2019

Jolemøte i Mållagssalen tysdag 10. desember 2019

Tradisjonen tru var me samla til eit førjolsgilde. I år var me 25 personar som vart møtt med glitrande joletre og eit like gildt bord.

Tobbi Kvaale leia møtet som tok til med allsong. Lasse Stray stilte som vanleg bak pianoet. Etter ein song fekk språkprofessor Gudlaug Nedrelid ordet med føredraget "Jol i Norden". Ho tok til med eit stev før ho fortalde om gamle og nye skikkar for jolefeiringa. Gamle germanske ord var tekne opp i finsk og samisk, og levde der vidare ganske uendra. I dag kan det sjå ut til at handelsstanden finn fram jolepynten stendig tidlegare og at joletreet må ut rett på nyåret.

Så var det rett over på pinnekjøtet og det var nok mat til alle. Attåt kaffien var det pepparkaker og anna smågodt. Etterpå var det gang rundt joletreet med fem jolesongar og monaleg med vers. Samkomet vart avslutta med ein siste song ståande ved bordet og så byrja komiteen å rydda opp. Stor takk til Solveig, Borghild, Cecilie, Cecare og Kjellaug som syte for det heile.

(11.12.2019) Ronny Rognhaugen

Skrivetevling for elevane i den vidaregåande skulen i Kristiansand hausten 2019

Mållaget i Kristiansand inviterer alle elevane ved KKG, Kvadraturen, Tangen og Vågsbygd VGS til å skriva ei nynorsk Twitter-novelle på 140 teikn. Temaet i år er "konflikt" og det passar fint for eit medium som brukast politisk. Fristen for innlevering er 15. desember 2019. Vinnarane vil få sine premiar på årsmøtet 11. februar 2020.

(14.11.2019) Ronny Rognhaugen

Mållagsmøte 19. november med Tore Kvæven: Liv og daude i det norrøne Grønland

Denne gongen var me så heldige å få forfattar Tore Kvæven på gjesting. I 2018 fekk han Brageprisen og Sørlandets litteraturpris for "Når landet mørknar". Det var dryge 30 frammøtte. Sylfest Lomheim leia møtet.

Den norrøne busettinga på Grønland tok til med landnåmet til Eirik Raude i 985 eller 986. Dei isfrie områda på Grønland er større enn heile Noreg. I Austbygda kunne husdyra gå ute heile året. Siste dokumenterte hending er eit bryllaup i Hvalsey kyrkje 1408. Arkelogiske utgravingar syner at det levde norrøne folk der til omlag 1500. Med andre ord snakkar me om ei historie på 500 år. Sagaene er mest frå den fyrste tida.

Det er tre årsakar til at busettinga døydde ut: Kaldare klima, konflikt med inuittane og mindre handelssamband med omverda. Meir dramatiske teoriar er utflytting vestover eller piratar. Det siste skjedde på Island ved Vestmannaeir kor ei heil bygd vart bortførd. Eit lite kjend fenomen er at 4-5.000 nordmenn var tekne som slavar til Nord-Afrika.

Nemninga eskimo kjem frå indiansk, via fransk på 1700-talet til Danmark-Noreg. Det tydar «dei som et rått kjøt». Inuitt er deira eiga ord for menneske. Grønlendingane omtalte inuittane som skrælingar og skilde dei såleis ikkje frå indianarar. Thule-kulturen kjem til Grønland rundt 1050, men minst fire andre inuittkulturar har kome og forsvunne tidlegare. Austmenn er nordmenn.

I si førre bok «Hard er mitt lands lov» (2011) var hovudpersonen ein viking frå Grønland. Mykje kunnskap kunne brukast om att i siste bok. Forfattaren har vore ti dagar på Grønland og sett seg litt omkring under arbeidet med skrivinga. Helge Ingstad har vore til inspirasjon med sine bøker om Vinland og Markland. Norskamerikanske Inger Skog har gitt ut tre bøker. Jenny Dimond har òg skrivi mykje om temaet.

Handlinga i «Når landet mørknar» (2018) tek til i 1293. Hovudpersonen Agnar (Ørn) er då 15 år gamal og med på si fyrste kvalrossjakt. Attende på land treff han Eir (Valkyrje) og alt ligg til rette for kjærleikssoga. Vesterbygda vert fråflytt om lag 1350 og samfunnet i boka er prega av nedgangstider og pessimisme. Agnar derimot er optimistisk. Han er lite sjølvkritisk og han vågar å utfordra makta. Namn som Sandnes, Lysefjorden og Austmannadalen finst. Andre namn er nytta utan at me i dag veit kor dei var. Andre er heilt oppdikta.

