2024

Velkomen til jolemøte i Mållagssalen tysdag 10. desember kl. 19.00.

Det er enno ledige plassar, og fristen for påmelding er utsett til fredag 6.des.

Tradisjonen tru fylgjer me opp den gode skikken med jolemøte. Også dette året er
menyen pinnekjøt frå Studenten Catering – kaffi og småkaker litt seinare på kvelden.

Leonhard Jansen, leiar av Setesdalsmuseet, kjem for å halde kåseri om Joleskikkar i
Setesdal
og dessutan syne bilete i samband med dette.
Lasse Stray spelar piano til jolesongane.
Det er påmelding, og inngangspengar er kr 300,- per person. Meld frå om du må ha
glutenfri mat.

Bindande påmelding innan fredag 6. des. på tlf. 95 87 99 05 eller på e-post til:
Mållaget i Kristiansand: maalkrs@online.no

Me vonar å sjå deg på denne trivelege samlinga!

Michael Schulte: "Runenes historie gjennom 1500 år" onsdag 13. november.

Mange tilhøyrarar, og blant dei fleire ungdomar, møtte opp for å høyre Michael Schulte frå UiA greie ut om runer og funn i akeologiske utgravingar. Han er språkprofessor og runolog ved UiA og har svært stor kunnskap emnet. Runene vart sett på som magiske teikn, fortalde han, og hadde stor kraft. Dei kunne fange vonde ånder, og folk som kunne skrive slike, var difor mektige. Det er gjort mange funn av spydspisser og gravsteinar, særleg i Danmark, Sør-Sverige, Sør-Noreg og Nord-Tyskland.

Vimose-kammen frå Danmark er det eldste funnet, frå om lag 150 år e.Kr.. Kylver-steinen frå Gotland, datert til byrjinga av 400-talet, er ein gravstein, og den må ha vore heilag. Kanskje hadde runene magisk makt til å binde personen i grava? I båe desse funna er det eldste runealfabetet brukt. Det har 24 teikn, og 24 var eit heilagt tal. Leseretninga var ei blanding av start frå venstre til høgre - og høgre til venstre. Språkutviklinga i Norden, overgangen frå urnordisk til nørrønt, kan fylgjast ved å tyde runefunna. Runealfabetet, futharken, vart fram mot vikingetida (700-talet) gjort enklare. No vart det 16 teikn å halde styr på, og fleire av teikna representerte fleire lydar. Eit døme frå den yngre futharken er Oddernessteinen med to innskrifter, tolka slik: «Øyvind, Olav den helliges gudssønn gjorde denne kirke på sin odel».

Føredraget vart avslutta med Storheddaren, eit område med fleire hellarar som ligg om lag 2 timars gange vest for Sloaros. Hellaren har frå vikingtida vore mykje brukt av jegerar eller fredlause som trong overnatting. Den største hellaren er Skutesteinen, forma som ei skute der du kan søke ly. Her blei det skrive og teikna, og mykje av dette er frå nyare tid. No er det forbode å risse inn noko i fjellet.

Ein svært lærerik kveld, noko som inspirerer til vidare lesing og meir merksemd på nyare arkeologiske utgravingar! Møtet var eit samarbeid mellom BUL og Mållaget, og etter kaffi og kringle vart kvelden avslutta med dans til variert og fin musikk frå gruppa «Takt og Tone» med Marit Nordli som leikleiar.

Solveig Lima


Velkomen til BUL/Mållagssalen onsdag 13. november kl 19.45. Føredrag av Michael Schulte: "Runenes historie gjennom 1500 år"

Michael Schulte, professor i nordisk språkvitenskap ved UiA, vil denne kvelden halde føredrag om runer: «Runenes historie gjennom 1500 år». I Mållaget er han kjent frå før : 15. oktober 2019 hadde han eit interessant føredrag: «Runer i Agder gjennom tid - frå Hogganvik til Havstad».

Michael Schulte er født i Tyskland og utdanna ved universitet i Bonn og Reykjavik. Han starta den akademiske karrieren sin i 1998 på Høgskulen i Agder som tysk utvekslingslektor og fekk post-doc stipend ved UiA i 2002. I 2007 fekk han stilling som professor i nordisk språkhistorieved Høgskulen i Volda, og frå 2013 har han voreved UiA.Mykje av forskinga på språk og kultur i dei nordiske landa har han sett i samband medeuropeisk og indoeuropeisk kultur.

Møte i Mållaget tysdag 22. oktober kl 19.00 i samarbeid med Fagforbundet i Agder.

