2023

Vallemål og munnharpe


Godt frammøte og god stemning i Mållaget tysdag 18. april, då Sigurd Brokke frå Valle fortalde om det store arbeidet som Valle Mållag har gjort med ordsamling frå Valle-dialekta dei siste tjue åra, dokumentert på nettstaden vallemål.no.

Mållaget i Valle har hatt ei talemålsgruppe som har arbeidd jamnt og trutt over lang tid med å registrere dialektord, gje oversikt over tyding og bøying, vise ordet i setningar, og lage lydopptak av uttalen. Biletstoff er også knytt til ordet. Og informasjonen blir lagt ut på nettstaden. Det var viktig at dei kom tidleg i gang med digital arkivering og presentasjon (nettsida blei offisielt opna i 2005), så fekk dei alt inn i eit lettvint og tidsmessig lagringsmedium og kunne oppdatere og utvide på ein enkel måte etter kvart.

Sigurd Brokke viste korleis vallemål.no er utforma, og kor rikt det kan vere med informasjon om eit ord, under kategorien «Ordliste» på nettstaden. Eit velkjent ord som «kaffe», førte mykje moro med seg, når ein såg oversikten over samansette ord med «kaffe» i seg, og døme på bruk i setningar. Elles var bøying av talord eit interessant område. Og ei flott språkoppleving i seg sjølv var det å høyre Sigurd på vallemålet, både i oppleste døme og i talen elles. Møtelyden følgde ivrig med, spurde og kommenterte. Ikkje så få i Kristiansand har røter i Setesdal og/eller interesse for dalen og kulturarven der, og det kunne merkast i salen!

Til slutt fekk vi ei lita konsertavdeling, der munnharpespelaren Sigurd Brokke viste fram kva han er god for. Han er i toppen nasjonalt på dette instrumentet, og har mellom anna vunne landskappleiken i munnharpeklassen to gonger. Mykje musikkglede og stor applaus!

Foto: Inga Lauvdal. Tekst: Svein Slettan

Nynorske biletbøker

Mållaget i Kristiansand meiner det er viktig at borna her i distriktet får høyre nynorsk og dialekt frå dei er små. Styret sende difor søknad til Skillingfondet om støtte til innkjøp av nynorske biletbøker. Det er Spareskillingsbanken som gjennom fondet gir støtte til lokale lag og foreiningar.

Mållaget fekk tildelt kr 10 000 i februar 2023 og dette har no gått til innkjøp av fleire nynorske biletbøker til fire barnehagar: Bergtorasvei bhg på Gilmlekollen, Eplehagen bhg i Vågsbygd, Læringsverkstedet bhg i Tveit og Roligheden bgh på Lund.

Alle desse barnehagane har tidlegare fått biletbøker, men bøker er dyrt, og det er fint å kunne gje fleire. Dei tilsette har vore svært glade for bøkene og tykkjer det er fint at borna får meir kjennskap til nynorsk.

Solveig Lima



15. mars: Lyden av Lystrup

Mållagsmøtet var felles med BUL sidan Folkeakademiet i Agder har Geirr Lystrup på turnéprogrammet våren 2023.

Me fekk oppleve ein variert og humørfylt konsert der Lystrup hadde svært god kontakt med publikum. Dei 50-60 frammøtte var aktive med på å nynne og vise med kroppsspråk at dette var noko som fenga.

Lystrup fortalte litt om korleis det var å vere presteson blant kameratane under oppveksten, fyrst i Vinje i Telemark og seinare ved Mjøsa. Ikkje alltid lett og noko som sat i framleis!

Stemninga i salen var heile tida på topp, og det var eit variert utval av songar han framførte. Med mikrofon kopla til gitaren som bar lyden godt ut i salen. Han kunne ha halde på mykje lenger, men det var ei svært triveleg stund så lange det varte.

Solveig Lima

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!