gitar og piano. Diverre fekk ikkje med meg namnet. Det var allereie midnatt og dei fleste syntest det fekk vere nok, sjølv om me kunne sove 15 minutt lenger dagen etterpå.

Sundagen starta som dei andre med frukost frå litt yvi 7. Mindre kø enn vanleg tyda på at nokon må ha sovi godt. Praten gjekk om korleis me skulle få dratt i hop alle sakene på ein kort dag. For siste gong kunne me nyta det storfelte utsynet mot Hardangervidda og eg tenkte "når ser eg atter slike fagre fjell?". Me pakka oss ut av hotellet og køyrde bilen til Åmot. Programmet tok til 0915 og var delt i tre ulike seminar. Tobbi fylgde nynorsk journalistikk med Øystein Skjæveland, Solveig fylgde den digitale skulen med Marit Aakre Tennø og Kjartan Helleve. Eg høyrde på Jon Todal som fortalde om lærdommane frå samerørsla. Han meinte at jamstellingspolitikken fungerte bra dei fyrste 70 åra når nynorsk var i vekst, men tilsvarande dårleg dei siste 70 åra med tilbakegang. Han konkluderte med at einspråklege strategiar som nynorsk eller samnorsk ikkje lenger var ein farbar veg og at framtida var fleirspråkleg. Diverre vart det ikkje høve til ordskifte og han sa ingenting om korleis nynorsk kunne oppnå same juridiske vern som samisk utan ILO konvensjonen.

Gjennomgang og vedtak av arbeidsprogrammet var neste punkt. Skrivarstova delte ut eit hefte med 125 endringspunkt på 64 sider til arbeidsprogrammet på 17 sider eller 839 liner. Det opphavlege arbeidsprogrammet hadde sju dissensar, alle frå Målungdommen ved Fredrik Hope. Grunngjevinga for endringsynskja var ikkje tilgjengeleg og meir prinsipielle endringar som omhandla fleire punkt vart lausrivne. Møtenemnda tilrådde samrøystes nær 60 av framlegga, av og til med nokre mindre endringar. 61 framlegg var tilrådd avvist og av desse berre 5 som ikkje var samrøystes i nemnda. Nemnda grunngav ikkje sine avgjerder skriftleg, sjølv om Kihl kommenterte nokre saker i si innleiing. Berre 1 av 125 framlegg gjekk i mot tilrådinga frå nemnda. Mine endringsframlegg om koplinga til samerørsla vart avvist, men ein setning om positiv diskrimering av nynorsk vart innarbeidd. Mange saker vart klubba igjennom utan at nokon rakk å reagera, i bestefall var det 10-30 på eit bord som var samkøyrd. Dei fleste hadde nokre hjartesaker som dei fylgde med på, men var elles passive. Resultatet tyda på at det var lite påverkingsverksemd utyvi eige fylkeslag. Målungdomen var samkøyrde, men truleg meir styrt av intern lojalitet enn av ein overordna strategi. Gjennomføringa minna mest om ein splitt og hersk teknikk slik Kihl som ein spøk uttalte seg dagen før. Det var sikkert ikkje meininga, men det vart uansett utfallet.

Den viktige saka om normering av nynorsk som Arvid Langeland frå Ullensvang hadde tatt til orde for fekk berre 34 røyster. Etter mitt syn hadde fleire argumentert godt for at trass i politisk vinning og mindre synleg motstand mot nynorsk so smuldrar sjølve språket burt. At saka jamvel fekk få røyster var skræmande og tyder på at sjølv om samnorsken offisielt er daud, so lever han i beste velgåande i målrørsla. Framlegg frå Hordaland og Rogaland om økonomisk støtte til regionale reiseskrivarar fekk meir støtte, men langtfrå nok. Pga. tidspress måtte valet av nytt styre framskundast. Magne Aasbrenn og Jens Kihl fekk attval som leiar og nestleiar utan motkandidatar. Det same var tilfellet for resten av innstillinga frå valnemnda. To gjekk ut av styret og vart erstatta av to nye. Handfanginga fekk nesten eit Stalinistisk preg og brått var det ikkje so farleg med tidsbruken. Då det var tid for fråsegner hadde ein del allereie reist og resten var ganske slitne. 65 framlegg var vurdert av redaksjonsnemnda som fekk gjennom alle sin tilrådingar; 22 avvist, 21 vedteke, 9 ikkje vurdert og 3 redaksjonelle endringar. Dirigentbordet kom dårleg i gang med gjennomføringa og fleire saker måtte røystast om. Etter eit par mannskapsbyte gjekk det greiare. Tobbi sitt framlegg vart teken vidare av Studentmållaget i Bergen og vedteke som fråsegn 11. Då var det heile yvi og gjestane kom seg ut i friluft og fann skyss heimyvi om lag 1530. Me køyrde same vegen me kom og like før 19 var me trygt heime i Kristiansand og våren. Alle var samde om at det hadde vore ei stri helg og for eigen del står ikkje eit nytt Landsmøte på ynskjelista mi. Men mykje kan jo endre seg på to år?