Tema: Kva fortel stadnamn og kva fortel kartet?

Fyrste delen av programmet starta med oversikt over kart og bakgrunn for at landskapet ser ut som det gjer, og ordet vart gitt til Ivar Johan Jansen, kvartærgeolog og kartmann.

Han fortalde at frå han var gutunge, hadde han sett opp til Nansen, Amundsen og Ingstad. Kart og ukjente stader hadde alltid interessert han, og i 30 år hadde han hatt jobb i Kartverket.

Eit kart kan vere så mykje, og han viste oss fleire ulike typar slik som topografisk kart med høgdekurver, flybilde, satelittkart og temakart. Moderne teknikk har forbetra karta mykje. Google Earth og Norgeskart.no er framifrå.

Han fortalde også om korleis landskapet endrar seg og vert forma av bevegelse i jordskorpa, istider, landheving og menneskeleg aktivitet. Siste istid er den store landskapsarkitekten med dei endringane som vart gjort då isen trekte seg tilbake. Stein, grus og sand vart liggande att. Dei eldste laga vart liggande under vatn og etterkvart som landskapet heva seg, vart dei liggande som vollar inne på land. Han hadde utruleg mykje kunnskap om emnet, og det gav meirsmak på vidare lesing.

Neste foredragshaldar var Vidar Haslum. Han var i Mållaget i 2015 og gav også då eit grundig innblikk i stadnamngranskinga i Birkenes. Fint at han kom tilbake og fortalde meir. I 2022 gav han ut boka "Stedsnavn i Birkenes", og for denne fekk han Birkeland kommunes kulturpris 17. mai i år.

Han fortalde at interessen hans for namn begynte tidleg, og det var då han var med foreldra på hytta på Mosfjell han begynte å notere. På 1980-talet laga han ei namnbok der han la stor vekt på at kunnskapen skulle kome frå vanlege folk, frå dei som var oppvaksen på staden og brukte namna. Han gjorde intervju med 200 informantar som var født mellom 1887 og 1938, og samla 7000 stadnamn.

Han fortalde levande alt han hadde funne gjennom granskinga. Stadnamna fortel om korleis landskapet vart opplevd, om eigenskap, ver eller klima. Dei fortel også om personar, namn på kyr, hestar og andre husdyr. Han kom med fleire døme m.a. : Illverheia - uversheia, Vormli - ein stad der sola varmer godt, Lintjønn - ei tjønn der lin vart lagt til bløyting, Styggedalen - farleg dal.

Menneska for 1000 år sidan og lenger tilbake, levde i eit landskap der det var fullt av namn. Stadnamna våre er resultat av ein høgt utvikla kompetanse i å lage gode namn.

Interessant å ha foredragshaldarar som brenn for ei sak, og praten gjekk livleg rundt kaffibordet etterpå. Me var om lag 20 frammøtte, og det var ein lærerik og fin kveld!

Møte i Mållaget tysdag 22. oktober kl 19.00 i samarbeid med Fagforbundet i Agder.

Tema: Kva fortel stadnamn og kva fortel kartet?

Ser du på kart- ofte eller av og til? På dette møtet vil vi ha fokus på kva eit kart fortel og kva stadnamn betyr.

Då kjem Vidar Haslum, professor på institutt for nordisk og mediefag på UiA, men også ekspert på stadnamn. Han fekk kulturprisen i Birkenes kommune i år, nettopp for arbeidet med stadnamn. Vidare kjem Ivar Johan Jansen, kvartærgeolog og kartmann. Du er velkommen til å stille spørsmål.

Denne kvelden har Mållaget eit samarbeid med Fagforbundet i Agder. Slike samarbeid kan vere gode for å nå eit breiare publikum, så dette er kanskje starten på fleire gode samarbeid med andre frivillige organisasjonar.

Gratis inngang. Enkel servering.

Velkomne!

Lagsmøte med omframt årsmøte i Mållaget tysdag 17. sept. kl 19.00

Leiararen, Hallvor Brunstad, heldt ei kort og opplysande innleiing om kvifor styret i Mållaget tok opp saka om reiseskrivar no. Mållaget i Kristiansand ynskjer å styrke nynorsken i Agder. To studentar er viljuge til å ta på seg oppgåva, og med ungdomar i stillinga vil det vere lettare å nå dei unge. Laget har pengar til å finansiere det, og stillinga vil i fyrste omgang gjelde for eitt år, frå 01.01.2025.