Han brukte heile 20 år på den fyrste boka og måtte strukturera handlinga betre i neste. Den brukte han 5 år på. Må skriva, skriva og skriva inntil han er nøgd. Nye sidehandlingar kjem til undervegs. Soleis vert det mykje omskriving og det er vanskeleg å vita når nok er nok. Han trur det er annleis for Karl Ove Knausgård som skriv ei side kvar dag og ser seg ikkje attende. Han kjenner meir fellesskap med Lars Mytting, særleg i Søsterklokkene. Elles er det tre bøker han set høgt: Dsjamilja av Tsjingis Ajtmatov (Kirgisistan), Advent av Gunnar Gunnarson og Den gamle mannen og havet av Ernest Hemingway. Alle er korte bøker og han ynskjer sjølv å skriva kortare. Han synast det er vanskeleg å halda grepet gjennom ei lang bok på 450 sider.

Sylfest Lomheim omtalte Tore Kvæven som «Garborg frå Sirdal» og las nokre utdrag frå boka. Det fall mange godord om språket, den gode nynorsken. Lite skildring, mest ord og handling. Forfattaren er allvitande og fylgjer folk og dyr. Me vert kjende med det indre liv til ein kvalross og ein isbjørn i tillegg til eit utal av personar. Somme stader er setningsbygnaden snudd om som i norrønt. På spørsmål om boka er ein kommentar til miljøsaka i dag, svara forfattaren «nei». Det er som Tarjei Vesaas sa det: «Lesarane ser ofte noko anna enn forfattaren». Kva gjer ei bok til ein roman? Gjera personane levande med kjensler. Skrivemåten gjer handlinga til ein roman. Kvifor Grønland? Han lik seg i opne og nakne landskap som snø, is, stepper og ørken. Kim Leine som òg har skrive om Grønland (1700-talet): «Det er stort og det ligg der».

Kvæven skreiv ein kort tekst Byen som vart framførd på Kilden under framsyninga Kristiansand.Nå. Diverre måtte han gå ganske tidleg fordi han skulle få Kulturprisen for Vest-Agder Fylkeskommune på 100.000. Det var nok fleire som ville spørja han om mangt, men det vart det ikkje høve til. Han kjem att til BUL i januar. Matøkta var som vanleg triveleg og praten gjekk lenge om likt og ulikt. Stor takk til komiteen med Sylfest og Solveig i spissen.

(13.11.2019) Ronny Rognhaugen

Mållagsmøte 15. oktober med Michael Schulte: Runer i Agder gjennom tid - frå Hogganvik til Havstad

Professor Michael Schulte ved UiA heldt eit interessant føredrag om runesteinar på Agder. Han jobbar med eit bokprosjektet som inneheld noko av det han synte fram for 19 frammøtte.

Hogganviksteinen som vart oppdaga i 2009 er av dei eldste (300-talet); Belland i Mandal. Teksten går frå venstre mot høgre. Skriftretning kunne variera fram til slutten av vikingtida (1000-talet) uavhengig av språk. Mest vanleg i gamle tekstar er at retninga vekslar som plogfurene; "slik oksen pløyer". Runer nyttast av fleire aust-germanske folk. Latinskrift får etterkvart innverknad på båe retning og teikn.

Dei eldste runene (før år 500-550) kan delast i tre grupper:

  1. Minnesteinar som på Hogganvik. Framvaren ein annan.
  2. Sjølvidentifikasjon (eg var her) "ek irilaR" som på Rakkestad i Østfold
  3. Brakteater (mynter) som gullmedaljongen frå Reistad i Audnedal. Futhark som innleiing, men gullsmeden var kanskje ikkje så skrivekunnig? Vanskeleg å tolka teksten. Bilete av Odin og ein hest.

Nyare inskripsjonar hadde meir praktiske føremål; jordskifte, grensesteinar, båtsteinar (eigarskap/fortøying), våpen, spinnehjul m.m. Kristne tekster særleg frå 1200-talet.

  • Skutesteinen, Storheddern; 18 runeinnskrifter under overhenget
  • Rikeskjoldet frå Valle (1200)
  • Hoftuft spinnehjul, snåld
  • Årdal kyrkje, Bygland
  • Oddernessteinen har to inskripsjonar; flatsida (900) og høgkant (1030). Den eldste er ei minneinnskrift "om Tore, son av Nerid". Den yngste nemnar Olav den heilage og kan knytast til den fyrste kyrkja på staden. X som skiljeteikn.
  • Skallevollsteinen, Lista (1000)
  • Galtelandssteinen, Evje; minne om ein fallen son for Knut den mektige i krigen i England
  • Fossviksteinen er ein båtstein på 40 kilo (1250)

Mange inskripsjonar er vanskelege å tolka. Truleg eit formelspråk som gav meining (for nokon) i samtida, men kor kodane etterkvart gjekk tapt; lønnruner. Skrift var teikn på båe makt og magi. Odin er skrivemektig; sjaman. Runer er meir kantete på tre og bein enn i stein pga. materialet. Det meste er gått tapt og runene forsvinn gradvis i stein òg.