Konklusjon:

God førebuing sikrar god gjennomføring. Tidsfrist for innsending av framlegg bør setjast til 3-4 veker før årsmøtet. Det gjer at sakene vert strukturert i god tid før landsmøtet. Fristen var eigentleg 20. februar, men det kom inn nye saker heilt opp til tidsfristane laurdag under landsmøtet. Det burde berre vere rom for retting av openberre feil under landsmøtet. Når det gjeld ordlyd for alle tekstar bør det avgjerast i nemndene. Om nemnda avviser framlegget kan dei som stod bak få høve til å leggja fram si sak i møte med nemnda under Landsmøtet.

Demokrati krev tid. Handsaminga av arbeidsprogram, framlegg og fråsegner var alt for dårleg. Dei tre dokumenta heng nært i hop og bør ikkje omhandlast uavhengig av kvarandre. Arbeidsprogrammet burde har vore fyrsteprioritet sidan det er grunnlaget som ein skal styre etter i dei neste fire åra. Framlegg kan vere so ymist og fråsegner bør vere handfaste tiltak knytt til arbeidsprogrammet. Deretter må ein skilje mellom prinsipielle saker og ordlyd. Berre dei fyrste drøftast i plenum. Under avrøysting teljast støtte for/mot og dokumenterast. So røystast det om ei og ei fråsegn skal vere med. Nemndene avgjer ordlyden.

For lite tvisyn. Nemndene var ofte samrøystes i sine tilrådingar. Det kan tyde på båe tidspress og feil samansetting. Uansett gjennomføringsmodell har nemndene stor makt, og det er difor viktig at dei femnar breitt for å få med seg fleire syn. Nemndene bør setjast saman regionalt og ikkje utpeikast av styret. Med uavhengige nemnder vert makta delt jamnare mellom dei, styret og Landsmøtet.

Skrivet er inspirert av Aasmund Olavsson Vinje i form og ord.

(20.04.2018) Ronny Rognhaugen 

Møte på Mimrebu fredag 6. april 2018

Mållaga på Agder hadde samling på Mimrebu fredag 6. april 2018. Nærare 15 møtte, dei fleste utsendingar til Landsmøtet i Noregs Mållag (NM) neste helg. Der er det påmeld 20 frå Agder. Det heile tok til med ei solid matøkt, kor italiensk ost laga av sauemjølk var høgdepunktet. Attåt var det eit stort utval av brød, frukt og grønsakar. Stor takk til Borghild for gjennomføringa!

Fyrste sak var organisering av skyss til Rauland. Deretter gjekk me gjennom sakslista og drøfta nokre punkt. Fleire meinte at kjønnsdelte formøte var ein overreaksjon frå NM styret, som heller ikkje hadde grunngjeve årsaka i sakspapira. Det var truleg #EgOg saka, men det er meir uvisst kor aktuell denne problemstillinga er i NM. Uansett var dei fleste tvilande til at kjønsdeling var rette løysing, og at dette var eit meir høveleg tiltak for ungdomsorganisasjonar. Når det gjeld økonomisakar er det eit framlegg frå Hordland om eigen reiseskrivar. I den samanheng kan Agder kome med eit innlegg om korleis dette er løyst med sjølvfinansiering. Føresetnaden er at det finst lag med liknande økonomi som Kristiansand.