Olav Molland, tidlegare styremedlem og leiar i Forretningsutvalet i Mållaget, uttrykte stor glede over at tiltaket no kom i gang att. Han var med frå starten i 2002, og mållaga i både Aust-og Vest-Agder samarbeidde godt om dette. Dessutan var det tett kontakt med Noregs Mållag. Frå 2005 vart Borghild Løver tilsett som reiseskrivar, og ho gjorde ein framfrå jobb her, t.d. med å få liv i nedlagde mållag og ved skulemålsrøystingar.

Framlegg til vedtak frå styret vart samrøystes vedteke:
Styret i Mållaget i Kristiansand ber årsmøtet om å løyve inntil 220 000 kroner til rekrutterings- og informasjonsprosjektet.
Styret ber også årsmøtet om løyve til å organisere prosjektet på
best mogeleg vis i samarbeid med Studentmållaget og styret i Vest-Agder Mållag.

Andrea Maini og Hege Haugen frå fylkesstyret i Aust-og Vest-Agder var med på årsmøtet. Dessutan Nora Tangen Aarskog, leiar i Studentmållaget i Agder. Ho fortalde litt om Studentmållaget og kva tankar ho hadde om reiseskrivarstillinga.

Andrea Maini er ein dugande pianist, og etter saka om reiseskrivar var ferdig, spelte han fleire stykke av Grieg, noko vi alle sette pris på.

Nestleiar i Mållaget i Kristiansand, Inga Lauvdal, oppfordra til å kome med ynskje for lagsmøte i vårhalvåret, og ho skreiv ned fleire idear som kom fram.

Møtet var slutt etter om lag halvannan time, og då hadde me også fått tid til ein kaffikopp og smakt på gjærbaksten.



Foto: Inga lauvdal          Tekst: Solveig Lima

Kyrkjekaffi i Mållagssalen sundag 26. mai

Sidan 2010 har det vore samarbeid mellom domkyrkja og Mållaget i Kristiansand om ei nynorsk gudsteneste i året. Sokneprest Aud Sunde Smemo er svært positiv til nynorsk, og ho syter for at liturgien og salmane denne sundagen er på nynorsk.

I Mållagssalen var det dekka til 40 personar, men det var altfor lite. Me vart nærare 60 etterkvart.

Kjellaug Kvalsvik ynskte velkomen og kom inn på at i 1909 var det eit stort målstemne med nynorsk gudsteneste og felekappleik for bispedømet. I 1914 kunne laget ynskje biskop Bernt Støylen velkomen til byen, og det er i år 110 år sidan. Bernt Støylen, også sunnmøring som Kjellaug, var ein aktiv bidragsytar til Mållaget. Støylen vart seinare pådrivar i ei salmeboknemnd sett ned av Det Norske Samlaget, og her arbeidde han saman med Anders Hovden og Peter Hognestad.

Solist i kyrkja denne sundagen var Bente Ringøen Hegen, og fleire ynskte at ho også skulle synge under kyrkjekaffien, noko ho gjorde til stor glede for oss som var der.

Inga Lauvdal, nestleiar i Mållaget, takka for frammøtet og ynskte alle velkomen til kulturkveldar utover hausten - både i Mållaget og BUL.

Nynorsk gudsteneste i domkyrkja og kyrkjekaffi i Mållagssalen etterpå er ein triveleg tradisjon som båe partar gjerne vil halde på.

Solveig Lima

Minnetale og kransnedlegging

Hallvor Brunstad, leiaren i Mållaget i Kristiansand, heldt ein svært bra tale der han fekk godt fram kva vi har å takke Jørgen Løvland for:

Tale til ære for Jørgen Løvland, 17. mai 2024

Jørgen Løvland vart fødd i Evje i 1848. Dette var året då revolusjonære faklar for over Europa. Likevel vart ikkje Løvland nokon revolusjonær: Han var ein pragmatisk mann som kunne inngå kompromiss når han måtte. Men det var tre ting han stod fast på: norsk fridom, norsk sjølvstende og norsk språk.

Løvland kom frå ein familie med rikeleg intellektuell kapital, men mindre økonomisk kapital. Sjølv om Løvland var evnerik, hadde familien berre råd til eitt års utdanning for han, der han utdanna seg til lærar. Etter å ha jobba som lærar, fekk han jobb som avisredaktør i Kristiansand. Løvland utmerkte seg i det politiske livet gjennom avisa, og han vart valt inn på Stortinget i 1885 for Venstre.

På Stortinget hamna han i strid med sitt eige parti i spørsmålet om gasje til ein forfattar som mange meinte ikkje var god nok. Løvland ville gi gasje, medan partiet sa nei. Forfattaren var Alexander Kielland, og her må vi kunne seie at Løvland fekk rett.