Møtet vart innleia med allsong og det vart litt song under matøkta til slutt. Praten gjekk om runer og mangt anna.

(16.10.2019) Ronny Rognhaugen

Mållagsmøte 17. september 2019 med Ronny Rognhaugen: Albert Einstein og lidenskapane - eit utruleg liv i ei uroleg tid

Ronny gav oss 16 frammøtte ein god oversikt over livet til Einstein. Han tok utgangspunkt i boka til Walter Isaacson: Einstein, hans liv og univers (Cappelen Damm, 2010). Boka er godt skrive og interessant å lese også for oss som ikkje har studert fysikk.

Føredragshaldaren gjekk ikkje så mykje inn på korleis Einstein i 1905 utvikla den spesielle relativitetsteorien og korleis han fram til november 1915 arbeidde intenst med ei avhandling som skulle bevise den generelle relativitetsteorien. Det var meir livet hans og samtida me fekk høyre om.

Både mora og faren til Einstein var jødar, og slekta hadde i eit par hundre år vore kjøpmenn i den sørvestlege delen av Tyskland. Albert vart fødd i Ulm i 1879, og foreldra hadde planar om å kalle han Abraham etter farfaren, men kom til at det var «for jødisk». To år seinare vart systera Maria fødd, og ho brukte heile livet kortforma Maja. Dei to var heile livet nært knytte til kvarandre.

Ei oppleving han hadde då han var fire-fem år skulle forandre livet hans og sette djupe spor i vitskapshistoria. Ein dag han var sengeliggande, kom far hans med ei kompassnål. Han vart så opphissa då han undersøkte kor mystisk denne oppførte seg at han skalv og grøssa. Magnetnåla oppførte seg som om ho var påverka av ei skjult kraft og førte til ei undring hos han som varte livet ut.

Omtrent på same tid fekk han også ei gåve av den musikalske mor si. Det var timar i å lære å spele fiolin. I starten var det mykje strev og lite glede, men då han som 15-åring vart kjend med Mozarts sonatar gav det han ei magisk og kjensleladd oppleving av musikk. Heile livet var han oppteken av fiolinspel og hadde med seg fiolinen overalt. Ofte spelte han litt av Mozart i staden for takketalar.

Han kjente motvilje mot alle formar for einsretting, og han samanlikna lærarane både på barneskule og gymnas med prøyssisk militærdisiplin med lite rom for kreativitet. Alt som 17-åring bad han faren om hjelp til å seie frå seg tysk statsborgarskap og slapp dermed militærtenesta. I Sveits lærte han seg å sigla på innsjøane og det vart ein lidenskap han bar på resten av livet. Tidleg på 1920-talet tenkte han faktisk på å oppgje fysikken og berre sigla i staden.

På Zürich Polytekniske vart han i 1896 kjent med tre år eldre Mileva Maric frå Serbia. Som Einstein hadde ho ein lidenskap for matematikk og naturvitskap, og med tida vart ho kona hans. Dei hadde to gutar, men forholdet vart etterkvart uuthaldeleg, og Einstein gifte seg i 1919 med syskenbarnet sitt, Elsa.

Frå 1910 vart han i mesteparten av dei neste tiåra nominert til Nobelprisen. Det var så sikkert at han ville få han at han avtalte med Mileva at ho skulle få heile beløpet når han fekk utdelt prisen. Observasjonane i mai 1919 av solformørkinga som var synleg på Principe Island og i Brasil, bekrefta Einsteins relativitetsteori, og han fekk prisen i 1922. Han feira stadfestinga av den generelle relativitetsteorien til Eddington med å kjøpa seg ein ny fiolin.

Einstein femna så breitt og var engasjert på mange område. Han var passifist, humanist, sosialist, sionist, siglar og fiolinist. Han hadde eit deterministisk livssyn. Han meinte at det måtte vere ein overordna filosofi og ei usynleg makt bak det heile.

Til 50-års dagen i 1929 kjøpte venene ein ny seglbåt på 23 fot. Berlin ville gjerne gje honom eit sumarhus ved ein av innsjøane rundt byen. Pga. usemje i bystyret vart det aldri noko av og Einstein kosta sjølv eit sumarhus ved Caputh. I trettiåra vart det stendig vanskelegare å vere jøde i Tyskland, og då han og Elsa var på reise seinhaustes 1932 våga dei ikkje å koma attende. Dei flytta til Princeton i USA og kom aldri attende til Europa. Han døde i 1955.

Etter føredraget vart det opna for spørsmål, og Leiv Storesletten kom med utfyllande opplysingar om ein utruelg intelligent og kreativ vitskapsmann som gjennom arbeidet sitt endra fysikken radikalt.

Einstein fann stor glede i sonatane til Mozart og Bach. Astrid Hulda Johannessen framførte Bachs 3. sonate i C-dur før me sette oss til bords for å avslutte kvelden med litt kaffi og kake. Alltid triveleg med ein prat rundt kaffibordet.

