OM OSS

Styret i Mållaget i Kristiansand i 2024

På årsmøtet 13. februar 2024 vart desse valde til styret:

Hallvor Brunstad, leiar

Inga Lauvdal, nestleiar

Guro Lillebø, 1. varamedlem, skrivar

Svein Slettan, styremedlem

Dag Olav Hagen, styremedlem 

Gyro Nesland Bjørnenak, styremedlem

Trude Lindø, 2. varamedlem

Solveig Lima er ikkje med i styret, men tek kasserarjobben i 2024

Styremøte i vårhalvåret: 5. mars, 9. april, 14. mai, 11. juni

Styret i Mållaget i Kristiansand

På årsmøtet 14. februar 2023 vart desse vald til styret i Mållaget i Kristiansand:

Anne Kari Slettan, leiar

Hallvor Brunstad, nestleiar

Svein Slettan, skrivar

Solveig Stallemo Lima, kasserar

Dag Olav Hagen, styremedlem

Inga Lauvdal, 1. varamedlem

Trude Lindø, 2. varamedlem

Styremøte i vårhalvåret: 27. mars, 24. april, 15. mai, 12. juni.

Personar som har vore viktige for Mållaget i Kristiansand

Olav Molland og Maria og Oddmund Viken var personar som skilde seg positivt ut då eg vart aktiv med i Mållaget i byrjinga av 2000-talet. Oddmund døydde i 2010, og i tida etter tenkte eg at nokon burde ha skrive om alt han og Maria gjorde for Mållaget.

Det gjekk fleire år før noko vart sett på papiret, og fyrst i 2018 byrja eg samtalen med Olav Molland. Eit par år seinare skreiv eg ned samtalen eg hadde med Maria Viken. Det var heilt naturleg at ho snakka mykje om Oddmund då eg samtalte med henne i 2020.

Vonar andre i Mållaget vil setje pris på å få vite litt meir om dei tre vestlendingane som alle har sett spor etter seg i Mållaget i Kristiansand.

Kristiansand, 19. april 2023

Solveig Lima

Samtale med Olav Molland

Han er født i 1937 i Masfjorden i Nord Hordaland. Han er nestyngst i ein syskenflokk på åtte og reiste til sjøs som 15-åring. Han fekk seg utdanning innan handelsfag og fekk i 1961 jobb som innskotsjef i Sørlandsbanken. Han studerte jus og tok 1. avdeling som privatist gjennom Folkeuniversitetet. Dette gjorde han ved sida av full jobb i banken. Det kan også nemnast at han starta Agderbanken i Farsund og Evje sparebank. Sørlandsbanken gjekk inn i Kreditkassen, og seinare gjekk Kreditkassen inn i Nordea. Olav slutta i Nordea i 1999 etter han fekk ein grei avtale med kontor i bygget frå han var 61 år til 67 år.

Olav har i det heile hatt eit allsidig arbeidsliv og mange interessar. Etter han vart pensjonist frå 1999, dreiv han i fleire år med arbeid for alkohol- og rusavhengige, tilknytta eit arbeidstreningssenter driven av private.

Han kom tidleg med i Bondeungdomslaget og vart i 1959 tilsett som skrivar i BUL Kristiansand, der han fekk gratis hybel i huset deira i Kirkegata 13. I BUL trefte han Gerd som skulle bli kona hans.

Mållaget kjøpte Gyldenløvesgt 11, eit gammalt trebygg, i 1913. Etter krigen byrja arbeidet med planar for eit nytt hus her. Kristiansand kommune ville fyrst ikkje gje løyve til bygging i 5 høgder, men då det viste seg at Helserådet trong ein plass å vere og kunne få leige av Mållaget, vart løyve gjeven. Men vilkåret var at dei tre øverste høgdene skulle trekkast inn, så det ikkje vart så ruvande.

Det kom i stand ein enkel avtale med Sørlandsbanken om eit lån på 2-3 mill. Sidan Olav hadde arbeidd i banken sidan 1961, fekk han i oppgåve av leiinga i banken å ordne med finansieringa. (Han var den einaste i banken som kunne skrive nynorsk!)

Bygget stod ferdig i 1971, med kafédrift, eige lagskontor og møtesal i 2. høgda og utleige til Helserådet i 3., 4. og 5. høgda. Politiet kom inn seinare. Det var butikkar i 1. høgda, m.a. gullsmed Berglihn som framleis er leigetakar her.