Det rasa to harde kampar på 1800-talet i Noreg, nemleg språkstriden og konsulatsaka. Den første var mellom nordmenn, og den andre var mellom Noreg og Sverige.

Språkstriden handla om kva slags språk som skulle skrivast i Noreg. Den gode professor P. A. Munch kalla ein gong norsk for eit "bondespråk", eit slags vulgærmål som ikkje kunne måle seg med det danske "kulturspråket". Løvland var derimot ein motstandar av språklege fordommar og heldt fast at det eine ikkje var finare enn det andre, men at norsk var norsk, og dansk var dansk: Løvland var her på linje med både Ivar Aasen og Knud Knudsen, som hadde meint at språket i Noreg skulle vere norsk.

Pragmatikaren Løvland var dessutan med på forhandlingar om norsk sjølvstende etter at konsulatsaka hadde gått over i politisk krise. Høgresida i Sverige ville ha krig mot Noreg. Det var ikkje revolusjonær glød, men forståing og fornuftige kompromiss som skapte ei minneleg løysing der ein vann norsk sjølvstende. Ein krig mellom broderfolk vart på denne måten unngått, og Løvland vart Noregs første utanriksminister i 1905. I 1907-1908 vart han statsminister.

Jørgen Løvland lærte oss at kamp mot fordommar er ein føresetnad for likeverd, og utan likeverd er det umogeleg å skape samhald. Med samhald og pragmatisme sikrar ein også fridom og sjølvstende.

Då Jørgen Løvland døydde i 1922, var det siste han sa: "Hald saman!"

Når vi ser feiringa av 17. mai i dag, med alle tunge stridsspørsmål lagde bak oss, er folkefesten den 17. mai, i ånda til Jørgen Løvland, det finaste uttrykket for samhald som finst.

Gratulerer!


Nynorsklesing i barnehagen

Mållaget har også i år kjøpt inn fleire nynorske biletbøker til barnehagar. Gyro Nesland Bjørnenak og Solveig Lima har hatt opplesingsstund på tre barnehagar, men i alt fem har fått bøker. Det kjem heldigvis ut ein del nye, gode biletbøker på nynorsk, t.d. Kari Stai, som både teiknar og skriv, og Hans Sande som skriv morosamt og tankevekkande.
Det er alltid hyggeleg å kome med nye bøker og lese ei lita stund. Det er dei største borna me har lese for både på Roligheden bhg, Læringsverkstedet bhg Tveit og Læringsverkstedet bhg Presteheia.
Dei er flinke til å konsentrere seg og kjem gjerne med kommentarar.I Eplehagen bhg gjer Åslaug Kvaale ein svært bra jobb med å presentere nynorskbøker for borna og heile personalet. Ho har fått tilbakemelding om at dei nynorsk biletbøkene ofte har best kvalitet.I Bergtorasvei bhg har dei kvart halvår fått låne 15-20 biletbøker frå lageret til Mållaget, ei ordning som har halde på sidan 2012. I tillegg til å låne, har dei også dei siste åra fått nye bøker.

Forfattaren og filologen Kristin Fridtun vitja Mållaget den 16. april.

Fridtun gav eit engasjerende foredrag om Håvamål (som tyder «den Høges tale», altså Odins tale), og særleg strofe 101 om Billings møy.

Fridtun peika på skilnader mellom den norrøne teksten frå 1200-talet og moderne omsetjingar; sistnemnde legg vekt på skjønnhet og potensielt objektiviserer henne. Moderne illustrasjonar av Billings møy gjer det same.

Fridtun argumenterte for at den norrøne teksten, som fokuserer på indre karakter, framstiller kvinna med meir respekt. Foredraget bidrog til ein grundig analyse av strofen og peika på korleis moderne omsetjingar kan påverke tolkingane våre av historiske tekstar.

Samla sett var foredraget både eit partsinnlegg og ein verdifull ressurs for å forstå Håvamål.

Hallvor Brunstad

Møt filolog og forfattar Kristin Fridtun i Mållagssalen 16. april kl 19.00

«Klok kvinne eller digg dame? Ei drøfting av kjønn i Håvamål-omsetjingar»

Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad og pensum i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, og då les vi som regel ei tekst skriven av ein mann, for Håvamål-omsetjarar flest er menn. Har det noko å seia?

I boka Klok kvinne eller digg dame? granskar filolog og forfattar Kristin Fridtun tjueåtte skandinaviske omsetjingar av diktet, og ho meiner at svaret er ja. Ta figuren Billings møy, til dømes: Er ho ikkje påfallande pen i mange av omsetjingane? Og litt vel lettkledd i illustrasjonane?