Dessutan var det fint å få fram eit tema frå naturvitskapens historie på eit mållagsmøte. Det skjer ikkje så ofte!

(22.09.2019) Solveig Lima


Nynorsk gudsteneste sundag 2. juni 2019

Dette samarbeid mellom Mållaget og Domkyrkja starta i 2010. Dette året var det forstandar Idar Magne Holme som heldt ei preike over tekst frå Johannesevangeliet. Til kyrkjekaffien kom det over seksti personar, og alle såg ut til å trivast og kose seg med dei gode kakene.

Leiv Storesletten leia samankomsten under kyrkjekaffien på ein uformell og grei måte, noko han har gjort i mange år no. Det er han som har stått for samarbeidet med soknepresten, Aud Sunde Smemo, eit samarbeid som har fungert svært bra. Spesielt denne gongen var at fleire hadde med seg born under skulealder. Borna hadde ein grei boltreplass både på scenen og golvet etter kaker og saft var fortært.

Samarbeidet med Domkyrkja gjer Mållaget meir kjent i Kristiansand, og det er fleire som gjev uttrykk for kor bra det er å høyre preike, salmesong og liturgi på nynorsk.

Kyrkjekaffien i Mållagssalen etter gudstenesta er noko Mållaget ynskjer å halde fram med.

(02.06.2019) Solveig Lima 


Minnetale for Jørgen Løvland 17. mai 2019 av Ronny Rognhaugen

3. februar 1848 fødd på Evje. Løvland var av bondeslekt med stortingsmenn båe på fars- og morssida. Ueland og seinare Jaabæk var heltane.

1864-1865 Lærarseminaret på Holt. Storebror Eiliv sende Dølen heim då han gjekke der i 1860; «Les og veks». Arne Garborg (1851-1924) gjekk same skulen 1868-70.

1866-1878 Lærar i folkeskulen i Kristiansand. Var med og skipa ein skøyteklubb i desember 1869. Borte etter nokre år.(i) Privat lærarinneskule for 10 elevar frå 1871, fyrste offentlege eksamen 1874 med gode resultat.(ii) Permisjon 1876/1877. Bygland om vinteren, Dresden vår/sumar.

1878-1884 Styrar for amtskulen i Nedenes (Bygland, Herefoss, Åmli, Bygland, Hornnes, Vegusdal).

Attende i Kristiansand mai 1884. Bladstyrar i Christianssands Stiftsavis 1884-1892 (1790-1896).(iii) 9. desember 1884 Gift med lærar Laura Mathilde Torkildson (1851-1938). Gunnar (1885-1946) og Torkell (1889-1976). Saman med familien flytte han til Kristiania 1897 og der budde dei sidan.

Jørgen Løvland vart tingmann for Venstre 1885 (1886-88), 1892-98 som odelstingspresident (Kristiansand) og 1913-15 som stortingspresident (Aust-Telemark). Han røysta for diktarløn til Alexander Kielland og det lika veljarane i Kristiansand så dårleg, at han ikkje vart attvald til Stortinget i 1888. Leiar for jernbanekomiteen på 1890-talet og leiar for grunnlovsjubileet i 1914.

Løvland var arbeidsminister 1898-1903, utanriksminister 1905-07 og statsminister og utanriksminister 1907-08. Han avslutta si politiske karriere som kyrkje- og undervisningsminister 1915-20 under Gunnar Knudsen. 1917-reforma og fornorsking av bynamn, fylke m.m.

1897-1922 Medlem av Nobelkomiteen, leiar frå 1901.

Var med å skipa Noregs Mållag i 1906 og var leiar 1909-1912.

1908-1915 Tollskrivar, tollkasserar i Kristiania frå 1910.

21. august 1922 Død

Sitat:

Torgeir Berulvson, som sjølv seinare vart ein vidkjend lærar og styrar av amtskulen, har sagt desse orda om Jørgen Løvland som lærar:

Han sat inne med uhorveleg mykje kunnskap, og han hadde ein utifrå klår, visshøv og truverdig måte å bera han fram på. God til å læra ifrå seg var han, og for meg var skuletimane hans reine feststunder. Sogetimane minnest eg best; det kosta ingenting å fortelja uppatt leksa når han hadde fortalt ho dagen fyreåt.(iv)

Lærar Laura Mathilde Torkildson (1851-1938), yngste born av trelasthandlar, stadshauptmann (borgarkaptein) Tørres Torkildson (1812-1854) og handlande Berthe Marie Ellefsen (1812-1893).

Valdeltakinga var på 87 % i 1885 og 92 % i 1888 av 885 røysteføre. Tredobling av røysteføre mellom 1876 og 1894. Embetsstanden var totalt dominerande i Kristiansand.(v)

Edvard Hagerup Bull, fortel at Løvland kvar sundag under opphaldet i Stockholm (1905), gjekk til fransk messe. Språket hadde han lært seg sist han var i den svenske hovudstaden (1899-1900), men no sat han i kyrkja og lærde gloser og uttale.