Då politiet flytta ut på åtti-talet, fekk Mållaget eige forretningsstyre for å ta seg av utleiga. Olav gjekk inn som formann i styret. For å få profesjonelle folk til å ta seg av utleiga, tok han kontakt med eigedomsmeklar Jens Hodne. Hodne har sidan vore tilknytt laget, og no aksjeselskapet. For BUL var det på den tida ikkje aktuelt å eige bygget saman med Mållaget.

Men Mållagskaféen gjekk etterkvart med stort underskot og vart avvikla i 1998-99, og noko måtte gjerast: Enten selje heile bygningen - eller få inn ny medeigar og nye leigetakarar. Usemja var stor i styret i Mållaget, men Oddmund Viken, leiar i mange år, hadde godt samarbeid med Olav.

Olav meinte at drifta av bygget ville gå frå underskot til eit overskot på nærare 1 mill. I løpet av eit par år.

I 2000 måtte BUL sjå seg om etter nytt hus då Dronningens gate 23 skulle rivast. Olav vart spurd om å vere med i komitéen for å sjå på nytt bygg saman med Ole Steffen Gusdal, leiar for lagsbruket i BUL. Olav sat då sentralt plassert med jobb i bank (Nordea), leiar i forretningsstyret i Mållaget og med i komité for nytt hus i BUL.

BUL fekk dermed kjøpe heile 2. høgda for kr 4,5 mill og gjekk inn i Gyldenløvesgate 11 Sameige som då vart skipa. Mållaget åtte 68 % av bygget og BUL 32 %. Eigedomsmeklar Hodne seksjonerte opp og tinglyste dette. Arbeidet med å få inn nye leietakarar tok til, og Olav stod for utleige av lokala og skreiv leigekontraktane. Seinare vart Hodne engasjert i jobben med å skaffe leigetakarar.

Samarbeidet mellom personane frå Mållaget og BUL i Gyldenløvesgt 11 Sameige var heile tida svært godt.

Olav var leiar for Sameiget og sat i styret samanmed Oddmund Viken,Dag Olav Hagen, Ole Steffen Gusdal, og leiarane i Mållaget og BUL. Borghild Løver var skrivar.

Leigetakarar frå år 2000 var gullsmed Berglihn, Reinertsen Herreklær og Kenza klesbutikki 1. høgda, G-con ingeniørfirma i 4. høgda og advokatane Myhre & Johnsen i 5. høgda. Mållaget måtte no flytte frå den flotte møtesalen i 2. høgda, noko fleire i styret tykte var leitt.. Men det kom ei triveleg mållagsstove i staden for mållagssalen, og der var også fleire kontor og møterom i 3. høgda.

Lovene i Mållaget vart i 2004 reviderte slik at dei passa med drifta no. Olav hadde skrive vedtektene for forretningsstyret, og han var leiar i lovnemnda der Hilda H. Neset og Anne Austad var med. Noregs Mållag meinte at pengane ved ei eventuell nedlegging av Mållaget i Kristiansand, skulle gå til Mållaget sentralt, noko Olav var heilt ueinig i. «Årsmøtet her er øverste myndigheit», sa han, og slik vart det.

Etterkvart vart det reparasjonskostnader bygget, og det vart tungvint med kostnadsfordelinga i Sameiget. Olav såg heile tida føre seg at eit aksjeselskap var ein betre måte å styre på når det galdt utleige og kostnader. Han arbeidde for at forretningsstyret i Mållaget og lagsbruket i BUL skulle gå saman i eit aksjeselskap.

Forretningsstyret i Mållaget var vald av styret og ikkje av årsmøtet. Det hadde ikkje fullmakt til å avgjere om Mållaget skal gå inn i eit aksjeselskap, eller lutlag, som høyrest betre ut for mållagsmedlemer. Årsmøtet i Mållaget i 2013 gjekk samrøystest inn for å godkjenne Mållaget Eigedom AS. Frå 01.06.2013 gjekk BUL inn i Mållaget Eigedom AS, og namnet vart frå 01.01.2014 Gyldenløvesgt 11 Eigedom AS.