So var me over på arbeidsprogrammet 2018-2022. Her var det særleg to sakar som vart drøfta. Det fyrste knytt til line 147-148 om mållova i statlege verksemder. Her kjem det fram at nynorsk mest ikkje finst i skriv og tenester frå HelseNorge, HELFO, Helsedirektoratet eller Helseforetaket Sør-Aust. Her treng me handfaste prov som døme på stoda. Andre saka var knytt til samarbeid med samerørsla og andre minoritetsspråk i Noreg. Fleire tok til orde for at det er farleg å gje opp jamstellinga, for deretter å krevja særrettar som minoritet. Til samanlikning er det nokre få tusen som kan flytande samisk, medan minst ein halv million skriv nynorsk. Dessutan er det eit heilt anna slektskap mellom dei norske språka nynorsk og bokmål, enn mellom norsk og ulike minoritetsspråk. Uansett syn på denne saka var det stor semje om at målrørsla i større grad må krevje positiv diskriminering i favør av nynorsk. Bokmålet har vorte så dominerande at nynorsk treng eit varig vern båe i kjerneområda, randsonene og ikkje minst i byområda.

Som vanleg har det kome inn framlegg som årsmøtet skal ta stilling til. Ei sak som har vore opp tidlegare er normeringa av nynorsk. Ullensvang Mållag oppmodar landsmøtet til å gjera ordlista til Arvid Langeland til offisiell nynorsknorm. Det viste seg ganske raskt at dei fleste frammøtte støtta synet om at ein måtte gå attende til ei meir konservativ språknorm som tek med seg dei særskilde markørane som skil nynorsk frå bokmål. Røynde landsmøtedeltakar gjorde oss merksame om at styret i NM vil freiste å avvisa saka så fort som råd. Det er difor viktig at dei som støtter saka er godt førebudd med båe innlegg og støttespelarar. Skal nynorsken overleve som eit levande språk må me ein gong for alle gravleggja samnorsken!

(09.04.2018) Ronny Rognhaugen  

Opplesing i Roligheden gård barnehage 21. mars 2018

Onsdag 21. mars møtte Gyro Nesland, Sylfest Lomheim og Solveig Lima opp i Roligheden gård barnehage for å lese nynorske biletbøker.

Gruppene me las for, var i alderen 4-5 år. Etter tur kom dei inn på leseromet der dei var møtt med fleire biletbøker og opplesing. Det var aktive og interesserte born, og dei såg ut til å gle seg over bøkene. Dei fekk m.a. høyre om Bella Bloksberg, Bella i barnehagen, Jakob og Neikob og Frosken som er lei seg.

Personnalet i barnehagen er svært positive til at borna får høyre nynorsk og vil gjerne ha besøk frå Mållaget. Me var der i to gonger i 2017 og vart ynskt velkomen tilbake til hausten. Det vil me sjølvsagt fylgje opp. Barnehagen har tidlegare fått fleire biletbøker frå Mållaget, noko dei har sett pris på.

(07.04.2018) Solveig Lima

Eskil Skjeldal gjesta Mållaget 20. mars 2018

Forfattar og tidlegare prest Eskil Skjeldal gjesta oss og møtet tok utgangspunkt i boka "Eg slepper deg utan at du velsigner meg".

Det var tjuge frammøtte som ville høyra den personlege historia til Eskil Skjeldal (44). Jan Petter Horn hadde førebudd seg godt og styrte samtalen med Eskil. Jan Petter stilte sine spørsmål, Eskil svarte, las utdrag frå boka si og tilhøyrarane fekk kome med sine merknader. Eskil vaks opp i ein ateistisk heim i Bærum, men søkte eit fellesskap i Bryn kyrkje. Der møtte han musikk, gudsteneste og fornuftige prestar. Han hadde fått det nye testamentet (NT) og hadde byrja lese litt, men elles var det songen i gutekoret som trakk mest. Kyrkjelyden var nøktern og høgkyrkjeleg utan noko innslag av tungetale og ekstase. I ettertid har han tenkt at det òg var eit slags opprør mot sin far. Han skriv på nynorsk fordi han han kan og har fått gode skussmål for sin språkbruk.