Christian Michelsen: «Hadde eg visst like mykje som Jørgen Løvland, ville eg ikkje ha fått utretta det slag».

I 1915 blei Jørgen Løvland kyrkje- og undervisningsminister. Løvland fekk norska opp namneverket, og han ber ansvaret for den norske rettskrivingsreforma av 1917. At Jørgen Løvland var norskdomsmann fullt ut er det ikkje tvil om. I eit foredrag i 1904 sa han:

«---Maalet er, um ein vil, den lekamen, nationen si aand lever i. Drep maalet, og nationen døyr».(vi)

Tillegg:

Målstrid i Kristiansand; Marius Nygaard vart adjunkt og overlærar ved Katedralskolen i 1864-1876. Han kom frå krinsen av målmenn i Bergen som seinare skipa Vestmannalaget i 1868. Kommisjonær for Samlaget, skreiv i Stiftsavisen om målsaka, held kurs i landsmål og diskusjonar i Lærerforeningen. Han var òg aktiv i samband med 1907 rettskrivinga; norrøn filolog, venstremann og folkeopplyser. Mållaget i Kristiansand var skipa i september 1900.(vii)

I ein periode var dei båe tilstades i Kristiansand (1866-1876). Møttes dei og hadde dei seinare kontakt? Nygaard var involvert i 1907-reforma og Løvland i 1917-reforma.

Kjelder:

  • https://www.setesdalswiki.no/wiki/Jørgen_Løvland#L.C3.A6raren
  • https://nbl.snl.no/Jørgen_Løvland
  • https://www.allkunne.no/framside/biografiar/l/jorgen-lovland//95/3715/
  • i Sverre Steen: Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 568.
  • ii Sverre Steen: Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 322.
  • iii Sverre Steen: Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 461
  • iv https://www.setesdalswiki.no/wiki/Jørgen_Løvland#L.C3.A6raren
  • v Sverre Steen: Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 454-456.
  • vi https://www.setesdalswiki.no/wiki/Jørgen_Løvland#L.C3.A6raren
  • vii Sverre Steen: Kristiansands historie 1814-1914, Grøndahl & Søn, Oslo 1948. Side 318, 564-565. 

Jan Inge Sørbø gjesta Mållaget tysdag 7. mai 2019

Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda. Han tok utgangspunkt i sitt storverk «Nynorsk litteraturhistorie» og vart introdusert av Ernst Håkon Jahr. Boka er på 680 sider og 2,2 kg. Ho kom ut i samband med 150-årsjubileet for Samlaget i 2018, og er ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasens og fram til i dag. Sørbø hadde gjennomført variantar av føredraget 32 gongar. Han nemnde eit utval av velkjende og mindre kjende nynorske forfattarar. 21 frammøtte.

Fyrst ut var Olai Aalen frå Rennesøy. Han var far til to oppvakte søner og flytta til Stavanger for at dei skulle få høve til betre utdanning. Han var òg mannen bak uttrykket «morgonmenn» eller «morgonmenneske». Dette er føregangsmenneske som kan inspirera ungdommen til gilde tankar.

Mange kvinner var med, men helst i bakgrunnen. Mange vart feil-lesne og undervurdert. Petra Kvisli frå Arendal debuterte i 1907 med romanen «Birgit». Haldis Moren (1929), Aslaug Vaa (1934); heimstaddiktar frå Telemark, Gro Holm (1932); konflikt jordbruk-industri, Maria Takvam (1950-1980); frykt for alderdom .

Ivar Aasen rekonstruerte det norske språket på grunnlag av det levande talemålet. Aasen var anti-romantisk. Aasmund O. Vinje sprengde med «Dølen» (1858-1870) grensene for kva nynorsk kunne nyttast til. Professor Marcus Monrad var skeptisk til at «bondespråket» skulle nyttast i akademia og på teater. Polemikk med Vinje. Arne Garborg; omgangsskulelærar, seminaret på Holt, Tvedestrandsposten, Fædreheimen, «Ein fritenkjar», Syn og Segn, 17de Mai. Henrik Krohn; Fraa By og Bygd (1870). Samlaget (1868) var skipa som ein bokklubb. Vestmannalaget var fyrste mållag same år.

Nynorsk salmebok (1925). Sven Moren; frilynde ungdomslag. Konflikt mellom frilynde og pietistiske grupperingar. Gud, heim, nasjon og folk; religion var ein innebygd del av det nasjonale. Dei frilynde var opne for dans og musikk, men var elles like kristne og avhald stod sterkt i båe grupper. Matrikkelkonvensjonen (1840) opna for uavhengige kristne forsamlingar og kyrkjelyder.