Lovene i Mållaget måtte enno ein gong endrast slik at dei samsvara med den nye driftsforma, og det var Olav Molland saman med Ole Steffen Gusdal frå BUL som laga utkast. Revisor, Sigmund Berg frå Revisjon Sør, var også med på dette. Årsmøtet i Mållaget 2015 vedtok dei nye lovvedtektene. Årsmøtet 2015 i BUL vedtok sine lovvedtekter i samsvar med den nye driftsforma.

Etter meir gjennomlesing av lovene, sende Olav inn eit framlegg til årsmøtet i Mållageti 2018 om endring av § 3 som hadde denne ordlyden:Det som laget tener på forretningsdrift eller på annan måte, skal brukast i samsvar med §1.

No lyder § 3 slik:Det som laget tener og eig, skal brukast i samsvar med § 1.

(§1: Mållaget i Kristiansand vil arbeide for å fremje bruken av nynorsk skriftmål, normaltalemål og dialektar, og samle målfolk i Kristiansand og omland. Laget vil stø arbeid for å sikre at komande slekter nyttar norsk språk på alle livets område.)

Olav var leiar i styret i aksjeselskapet fram til generalforsamlinga i mai 2015, og han vart avløyst av Ole Steffen Gusdal som hadde vore nestleiar til då.

Samarbeidet mellom Mållaget og BUL i Gyldenløves gate 11 Eigedom AS har gått svært bra.

Det er to idéelle lag som arbeider godt saman; Mållaget med hovudvekt på språk og BUL på dans.

VIKTIG å snakke saman og samarbeide, ikkje skape problem!


Samtale med Maria Viken.

Maria vart fødd i 1931 på ein liten vestlandsgard i Lindås i Nord-Hordaland. Dei var fem sysken som vaks opp her. Maria har alltid vore glad i å lese og glad i rekning. Alt som fire-åring kunne ho lese. Ho fekk tatt realskulen, for denne låg nær heimstaden, men ikkje snakk om meir skule.

Ho hadde ymse jobbar etter realskulen, t.d. hjelpte ho ei jente på heimstaden med matematikk, jobba litt på butikk, på pensjonat og var hushjelp hjå ein fin familie i Bergen.

Oddmund var født på ein gard i Førde i 1926, og han var nummer tre av fire sysken. Då han var fjorten-femten år, starta eit privat gymnas opp i Førde. Men tyskarane overtok lokala hausten 1940, og gymnaset vart lagt ned då han berre hadde eit år att. Han reiste då på anleggsarbeid og arbeidde ein sesong på vegen mellom Førde og Florø slik at han fekk tent nok pengar for å dra til Ålesund og ta artium der.

Då var han blitt 20 år gammal, og etter var det militæret. Han var i Tysklandsbrigaden eit halvt år.

Då han kom heim, ville han studere og drog til Universitetet i Bergen, som då var heilt nytt. Husmangelen var stor, og han fekk ligge på ein divan hos ein filleonkel. Han arbeidde om sommaren og begynte på realfag om hausten. Han tok tre grunnfag: matematikk, kjemi og geologi.

Han måtte inn til Universitetet i Oslo for å få studere geologi og bli ferdig adjunkt. Der jobba han som securitasvakt annakvar natt. Men han var sterk og tente bra. Frå han var liten, var han vand med tungt arbeid.

Medan Maria var i Bergen, møtte ho Oddmund på Gimle, også kalla ekteskapsbyrået, møteplassen for ungdomslaga i Sunnfjord og Nord-Hordaland. Ingen av dei gjekk der ofte, den gongen dei møttest og snakka saman, hugsar Maria godt. Begge hadde møtt fram den kvelden, men elles gjekk dei heller turar, og no vart det mange turar i lag på dei.

Halvtanna år etter fyrste møtet, gifte dei seg i 1953. Han var no adjunkt. Dei flytte til Førde i 1954, og han tok jobb på på realskulen der for å vere i nærleiken av mor hans, som begynte å bli dårleg. Dette var ei tid med husmangel og rasjonering på alle ting. Maria fekk tilsendt heimevovne ullteppe frå Lindås. Husværet dei hadde det det fyrste året var svært kaldt og med utedo. Det var dessutan ein uvanleg kald vinter med - 20 grader nede i Førdegryta, der sola er borte fire månader i året. Det vart mykje betre neste år! Då flytte dei til distriktslegebustaden som var gjort om til tre husvære. Her var stor hage med leikeplass for ungane i nærleiken.