Etter kvart byrja han å studera språk og litteratur ved UiO før teologi ved Menighetsfakultetet (MF). Han jobba som prest i fire år før han tok ein doktorgrad i teologisk etikk ved MF. Konverterte til Den katolske kyrkje i 2011 og gjekk i Dominikanarkloster. Dei psykiske vanskane vart òg tydelegare. Ven, teolog og prior Arnfinn Haram døyr i 2012. Eit vendepunkt vart framsyninga "Freuds siste møte" av Mark St. Germain ved Nationaltheatret 2013. I dette tenkte møtet, mellom ateisten Sigmund Freud og den omvende C.S. Lewis i september 1939, drøftar dei religiøse krefter. Freud karakteriserer kristendommen som "giftig lygn" og vinn Eskil sin sympati.

Prosessen med å mista trua enda opp i artikkelserien «Skuldingar mot Gud» som er publisert i Dag og Tid 2013. Han seier han er ein "treig" type som skriv som sjølvterapi. Kristendommen tilbyr båe meining og trøyst, men jakta på Gud kan vere fånyttes. Spelar rolla som seg sjølv, eit dobbelt skodespel. Mista trua mot eigen vilje. Det handla ikkje om polemikk. Hadde ingen religiøs ballast. Einsamt å tru på ein Gud som aldri svarar. Krev handling, men veit det ikkje kjem. Noko vert øydelagd av denne vona. Har møtt mange som har mist trua, men dei fleste finn attende. Nokon prestar sluttar. Kristendomen kan vere skræmande for born sidan det finst så mange lovnader det ikkje er grunnlag for.

Religionspsykologi; på jakt etter svar. Ein lever det same livet med eller utan Gud, men med ei tru kan ein få kjensla av avvising. Eskil møtte kritikk i Vårt Land for å næra tvil for andre. Har etterkvart fått meir vyrdnad for det gamle testamentet (GT). Salmane sine bøker, klagesalmane, Job er kritikk av Gud. Meir menneskeleg og ærleg i GT. NT er konsolidert og redigert. Teologi er eit fantastisk fag som femnar språk, historie, dogme, litteraturgransking og kritikk. I ettertid angar ikkje Eskil på sitt val av utdanning. Utanom skrivinga jobbar han i dag ved Nasjonalt kompetansesenter for rus og helse.

Sylfest Lomheim kjem til slutt inn på etymologi omkring ordet gud. Germansk og heidensk opphav kjenner me frå godi som var loveseiemann på Island. I overførd tyding den du vendar deg mot når du treng hjelp. Deus kjem frå latin og tydar ljos. Jahve kjem frå hebraisk og tydar eksistens eller rettare tilvere. Sylfest meinte òg at Johannesevangeliet er det minst truverdige pga. mange historiske feil. Teologisk kan konklusjonen vere annleis.

Etterpå vart det kringle, kaffi og te.

(22.03.2018) Ronny Rognhaugen

Fylkeslaga hadde sine årsmøte laurdag 3. mars 2018

Fylkesårsmøta for Aust- og Vest-Agder Mållag gjekk føre laurdag 3. mars på Furuly, Evje. Mållaget i Kristiansand stilte med seks utsendingar; Solveig Lima, Dag Olav Hage, Andrea Campo, Andrea Maini, Ingebjørg Nesland Steen og Ronny Rognhaugen. Totalt var det om lag 40 utsendingar. Møtet tok til med ei fellessamling kor Sigurd Brokke fortalde om www.vallemal.no. Dei har gjort ein stor dugnadsjobb for å registrera, kontrollera og dokumentera ordtilfanget i Valle. 12.773 ord er så langt registrert og av desse er 8.673 ferdig utfylde. NRK, Setesdølen og Fædrelandsvennen har hatt oppslag om arbeidet. Etter innlegget kom Andrea Maini med opplysningar om aukande filologisk interesse for denne databasen. Sambandet mellom Vallemålet og norrønt har lenge vore kjend, men det finst òg eldre opphav i urnordisk, urgermansk og indoeuropeisk. Det jobbast med tilskiping av eit Valleseminar i 2019 og på lengre sikt kan det vere snakk om at Setesdalsmålet kan kome på UNESCO si liste over kulturell verdsarv. Parallellen til «Elfdalian» i Nord-Sverige vart nemnd sidan ei engelsk nemning er heilt naudsynt og «Setesdalian» vert truleg utfallet.