Ludvig Hope var aktiv i Kinamisjonen. Lars Oftedal, Stavanger ber om tilgiving for sine syndar i 1891, men mistar alle tillitsverv på 24 timar. Vinn dei att før han døyr. Matias Orheim skreiv songar og salmar og vert ein mytisk figur. Harde åtak mot pietismen frå Olav Duun og Jacob Sande, i tradisjonen frå Vinje og Garborg. Olav Aukrust ser føre seg ei samanblanding av norrøn tru og det nye testamentet; Yggdrasil og Kristus, kristne det norrøne.

Folkehøgskulane vert språklege samlingspunkt i mellomkrigstida. Lars Eskeland på Voss konverterar til katolisismen og må slutta som rektor. Sonen tek over. Broren Severin er aktiv på Stord. Lærarseminar på Notodden, Elverum og mange andre stader. Siste steget før universitetet i Oslo. Henrik Rytter omsett Shakespeare til nynorsk på imponerande kort tid. Kan vera vanskeleg tilgjengeleg i dag og finst på mange antikvariat.

Det nynorske mennesket (1927). Målfolket skal vera kjerna i folket. Dygder jfr. Vangsgutane; ærlege, modige og offerviljuge. Nynorsk norm anno 1900; oppbyggjande. Nasjonalromantisk litteratur vert utfordra av modernismen med Duun og Vesaas. Olav Duun «Medmenneske»; psykopatiske trekk, vilje til makt, nifse personar, nærleiken til det vonde, Dostojevskij. Tarjei Vesaas «Dyregodtmannen», angst, krig og vondskap. Olav Aukrust (1915/1916) «Bilbeistet»; dekadanse, forfall, kontrastar, aga. Ragnvald Vaage (1920); prosten køyrar for fort og skræmer eit fylgje som skal i barnedåp.

Engvald Bakkan frå Åmli, flytter til Stavanger. «Regnbogen i toreskya»; enkemann + svigerinne = incest; fredlause. «Men han var Alexander» handlar om frukthandlaren som trur han er Alexander den store.

Heimstaddiktar: rural realisme, avansert urbanismekritikk

Identitetsrørsle jfr. Sigurd Skirbekk: skilje nasjonalisme og imperialisme.

Etter føredraget var det allsong og matøkt. Meir informasjon om boka finn du her: https://framtida.no/2018/05/29/nynorsk-litteraturhistorie-samla-for-forste-gong

Kronologisk liste over bibliografiar for dei som er nemnd ovanfor, hovudsakleg frå Alkunne:

  • Olai Aa. Aalen (1874-1949) https://nn.wikipedia.org/wiki/Olai_Aa._Aalen
  • Petra Kvisli (1874-1947) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/k/petra-kvisli//94/708/
  • Haldis Moren Vesaas (1907-1995) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/halldis-moren-vesaas/105/1290/
  • Aslaug Vaa (1889-1965) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/aslaug-vaa/105/1024/
  • Gro Holm; forfattar i ei brytingstid. (1878 -1949) https://www.nvim.no/kvinnestemmer-fra-odda/gro-holm-article409-875.html
  • Ivar Aasen (1813-1896) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/a/ivar-aasen/112/1030/
  • Aasmund O. Vinje (1818-1870) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/aasmund-olavsson-vinje/105/1075/
  • Marcus Monrad (1816-1897) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/m/marcus-monrad//96/86973/
  • Arne Garborg (1851-1924) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/g/arne-garborg/90/3943/
  • Henrik Krohn (1826-1879) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/henrik-krohn/1898/78229/
  • Sven Moren (1871-1938) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/m/sven-moren//96/738/
  • Ludvig Hope (1871-1954) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/h/ludvig-hope//91/680/
  • Lars Oftedal d.e. (1838-1900) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/o/lars-oftedal-de//98/83983/
  • Matias Orheim (1884-1958) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/o/matias-orheim//98/85784/
  • Olav Duun (1876-1939) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/d/olav-duun/87/1292/
  • Jacob Sande (1906-1967) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/jakob-sande/1898/78114/
  • Olav Aukrust (1883-1929) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/a/olav-aukrust//79/1220/
  • Lars Eskeland (1867-1942) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/e/lars-eskeland//88/1104/
  • Severin Eskeland (1880-1964) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/e/severin-eskeland/88/5671/
  • Henrik Rytter (1877-1950) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/r/henrik-rytter/101/1047/
  • Tarjei Vesaas (1897-1970) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/tarjei-vesaas/105/1198/
  • Ragnvald Vaage (1889-1966) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/ragnvald-vaage/105/1932/
  • Engvald Bakkan (1897-1982) https://www.allkunne.no/framside/biografiar/b/engvald-bakkan//85/1454/

(08.05.2019) Ronny Rognhaugen 

Mållagsmøte tysdag 19. mars med forfattar Arnhild Skre

Planen var at føredraget skulle ha vore i 2018, men det måtte utsetjast til i år. Ho gjesta òg Mållaget i 2012 i samband med biografien om Hulda Garborg. "Kald krigs kviskring. Barndom under den kalde krigen" kom ut 2017. Me var 16 frammøtte. 