Medan dei var i Førde, jobba Oddmund ute om sommaren og samla materiale til hovudfaget i geologi: «Bergartar i Sunnfjord». Han fekk permisjon frå Førde eit halvt år for å gjere ferdig hovudoppgåva ved Universitetet i Bergen. Han hadde lese mykje på eiga hand og fekk svært bra resultat: 1,5.

Han vart snart formann i Førde Mållag og hadde ansvar for landsmøtet det året det var lagt dit.

Dei to eldste borna, Kjell Ove og Arve, har vakse opp i Førde, medan den minste, Oddmar, var berre fire månader då familien flytte til Kristiansand i 1962. Mykje av grunnen til at familien drog til Kristiansand, var at ein nabo i Førde hadde kjennskap til planar om at eit gymnas skulle starte der. Oddmund fekk jobb på det som var starten til Oddernes gymnas og underviste fyrste året både på realskule og gymnas. Seinare vart gymnaset på Oddernes flytt til Vågsbygd, no Vågsbygd vidaregåande skole. Det var sjokk for han å kome frå Vestlandet til ein by på Sørlandet. Det var ein kulturskilnad han ikkje hadde sett føre seg! Her begynte ungdomane alt i 1. klasse på gymnaset å snakke om og gle seg til russetida. I Førde var det å få seg utdanning det viktigaste, ikkje å ha det moro i russetida!

Etter å ha budd i Møllevannsveien i seks år, flytte familien i 1968 til Voiebyen, til eit av dei fyrste husa som vart bygd der. Det kom godt med at Oddmund var så hendig når trapper og murar skulle gjerast ferdig. Han var også til stor hjelp for naboar som flytte inn på det halvferdige området.

Både han og Maria melde seg raskt inn i Mållaget i Kristiansand. Laget heldt også då til i Gyldenløvesgt 11, i huset som var kjøpt i 1913.

Maria hadde heile tida hatt hug til å gå vidare på skule, og ho starta på NKS (Norsk Korrespondanse Skole) for å ta artium då minsteguten var berre eit par år. Ho måtte ta faga i ei bestemt rekkefylgje. Det som høyrde til 1. klasse måtte takast fyrst, så tok ho faga som høyrde til 2. klasse og til sist eksamensfaga i 3. klasse. Det var på Katedralskolen i Kristiansand ho hadde eksamendagane, seks munnlege og seks skriftlege rett etter kvarandre. Ingen lesedagar innimellom! Same hausten begynte ho å lese til førebuande (ex.phil), for det var snakk om oppstart av distrikthøgskule med fag, og ho begynte også på lærarskulen. Oddmund oppmuntra og støtta henne så mykje han kunne slik at ho skulle få seg utdaning og jobb.

Lærarskuleeksamen tok ho i 1970 og fekk jobb på Slettheia barneskole. Her var ho lærar i 25 år og hadde mellomtrinnet heile tida, noko ho treivst svært godt med. Kvart år laga ho ei juleførestelling med klassen ho hadde. Sjølv det året då ho dreiv på med «Spelmann på taket» i operakoret fekk ho tid til dette!

Maria har alltid vore svært aktiv, og i seksten år var ho medlem av operakoret. Dei hadde mange framsyningar, og m.a. var ho den som vart rådspurd om nynorsk då dei sette opp «Spelmann på taket». Det var mykje dugnadsarbeid for å få slike framsyningar til, og Oddmund var med og snekra kulissar.

Frå 1972 til 1979 var ho leiar av MS-foreininga i byen som vart stifta i 1966. Den fyrste leiaren hadde sjølv MS-sjukdomen, men elles var det vener og kjende som var med i styret. På den tida var det inga handikap-drosje, og Oddmund stilte ofte opp og hjelpte med køyring.

Oddmund kom med i styret i Mållaget frå 1965/66. Då hadde det vore snakk om nytt bygg sidan rett etter krigen. Under krigen hadde tyskarane kontroll over kaféen og Mållagsbygget, og målarbeidet låg nede. Det var vanskeleg å få lån i etterkrigsåra, og fyrst i april 1970 vart det gitt lovnad om byggelån, men berre til eit to-etasjes bygg.