Skulemålsrøystinga i Sirdal vart nemnd og utsendingane frå Kvinesdal la vekt på kor viktig mobilisering rett før valet er. Dei var jamvel uroa over at det kunne vere så kort tid som fem år mellom røystingane. Det var som regel tilflytta bokmålsfolk som tok initiativet. Eventyrboka frå Bygland vart nemnd særskild og finst truleg til sals på Evje og i Kristiansand. Stiltevlinga hadde bra deltaking i 2017, men tiltaket kan marknadsførast betre lokalt. Gledeleg at Studentmållaget ved UiA er i drift att, men utfordringa vert kontinuitet frå år til år. Næringslivsprisen er ikkje delt ut på nokre år, men skal delast ut i 2018. Det oppmodast til å finna kandidatar. Organisasjonssatsinga på Agder held fram som viktigaste prosjekt for mållaga på Agder. Tiltaket er i stor grad finansiert av Kristiansand og dei frammøtte synte stor takksemd for dette.

Etter matøkt med varm suppe spelte Sigurd Brokke fire slåttar på munnharpe. Musikken vart krydra med stutte soger på levande Vallemål. Etterpå gjekk Aust-Agder på gangen og Vest-Agder gjennomførde sitt årsmøte. I denne samanheng er det viktig å vita at Iveland, Evje og Hornnes høyrar til Vest-Agder. Årsmeldinga, rekneskapen og budsjettet vart vedteke utan atterhald. Det var ikkje komen framlegg til årsmøtet. Innstillinga frå valnemnda vart vedteken utan motkandidatar. Ny leiar for Vest-Agder Mållag vart Marit Fjordheim frå Iveland. Øyvind Grov frå Kristiansand tok attval som styremedlem og det same gjorde Solveig Lima som andre vara.

(05.03.2018) Ronny Rognhaugen 

Nynorsk på Lovisenlund 

Også dette året var det svært god mottaking på Lovisenlund skole for nynorske bøker. Like etter vinterferien var nesten 60 elevar på femte trinn var samla for å høyre om nynorskopplegget dei skal jobbe med i tre veker. Dei var vel førebudde til perioden, og det var difor lett å presentere ulike bøker for dei.

Rett etter presentasjonen gjekk dei etter tur i gang med å velje bok. Dei aller fleste var svært motiverte, og det tok ikkje lang stund før dei fann seg ei bok å lese i. Bokutvalet femner vidt, frå svært enkle biletbøker til forteljingsbøker på 2-300 sider og tyngre faktabøker. Det meste er skjønnlitteratur, men det er også eit godt utval av fagbøker. Bøker om dyr og bøker frå 2. verdskrig er det fleire som gjerne vil lese.

På førehand hadde elevane fått utdelt vekeplan der dei hadde i lekse å lese i nynorskboka mellom 10 og 20 minutt kvar dag. Dei såg ut til å vere ivrige og konsentrerte lesarar, og sidan dei startar nesten kvar skuledag med 15 minutt stillelesing, har dei svært god lesetrening. Etter fyrste dagen vart elevane spurt om det var vanskeleg å lese nynorsk, men svaret frå mange var: "Jeg merker ikkje at jeg leser nynorsk. Er så vant til det allerede".

Heldigvis er det mange gode nynorske bøker for barn og unge å velje i! Lovisenlund skole har hatt nynorskprosjekt for 5. trinn sidan 2007, og der har heile tida vore positive lærarar og skulebibliotekarar. Elevane har arbeidd godt med nynorske ord og uttrykk og også prøvd seg på å skrive litt.

Anne-Lise Stangenes, ein av lærarane på femte trinn, fortalde at ho hadde hatt god hjelp av opplegg frå Nynorsksenteret. På heimesida til skulen har ho dessutan eit godt innlegg med både tekst og bilete som viser litt frå nynorskprosjektet. Svært positivt at dette skjer i bokmålskommunen Kristiansand!