BUL-koret onsdag 20. mars

Per Sivles tekst "Og vesle lerka ho hev det so" , var ein fin start på denne trivelege songkvelden. Koret, med dirigenten Synnøve Djupesland, hadde plukka fram mange kjente og ukjente viser om våren og avslutta med sommaren. Visene vart introdusert etterkvart av leiaren i koret, Greta Lohne, og sjølv om det ikkje var vårver ute, fekk ein ei god kjensle - og kunne begynne å gle over at våren kjem nok i år også!

Ei god oppleving med ein aktiv dirigent og eit kor som synte svært stor songglede, noko som laga ei fin stemning i salen.

Bul og Mållaget var saman om denne kvelden, men me var ikkje mange frå Mållaget.

Solveig Lima

Årsmøte i Mållaget 13. februar

Sjølv om dette var ein vinterdag med snøfylte gater og isete fortau, var me likevel 16 medlemer til stades. Leiaren, Anne Kari Slettan, opna årsmøtet. Sylfest Lomheim vart vald til ordstyrar og Svein Slettan til skrivar, Olav Molland og Kjellaug Kvalsvik vart valde til å skrive under protokollen.

Oddmund Loland, styreleiar for Gyldenløvesgt 11 AS, delte ut ei skriftleg orientering, og folk gav uttrykk for at dei var nøgde med drifta. Anne Kari Slettan la fram årsmeldinga, som vart godkjent utan merknader. Solveig Lima la fram rekneskapen og budsjettet for 2024, som også vart godkjent utan merknader.

Etter blautkake og kaffi kunne me også i år gle oss over å høyre Maria Viken lese dikt.

Valnemnda hadde dette forslaget til nytt styre: Hallvor Brunstad, leiar for 1 år, Svein Slettan og Dag Olav Hagen har 1 år att. Nye for 2 år: Inga Lauvdal og Gyro Nesland Bjørnenak. Varamedlemer for 1 år: Guro Lillebø og Trude Lindø. Inga Lauvdal var 1. varamedlem i 2023, og Guro Lillebø går no inn som 1. varamedlem og stiller fast på styremøta. Alle vart valde med akklamasjon. Anne Kari Slettan hadde fråsagt seg attval som leiar, og Solveig Lima hadde fråsagt seg attval som styremedlem.

Utsendingar til landsmøte i Noregs Mållag og Vest-Agder fylkesmållag fekk styret godkjenning til å velje ut.

Eit triveleg årsmøte, der utdeling av blomebukettar høyrer med før det bar ut i vinterbyen att!

Styret


Forfattarmøte med Gunstein Bakke tysdag 23. januar

Agder-forfattaren Gunstein Bakke er frå Grendi i Bygland, og bur nå i Oslo.

Han har gitt ut bøker både på nynorsk og bokmål.

I Mållaget fortel han om forfattarskapen sin og les frå romanen Austalgi (2021) og diktsamlinga Overgang til menneske (2023).

Gratis inngang. Lett bevertning.

Alle velkomne!

Forfattarmøtet med Gunstein Bakke

Møtet vart arrangert tysdag 23. januar, og det vart ei givande oppleving for alle som møtte opp. Agder-forfattaren Bakke har gjennom ein brei forfattarskap skrive både på nynorsk og bokmål, og både prosa og lyrikk.

Under møtet vart det klart at forfattaren allereie frå ung alder las mykje klassisk litteratur, som det var mykje av i barndomsheimen. Det interessante er at sjølv om han tidleg kjende forventinga om å skrive på nynorsk og utforske lokale tema, valde Bakke å gå sine eigne vegar og skrive på begge målformer. Dette valet har gjort forfattarskapen hans meir mangfaldig.

Publikum fekk eit nærare innblikk i den kreative verda hans gjennom høgtlesinga frå boka "Austalgi" (2021) og diktsamlinga "Overgang til menneske" (2023).

Det var tydeleg under høgtlesinga at Gunstein Bakke er oppteken av god klang heilt ned på setningsnivå, og orda vart levande og behagelege å lytte til i ein slags rytmisk flyt. Dette bidrog til å gi dei frammøtte ei engasjerande og vakker leseoppleving, der forfattaren formidla innhald frå verka sine sikkert og med innleving.

Publikum fekk ikkje berre nyte ein kveld med ei litterær oppleving, men også kaffi og kringle, noko som skapte ein hyggeleg slutt på forfattarbesøket.

Hallvor Brunstad

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!