Men kommunen trong plass til helserådet, og Mållaget fekk lov å bygge i fem etasjar, dersom dei tre øvste etasjane vart trekt innover. Politiet kom inn seinare.

17. mai 1971 stod det nye bygget ferdig, sentralt plassert midt i byen. Det stod kø av folk som ville inn på den fint pynta kaféen.

Det var Gudrun Klamy som var leiar av drifta i Mållagskaféen. Med hotellfagskule og fleire års praksis frå hotell dreiv ho kaféen svært godt i mange år. Men på slutten av nittitalet, då ho gjekk av med pensjon, vart det krise med den nye leiaren. Kaféen måtte leggast ned, og dei tilsette måtte slutte. Oddmund, som då var dagleg leiar for Mållaget, fekk den tøffe oppgåva å seie opp dei fire personane som jobba i kaféen. Det var ein svært tung periode, men Maria var ei utruleg god støtte for han: «Mållaget kan takke meg for at han ikkje trekte seg ut då!»

Bankmannen Olav Molland kom inn i biletet på denne tida. Han var medlem av både Mållaget og BUL-Kristiansand. BUL trong nye lokale, og i 2000 selde Mållaget andre høgda til BUL med både kaféen og selskapslokala. Mållaget overtok tredje høgda og fekk fleire kontor og ei fin Mållagsstove her. Nye gardin vart kjøpte , og all kunsten hengt opp både i salen, gangen og på styrerommet.

Mållaget og BUL vart ei sameige med Oddmund som dagleg leiar. Oddmund var no pensjonist og var til stades i Mållagsbygget kvar dag, bortsett frå om sommarferien då han var på garden i Lindås. Han såg etter kva som måtte reparerast og tok seg av kontordrifta. Det vart tilsett vaktmeistar, og samarbeidet med BUL gjekk svært bra.

I Mållaget har Maria gjort ein stor innsats for lyrikken. Dikt med rim og rytme er lettast å lære seg, og som ho seier: Ho har alltid hatt lett for å lære utanåt. Ho har lese og framført mykje av Jakob Sande og Aslaug Låstad Lygre. Men ho likar også svært godt dikta til Tarjei Vesaas og Haldis Moren Vesaas der det ikkje er mykje enderim. Då ser ho føre seg oppbygginga av diktet, og ho seier sjølv at ho har godt bilet-minne.

Lyrikklubben vart starta i 1998. Det var Johannes Sandsdalen, Ingvald Haraldstad og Anne Austad frå styret i Mållaget som tok initiativet. Dei var fjorten - femten personar med frå starten, og Maria og Oddmund var med frå fyrste møtet.

Dei frammøtte vart einige om å skifte på kven som skulle koke kaffi, leie samkoma og kva tema som skulle takast opp gongen etter. Det var ein interessert gjeng som møtte fram kvar fjortande dag. Men etter som åra gjekk, vart det færre og færre til stades pga. sviktande helse og bortgang. Dei siste ti åra var det Maria som hadde heile ansvaret for å halde liv i Lyrikklubben. Ho låste opp, kokte kaffi og fastset datoar for møta eit halvår framover. 3. juni 2018 hadde dei det siste møtet med seks – sju frammøtte. Maria fekk påskjøning med ein fin blomebukett frå styret i Mållaget. Hausten 2018 var det ingen vanlege lyrikkveldar lenger, men det var ikkje same interessen no som før. Men Maria møtte heile tida opp og kom med gode bidrag.

På 1990-2000-talet laga ho fleire lyrikkprogram, eitt om Jakob Sande, eitt om Aslaug Låstad Lygre og eitt om Arne Garborg. Ho fortalde om livet deira og las dikt. Desse framførte ho på ulike stader, både i Mållaget, BUL, Sanitetsforeninga, Domkirkens Menighetshus, Det militære Samfunds pensjonistlag og fleire eldresenter.

Olav H. Hauge likar ho godt. Han har mange korte dikt med alvorlege og tankevekkande replikkar. Han får sagt mykje med få ord, og ho har lese mange av hans dikt på ulike tilstellingar. På årsmøta i Mållaget har me gjennom mange år hatt stor glede av å høyre Maria lese dikt ho har vald ut. Ho har verkeleg imponert oss ved å kunne lange og mange dikt heilt utanåt.

