2022

6. desember: Julemøte

Eit tradisjonelt julemøte med pinnekjøt og juletregang, julekåseri av Sylfest Lomheim og trekkspel og pianospel ved Lasse Stray. Til julemøtet var det 30 påmelde, men på grunn av sjukdom kunne ikkje alle kome. Dei som var til stades hadde ein svært hyggeleg førjulskveld, med stor stemning rundt borda og rundt juletreet.

15. november: Føredrag om Island ved Ottar Fyllingsnes.

20 personar hadde i regn og vind møtt fram for å få med seg føredraget til journalist og forfattar Ottar Fyllingsnes. Han gav eit interessant bilete av folk og kultur på Island, med utgangspunkt i boka om Island som kom ut i 2022. Han drog fram kjente og mindre kjente forfattarar og meiner islendingane har produsert noko av den finaste musikk og litteratur me kjenner til. Med vulkanane er det noko mytisk og trolsk over landskapet, og dette har prega folket heilt sidan landnåmstida på 900-talet.

Dei fleste i salen hadde vore på Island, og mange nytta høve til spørsmål. Det var m.a. spørsmål om alvetrua, som framleis er levande blant nokre av innbyggjarane.

Ein triveleg kveld med livleg prat rundt bordet.

Kyrkjekaffi sundag 23. oktober

Sidan 2010 har det vore nynorsk gudsteneste i domkykja i Kristiansand med kyrkjekaffi i Mållagssalen etterpå. Leiv Storesletten frå Mållaget har samarbeidd med domkykja om nynorsk liturgi, nynorske salmar og nynorsk predikant. Domprost Aud Sunde Smemo har vore positiv til tiltaket, og dette året var det ho som heldt preika. Også Kjellaug Kvalsvik er med som kontakt frå Mållaget.

Kyrkjekaffien har vore svært populær med heimelaga kaker og koseleg pynta sal. Dette året var det 45 personar som kom til Mållagssalen etter gudstenesta, og dei var vel nøgde med stunda. Tradisjonen med nynorsk gudteneste og kyrkjekaffi vil me halde fram med.

Fellesmøte med BUL onsdag 21. september

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen heldt føredrag om stoda i USA no. Begge har vore korrespondentar der og har god kjennskap til mykje av det som skjer. Dei har begge god erfaring i å snakke til eit breitt publikum, og føredraget vart framført på ein glimrande måte ved at dei heile tida veksla med å snakke.

Svært godt frammøte med om lag 60 personar til stades.

Minnetale og kransnedlegging for Jørgen Løvland 17. mai 2022

I år var det tredje gong Ernst Håkon Jahr stod for denne viktige tradisjonen i Wergelandsparken. Det var godt oppmøte i flott 17. mai ver, og Postorkesteret spelte før og etter talen. Ernst Håkon la vekt på at Løvland utan tvil, er den viktigaste politikaren Agder har fostra. Han hadde ikkje så mykje formell utdanning, men utsegna "les og veks" fylgde han heile livet. Lærarseminaret på Holt gjennomførde han på berre eitt år, det normale var to. Og Holt var opphavet til UiA.

Verv som lærar, bladstyrar, lokalpolitikar, stortingsmann, stortingspresident, minister, utanriksminister, statsminister og leiar av Nobelkomiteen er vel kjende. Men i tillegg fekk han heidersteikn frå eit uttal av nasjonar; Noreg, Sverige, Danmark, Prøysen, Frankrike, Italia og Russland. Løvland spela ei viktig rolle i samband med unionsoppløysinga i 1905, 100-års jubileet for grunnlova i 1914 og rettskrivingsreforma i 1917. Difor høver det særleg godt å heidra honom 17. mai på Evje, i Kristiansand og i Oslo.

Ronny Rognhaugen, 17. mai 2022.