Ho fekk ideen til boka då familien skulle rydde i kjellaren. Mengder av Noregsglas vitna om ei anna tid og andre tankar. Etterkrigstida med framtidsoptimisme, store barnekull, kald krig og etterkvart uroa for atomkrig. Etter andre verdskrig var det synlege teikn på kva som hadde gått føre seg; Swansea sentrum i Wales (Rosy Trible). Etter den kalde krigen var det mest kollektive minne. Frykta for atombomba smitta over på borna. Det var krig i Asia, Afrika og Midt-Austen. USA vil ut av Europa og dei europeiske NATO landa må ta større ansvar for eige forsvar. Våpenkapplaup med Sovjetiske prøvesprengingar på Novaja Semja. Kjernefysisk nedfall som det ikkje vert snakka om. Styresmaktene vågar ikkje gå ut med informasjon om at mjølk kan vere helsefarleg.

Sivilforsvaret er aktivt med beredskapsplanar for evakuering. Ofte øvingar på flyalarm. Forsvaret er stort og synleg for alle. Kråkerøytalen til Einar Gerhardsen 1948 varslar oppgjeret med kommunistane. Overvakingspolitiet for utvida fullmakter. Ungkommunistar dreg på leirar i Moskva; Moskvanetter. Potensiell fare for 5. kolonistar, den indre fiende. Fyrste boka om James Bond kjem i 1953; Casino Royale. Geir Lundestad: Øst, vest, nord, sør. Kopling mellom Sovjet og fredsrørsla i Vest-Europa.

Parallelt var det kulturkrigen med amerikansk populærkultur; musikk, mote og levestandard. Amerikanisering med Elvis og Olabukse. Syndikatlitteraturen og teikneseriane. Eva Nordland granska om teikneseriar var skadelege, men fann ikkje prov for det. Norsk Kulturråd vart oppretta som ei motvekt. Innkjøpsordning for bøker og etterkvart annan kunst. Morten Jentoft: Klassisk, russisk musikk kultur var overlegen amerikansk. Jazz vert ikkje godteke før langt utpå 1970-talet. Ballettdansaren Rudolf Nurjev hoppar av til vesten i 1962. Cubakrisa oktober 1962: 13 dagar på randen av atomkrig.

Modernismen. Tove Jansson: Kometen kommer (1962). Tarjei Vesaas: Brann (1962). Olav H. Hauge: Under bergfall. Foreldreaksjonen mot samnorsk.

Etter føredraget vart det tid for nokre spørsmål og kommentarar før matøkta. Mot slutten vart det allsong med "Moskvanetter", "Den siste mohikanar" og sjølvsagt "Å leva det er å elska"

Klipp frå omtale på Samlaget sine nettsider:

Nytt blikk på etterkrigstida
«Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.»
Slik tenkte historikaren Arnhild Skre lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men no, med barndommen på avstand, har ei uro slått inn og skapt tvil. Kanskje levde ho også ein kaldkrigsbarndom?
Norsk NATO-medlemskap frå 1949. Frykta for atombomba. Koreakrigen 1950-1953. Kommunistjakt. Cubakrisa i 1962. I denne nyskapande og velskrivne essaysamlinga utforskar Skre korleis desse hendingane var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen.
I Kald krigs kviskring blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til forteljingar om kvardagslusking, forteiing, angst for atomkrig. Og om ein kaldkrigsmentalitet som velta rundt på norsk daglegliv og kultur.

For meir informasjon: https://samlaget.no/products/kald-krigs-kviskring

Om forfattaren: https://samlaget.no/collections/arnhild-skre

(05.03.2019) Ronny Rognhaugen 

Møtet med Fædrelandsvennen torsdag 7. februar 2019

Fvn var vertskap for møtet kl. 12-14 i sine nye lokalar på Torget i Kristiansand med Eivind Ljøstad, ansvarleg redaktør og Helene Abusdal, leiar Fvn Event. Frå Mållaget i Kristiansand stilte Tobbi Kvaale, Solveig Lima og Ronny Rognhaugen. I tillegg stilte Borghild Løver for Mållaga på Agder. 

Tobbi hadde send invitasjon til alle redaksjonane på Agder, men ingen andre fann tid til å møta. For NLA Mediehøgskolen Gimlekollen stilte Terje Skjerdal, men diverre ingen studentar. Øystein Skjæveland stilte som rådgjevar og held hovudinnlegget. Han tok utgangspunkt i sitt hefte «Språket i redaksjonen, ei verktøykasse for meir og betre journalistikk på nynorsk». Nokre hefte vart lagd att i redaksjonen.