(25.03.2018) Solveig Lima 

Mållaget i Kristiansand hadde sitt årsmøte tysdag 13. februar 2018

15 av lagsmedlemene hadde møtt fram i Mållagsstova, inkl. styret og reiseskrivaren frå Mållaga på Agder. Under matøkta las Maria Viken dikt og Sylfest Lomheim kåserte om fakta og fordomar mot nynorsken. Til slutt vart det val av nytt styre:

Leiar: Solveig Lima (attval for 1 år)
Styremedlemer: Tobbi Kvaale (attvald for 2 år), Ronny Rognhaugen (nyvald for 2 år), Vibeke Lauritsen (ikkje på val, 1 år att), Sylfest Lomheim (ikkje på val, 1 år att)
Varamedlemer for eitt år: Leiv Storesletten (1. vara, attval for 1 år), Kjellaug Kvalsvik (2. vara, attval for 1 år)
Valnemnd (for 1 år): Øyvind Grov, Svein Slettan og Gyro Nesland.

Revisor for lagsrekneskapen: Olav Molland

Flotte blomar vart delt ut til Solveig, Leiv, Sylfest, Olav M, Tobbi, Borghild og Maria.

(14.02.2018) Ronny Rognhaugen  

Alfred Fidjestøl i Mållaget

Etter ein fin start med koret "Syng på norsk" i regi av Human-Etisk forbund, var det Fidjestøls tur til å presentere den siste boka si: "Nesten menneske. Biografien om Julius". Fidjestøl er m.a. kjent for biografiane om Per Sivle og om Arne og Hulda Garborg i Askerkretsen. Korleis kunne han kome på å skrive ein biografi om ein sjimpanse? Ideen kom då han og kona var med dei tre borna deira i Dyreparken i Kristiansand.

Julius var då reintegrert i sjimpanseflokken etter å ha vore utestengd i mange år. Etter seks månader vart han avvist av mor si sommaren 1979 og tatt med heim til Edvard Moseid. Dette skapte mykje avisstoff og god reklame for Dyreparken. Fidjestøl har hovudfag i filosofi og avslutta foredraget med spørsmålet om kva det vil seie å vere menneske? Skilnaden på menneske og dyr er kanskje ikkje så stor. Foredraget starta han med å nemne det felles opphavet til menneske og apar for 6 mill. år sidan. Mykje er likt, sjølv om me tilhøyrer ulike artar.

For å skrive ein god biografi om eit menneske, trengst det grundige studiar. Det same galdt sjimpansen Julius. Fidjestøl brukte mange timar på Statsarkivet, der det var store mengder avisartiklar. Etter det var klart at Dyreparken godkjende prosjektet, var forfattaren der ofte og observerte. Han hadde fysisk arbeid og utstyr til å vere med på ting, spadde til og med møkk! Fidjestøl skildra godt lausrivingsprosessen frå familien Moseid då Julius skulle førast attende til Dyrkeparken. Julius hylte og reiv i bursprinklane, og han greidde ikkje å bli godtatt av flokken slik han var. Vanene han hadde blitt prega av hos menneska gjorde det umogeleg.

Fidjestøl får godt fram intelligensen og strategien Julius viste for å overleve, men dette vart til slutt for farleg for dei som jobba i parken. Han fekk si eiga øy med eiga grotte, og til og med ei sjimpanseho flytta inn der utan at det vart så stor suksess. I 2005 då leiarsjimpansen, Sjampo, døyr, blir Julius gradvis ført inn i flokken for å bli den nye leiaren. Men å bli øverste flokkleiar er eit spel Julius ikkje har lært seg. Ein flokkleiar er som ein politikar. Dei må bygge allianser. Ein sjimpanse gjer dette ved å samle inn mat som han deler ut, vise omsorg ved å stelle pelsen til andre t.d., og dette spelet må lærast. Julius har lært det, og han har vorte ein upartisk og flink flokkleiar.

Heilt til slutt kom Fidjestøl inn på at sjimpansane er ei utryddingstruga dyregruppe, og at dyreparkar gjer eit vikig arbeid for å ta vare på arten. Dei kan bli opp til 60 år gamle, og Julius er no 39 år. Sjimpansen Julius var eit veleigna biografisk objekt, meinte Fidjestøl. Det er noko tvetydig ved han! Boka "Nesten menneske. Biografien om Julius" har vorte ei fin bok med mange fotografi. Det siste biletet viser Julius saman med andre apar som "les" i ei bok dei held opp-ned!

Fidjestøl er ein engasjert og dyktig forteljar. Sjølv om me ikkje var fleire enn 17-18 frammøtte, var det ein fin kveld med god stemning og lett å kome i kontakt med forfattaren.

(01.02.2018) Solveig Lima

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!