Fellesmøte med BUL tysdag 3. mai 2022 med Gunnar Stubseid

Stubseid har jobba med søknaden for UNESCO prosjektet; kulturarven i Setesdal. Han gjekk grundig inn på kva som var immateriell kulturarv, i motsetnad til den fysiske; byar, bygningar, båtar, instrument m.m. Gode døme på det immaterielle er kunsten å spela eit instrument eller å byggja ein båt. Kulturarven må vera levande og UNESCO statusen føresett at ein klarer å fengja nye generasjonar. Prosjektet har m.a. kjøpt eit klassesett 3/4 hardingfeler.  Annbjørg Lien er tilsett av fylkeskommunen i ei 3-års prosjektstilling, men planen er eit eige presentasjonssenter og to fast tilsette. Innimellom forteljinga spelte Stubseid på hardingfele og han fortalde mange gode historier. Etter spørsmål vart det kaffi, kringle og høve til å kjøpa bøker. Dette var eit felles arrangement med BUL, og ei forseinka markering av samarbeidet (2000) og bygget (1971). 15 personar betalte inngangspengar (kr. 100).

Ronny Rognhaugen, 11. mai 2022. 

Mållagsmøte tysdag 19. april 2022 med Jon Olav Sørhaug

Tittelen på føredraget var "Frå runar til emojiis - skriveteknologi opp gjennom tidene og inn i ei ny tid". Det vart ei spanande framstilling av kileskrift, runer, handskrifter, trykking og digitale medium. Sørhaug gjorde historia levande med mange praktiske døme. M.a. kom han inn på omsettingsprogrammet Apertium, som kan nyttast mellom bokmål og nynorsk. Til slutt kom han inn på fordeler og ulemper med digitale hjelpemiddel i skulen. Det positive er at mange med ulike læringsmessige utfordringar får betre hjelp, og jamvel høve til kommunikasjon. Det negative er at det vert kortare tekstar, anten til lesing eller skriving. Etter spørsmål og ordskifta vart det kringle. Diverre tynt oppmøte med berre sju personar, men det skuldast kanskje den flotte vårkvelden. Eller er det kanskje ein viss teknologifrykt i Mållaget? Ein definisjon av teknologi som Sørhaug nytta er: "samanstilling av gjenstandar og menneske, som utfører eit arbeid saman, ofte skjult".

Ronny Rognhaugen, 11. mai 2022. 

Prøveabonnement "Dag og Tid" for Vågsbygd bibliotek

Mållaget har betalt for abonnementet 1. april til 30. september 2022.  Vis gjerne at det er interesse for ei nynorsk vekeavis i Vågsbygd!

Ronny Rognhaugen, 11. april 2022.

Landsmøte Noregs Mållag 1-3. april 2022

Mållaget i Kristiansand hadde ingen utsendingar på landsmøtet i år og dette er informasjonen frå NM:

Førre helg samla organisasjonen vår seg til landsmøte og gjorde viktige vedtak for dei komande åra. Viktigast av alt var dei to programma. Klikk på lenkjene under for å lese:

Nytt prinsipprogram for Noregs Mållag  Nytt arbeidsprogram 2022-2026

I tillegg godkjende landsmøtet årsmeldinga, vedtok fem fråsegner, og valde nytt styre og ny valnemnd. Desse finn du her:

Årsmelding 2020-2022  Fråsegner  Nytt styre og valnemnd (nedst på sida)

Me kan elles tilrå biletkavalkaden på Flickr, og sendinga på Youtube. Tysdag 19. april inviterer me dykk alle til digitalt motivasjonsseminar om julehefte og årbøker.

Med ynske om ei god påske!

Noregs Mållag, 8. april 2022.

Mållagsmøte tysdag 22. mars 2022 med Andrea Maini

Tittel for føredraget var "Hån og ære, ande og lære: Frå frisisk misjonær i Skandinavia til språkmisjonær for frisisk" og totalt var me 13 til stades. Andrea er oppvaksen i Bologna og vart tidleg interessert i språk. Det som vekte interessa var at besteforeldra snakka tysk. Og så vart det fort fleire nord-germanske språk. Frisisk vert i dag snakka av under ein million, primært i regionen Friesland, nord i Nederland. Men på 600-800 talet strekte Friesland seg langs kysten frå Belgia til Danmark. Den fyrste biskopen i Viborg var frisisk, og det same var dei fyrste misjonærane som kom til Skandinavia. Frisland vart aldri ein sjølvstendig stat, men dei fekk stor språkleg innverknad i landa rundt seg. Så viste han nokre døme på frisiske ord som ein har funne att i dansk, norsk og svensk.