Thor Erik Hanisch har kontakta henne for å lese dikt på Senioruniversitetet og der har ho vore fast både i 2018 og 2019. Då er det alltid nynorske dikt ho les.

På Strømmetunet var ho fast opplesar ein gong i veka eit heilt år, 2017/18, og då las ho mykje nynorsk frå gamle lesebøker.

Oddmund døydde i 2010, og Maria sat aleine igjen i det store huset i Korvettvegen. Heldigvis hadde sonen kjøpt hus rett i nabolaget. Men i 2012 vart huset hennar seld, og Maria flytte inn i Rasmussenbygget nederst i Kirkegata. No vart det kort veg til Mållaget, til biblioteket og til konserthuset Kilden.

Dessutan har ho kvar sundag gått tur til Odderøya, bortsett frå hausten 2019 då ho måtte operere galleblæra. Men ho har kome seg raskt, og er ofte til stades på møta i Mållaget og i BUL. Ho fortalde at då smertene etter operasjonen var på det verste, hjelpte det å memorere dikt ho hadde lært utanåt. Dikta til m.a. Jakob Sande og Aslaug Låstad Lygre var med og drog vekk noko av smerta. Det ein har lært utanåt, ber ein alltid med seg, noko som kom vel med etter operasjonen!

Maria er åndsfrisk og fylgjer levande med i alt kulturliv her i byen. Ho les mykje og er også med i ei litteraturgruppe. Julegåve frå barnebarnet i 2019 var «Bienes historie» av Maja Lunde, ei bok ho tykte var svært interessant. Boka er eit godt innlegg om forandringar som no skjer i naturen.

Det er imponerande kor mykje ho rekk over! Svært triveleg å møte henne på ulike arrangement og få kome på besøk i heimen hennar, alltid med kaffikoppen klar!

Om Mållaget i Kristiansand

Mållaget i Kristiansand vart skipa 6. september 1900. Skipingsmøtet vart halde på Kongensgate skole, som den gongen var heilt ny. Det vart fort klart for medlemmene i det nyskipa laget at dersom ein skulle få til eit aktivt lagsarbeid, måtte ein skaffe pengar. Tanken om kaffistovedrift dukka då opp, og vegen mellom tanke og handling var ikkje lang. Den kjende målmannen, og seinare lærarskulerektor, Severin Eskeland var ei drivande kraft i arbeidet, og alt i 1906 opna Mållaget den første kaffistova si i Kirkegata, og etter kvart kom det to nye til. 

Drifta av kaffistove hadde to føremål. På kaffistova skulle landsfolk i byen kunne møtast i heimleg miljø, og i tillegg kunne drifta skaffe innkome til drift av laget. Kafédrifta skapte gjennom mange år eit godt økonomisk grunnlag for laget. Laget bygde seg opp kapital samstundes som det løyvde mykje pengar til måltiltak.

Rett etter 2. verdskrigen byrja laget å planlegge nybygg på tomta, Gyldenløves gate 11, ein eigedom som Mållaget skaffa seg alt i 1915. Dette er ei av dei mest sentrale tomtene i Kvadraturen. Etter mykje planleggingsarbeid stod eit kontor- og forretningsbygg i fem høgder ferdig til innflytting til 17. mai 1971. I 2. høgda hadde Mållaget kaffistove og selskapsrom, som også vart nytta til møterom for laget.

Gjennom meir enn 90 år dreiv Mållaget i Kristiansand kaféverksemd, men tidene endrar seg, og det viste seg etter kvart at det var vanskeleg å få drifta til å løne seg, så Mållaget slutta drifta av kafé og selskapslokala i august 2000. Ein epoke i laget si soge var over.

No høvde det seg slik at BUL-Kristiansand var ute etter å selje eigedomen sin i Dronningens gate, og Mållaget måtte finne ein ny måte å nytte lokala i 2. høgda på. Resultatet vart då at BUL kjøpte heile 2. høgda, og Mållaget laga til eit fint og praktisk møterom, kontor og styrerom i 3. høgda. No er eigedomen, Gyldenløvesgate 11, ei sameige mellom Mållaget og BUL, og vi vonar at bygget skal fyllast opp med aktivitetar der det er plass til det beste av bygde- og bykultur.

Oddmund Viken, 2007.

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!