Nokre hovudpunkt:

  • Det vert stendig færre hinder for nynorsk i redaksjonane og motstanden frå lesarane er svekt
  • Fleire aviser som Bergens Tidende, Klassekampen, Nationen og Vårt Land stillar journalistane fritt til å skriva på det språket dei ynskjer
  • Nynorsk er mindre normert enn bokmål og det gjev dei skriveføre større handlingsrom
  • Dag og Tid (11.221) utfordrar Morgenbladet (26.174) som den viktigaste norske vekeavisa (opplag 2017)
  • https://framtida.no/ er retta mot born og unge
  • Redaksjonar kan få støtte til språkkurs og språkrøktar gjennom Vinjefondet
  • Journalistutdanninga i Førde tek inn 10 studentar kvart semester som treng praksisplassar; Fvn har hatt ein slik praktikant, men diverre for lite rom til nynorsk til å fylla stillinga
  • Nynorsk pressekontor har mange saker som kan limast rett inn i avisa
  • Hjelpemiddel: «med andre ord», «på godt norsk», språknøkkel Dag og Tid, Nyno, Orion og Tansa for rettskriving, klårspråk og avløysarord

Fvn har nokre journalistar som skriv nynorsk, men dei har tradisjon for at bruken er avgrensa til dei indre bygder, Setesdal og folkemusikk. Redaktøren avgjer om dette skal endrast, og Ljøstad er meir positiv til nynorsk enn sine forgjengarar. Skjæveland kunne opplyse om at meir enn 2000 får sjølvmeldinga si på nynorsk i Kristiansand og det er like mange som i Bygland, Valle og Bykle til saman; sjå detaljer her. Ei utfordring er saker i nettavisa som oppdaterast av fleire journalistar. Då er det vanskelegare med nynorsk sidan alle ikkje er gode nok. Derimot kan alle bokmål. På spørsmål om kva Mållaget kan gjera for å få inn meir nynorsk oppmoda Ljøstad oss til å finna skribentar som kan skriva fast for Fvn. Etter presentasjonen og matøkta vart det omvising i heile det gilde bygget. Ljøstad måtte gå litt tidlegare.

Styret skal drøfte vidare oppfylging etter årsmøtet. (foto av Tobbi):

(08.02.2019) Ronny Rognhaugen  

Mållagsmøte tysdag 15. januar 2019 med Ruth Vadtvedt Fjeld 

Vibeke Lauritsen ynskte velkomen og møtet vart innleia med tre songar av Kor HEFtig. Dei hadde ikkje funne songar med bannord, men avslutta med tante Sofie sin song som i det minste inneheld ein del frustrasjon. Etter den musikalske innleiinga fekk Ruth Vadtvedt Fjeld ordet og byrja si analyse av fenomenet banning. Det var godt oppmøte (minst 65) med elevar frå KKG og koret i tillegg til trufaste medlemmar. 

Kva er banning? Stygt språk. Kraftuttrykk for sterke kjensler, utfordring av tabu og ålmenn folkeskikk, markering av avstand og opposisjon. Kjensle av avmakt. Forsterking som adjektiv eller adverb.

Alle bannar! Banneuttrykk er innarbeid i språket båe direkte og indirekte som omskrivingar. Tenkjer ofte ikkje over kva ein seier. Vane/uvane. Store lokale og kulturelle variasjonar.

Formar for uttrykk: Utskjelling/kalling; latsabb, sluske. Banning; nemne vonde- eller gode overnaturlege krefter, ekskrement, sjukdom, dauden. Tabu: definisjonsmakt, kontrollera andre sitt språk, skilje dei og oss.

Funksjon: 1. Retta mot andre, forbanning, bannlyse, pokker (koppar) 2. Ego: Retta mot seg sjølv, sverjing.

Celestial banning: Gud, Jesus, Maria, helgenar, himmelen; jaggu, neigu, herregud, helledussen, herre min hatt, jøss, jøsses, jeremias, pinadø, pinadeg, pikatre, malla (Maria), milde måne, gurimalla.

Hel, helheim, helvete, hællvete, svarte, beksvarte, bekmørtna, dit peppern gror, ad dundas, fillern, fytti rakkern, fytte katta, pinadø.

Fanden (fienden), faen, dæven, dægerten, hunden, satan, søren, fy søren, søtten, gå heim og vogg.

Oppsummerande kommentarar: Helvete er avskaffa og faen er ikkje lenger tabu. Globalisering av bannord gjer at ungdom nyttar engelske uttrykk utan å tenkja over meininga. Stort sett avgrensa til variasjonar av fuck. Dei ynskjer å oppnå sosial aksept, sjølv om bruken av bannord truleg ikkje er nok. Med færre tabu kan det verte vanskelegare i framtida å finna effektfulle bannord!

Matøkta var som vanleg viktig for samkomet med kaffi, te, kaker og frukt. Takk til alle som stilte opp!

(16.01.2019) Ronny Rognhaugen 

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!