Etter føredraget var det servering av kaffi og kaker frå Vennesla. Takk til Anne for opplegg og regi.

Ronny Rognhaugen, 23.mars 2022.

Årsmøtet 15. februar 2022

Årsmøtet var denne gongen for dei to føregåande åra 2020 og 2021. P.g.a. møterestriksjonar var det ikkje mogeleg å gjennomføra møtet som vanleg i februar/mars og heller ikkje seinare på våren 2021. Styret vurderte i august om møtet kunne gjennomførast i oktober, men kom fram til at det like godt kunne utsetjast til februar.  Det førde til at styret sat i to år og at alle var på val denne gongen.

23 personar stilte på møtet og det viste seg snøgt at stemninga var annleis enn vanleg. Forsamlinga godtok til slutt innkallinga og møtet vart gjennomført i samsvar med sakslista. Årsmøtet godtok ikkje årsmeldingane og utfallet vart at ei nemnd skulle skriva nye rapportar som skulle leggjast fram på eit medlemsmøte. Rekneskap og budsjett vart vedteke utan merknader. Under valet kom det eit benkeforslag til leiarvervet. Framlegget fall med 10 mot 13 røyster, slik at heile innstillinga frå valnemnda vart vedteke. I tillegg vart ordninga med fast støtte til Organisasjonssatsinga på Agder/Agdersatsinga avvikla; styret løyver prosjektstøtte etter søknad, med krav om rapportering. Styret skal til neste årsmøte utarbeida eit framlegg til reviderte lover.

Det vart delt ut blomar til dei som gjekk ut av styret; Gyro Nesland Bjørnenak, Ernst Håkon Jahr og Kjellaug Kvalsvik. I tillegg fekk Øyvind Grov takk for lang teneste i valnemnda og Leiv Storesletten som ordstyrar. Etterpå vart det kaffi og blaudis.

Ronny Rognhaugen, 25. februar 2022.  

Nynorsk skrivetevling for skulane i Kristiansand/Vennesla 2021

Dette er tredje året Mållaget skipar til denne tevlinga for dei vidaregåande skulane og temaet i år var «Farleg forelsking». Fristen for innlevering vart utsett frå 20. desember til 1. februar, men det kom ikkje inn fleire tekstar enn dei 24 me allereie hadde fått. Juryen med Svein Slettan, Vibeke Lauritzen og Sylfest Lomheim kom fram til desse vinnarane:

  1. Oscar Martinus Lie, 1STA Vennesla VGS.
  2. Celina Berentsen, 2STC, Tangen VGS. 
  3. Leah Korsmo VG2, Tangen VGS.  

Me gratulerer vinnarane og takkar for alle bidrag! Neste tevling kjem etter haustferien 2022. 

Vennesla Tidende hadde ein fin artikkel om premieutdelinga 14. februar.

Ronny Rognhaugen, 19. februar 2022.

Mållagsmøte tysdag 25. januar 2022 - Økonomien i laget

Møtet var planlagd for eit år sidan, men måtte utsetjast pga. korona. Det gode er at me no veit litt meir og at den nye aksjonæravtalen er på plass. Målet er å få ei felles forståing for kva som faktisk har skjedd, og kva me kan læra av dette. 

Åtte medlemmar stilte og det vart ei grundig gjennomgang av utviklinga i økonomien 1999-2021.  

Ronny Rognhaugen, 9. februar 2022.

Medlemsvekst

Nye medlemmar strøymer til Mållaget i heile landet, og heldigvis er ikkje Kristiansand eit unnatak. Det offisielle talet for 2021 enda på 153 betalande medlemmar. Den gamle rekorden ved årsslutt var 144 frå 1988. Takk til alle som har verva familie og vener, og ikkje minst vel møtt til alle nye medlemmar!

Jamvel nådde me ikkje opp i vervetevlinga til NM i år. Gjennomsnittsmedlemmen er 68 år, som er det same som for fire år sidan. Medianen er derimot gått ned frå 68 til 64 år (2018-2022). 

Ronny Rognhaugen, 17. januar 2022.

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!