2020

Medlemsbrev 19. november 2020

Fyrst må eg melda at Jolemøtet 8. desember diverre er avlyst pga. smittesituasjonen. Heldigvis fekk me gjennomført fine samlingar i september, oktober og november. Samandrag frå møta finn dykk på den nye heimesida https://www.maalkrs.no/a2020/

17. mai 2021 er det 50-års jubileum for den offisielle opninga av Mållagsbygget. Dette vil me markera og då vil det truleg vera mogeleg med normale tilstellingar. Styret er i gang med vårprogrammet, og me er taksame for alle innspel. Så langt ser det slik ut https://www.maalkrs.no/program/

Mållaget har møblar m.m. i kjellaren som me ikkje har bruk for lenger. Medlemmar som vil kjøpa desse må senda eit skriftleg bod til maalkrs@online.no seinast måndag 21. desember. Om ingen vil ha dei eller prisen er for låg, vert dei lagd ut på Finn i januar. Sjå vedlegg for foto. For meir informasjon ring meg på 97970158:

  • Krogenæs, solid hyttemøblement med bord, fire stolar og ein fireseter sofa. Trekka er blå/grøne og litt falma. Det er ei ripe i eikebordet. Seljast helst samla.
  • Zanussi, lite sidehengla fryseskåp, i bruk til mai 2020.
  • Oppvaskmaskin for innbygging, 60 cm, ukjent historikk.

Verveaksjonen 2020 er godt i gang og så langt har me fått åtte nye medlemmar. Alle som melder seg inn i perioden 1. oktober til 31. desember 2020 får medlemskap 2020-2021 for berre 200 kr. Send ein SMS med NYNORSK til 2490 eller gå inn på https://www.nm.no/bli-medlem/ og registrer deg. Veit du om nokon som kanskje vil vera medlem så ta kontakt med dei!

Fylg med på https://www.maalkrs.no/ og https://www.facebook.com/groups/620519508537052

for styret

Ronny Rognhaugen, 19. november 2020.

Skrivetevling - innlevering seinast 19. desember 2020

for alle VGS elevar i Kristiansand og Vennesla hausten 2020. Sjå vedlegget under for meir informasjon:

Mållagsmøte 3. november 2020: Aud Sunde Smemo fortel om Hans Børli.

Me var 17 frammøtte som fekk høyra eit spanande føredrag om livet til diktaren. Dette var eigentleg fyrste del og så kjem det kanskje ein annan bolk om sjølve diktinga.

Hans Børli vart fødd 8. desember 1918, Aurskog i Hedemark. Mora Bolette var personleg kristen og meinte at det meste var synd, med unnatak av radio. Det var over to mil til kyrkja, men ho meinte ho kunne høyra klokkene heimanfrå. Faren var ein slitar som sa lite. Hans var ein fem sysken. Sju år gamal felte han sitt fyrste tre og som elleveåring var han fullverdig tømmerhoggar. Han gjekk på Fjellbu internatskule, og budde hjå slekt i to veker før han hadde to veker «fri». Dei vart kalla skoginnar og kjente seg som ein slags pariakaste sidan dei ikkje åtte plassen, skogen eller eit einaste tre. Ei mindreverdskjensle han aldri kommer over vart tufta på dette. Han vart ofte nervøs og keitete saman med andre. Han kalla barndommen for eit tapt paradis, men han opplevde at himmelen alltid stod open.

Allereie som seksåring kunne han lesa, men det var få bøker i heimen. Han fekk låna bøker i bokhandelen dryge to mil unna. Læraren såg at det budde ein poet i Hans og 14 år gamal fekk han ein stil på prent. Det vart ei kronerulling for å kosta skulegang, men det vart ikkje nok. Han brukte pengane til eit gevær. Han gruva for konfirmasjonen og den lange vegen til kyrkja. Han fekk kristendommen opp i halsen, og han mislikte særleg at predikantane brukte for store ord. Alt det ulne Jesuspratet. Det namnlause namnet.

Ofte er han forelska, men han vågar seg ikkje frampå. Som 16-åring skriv han mykje i koia medan dei andre søv. Han vert erta og plaga for skrivinga. Så byrjar han på ein to-årig befalsskule, får middelskule-eksamen og lærar å setja komma. Han kjem med i dei harde kampane ved Vardal i 1940, og vert nær treft. Han møter Magnhild Lien som er av eit anna folk; friare og opnare, sjølv om dei er fattige òg. Men dei eig litt skog. Han kjenner seg godteken og inkludert i familien. Dei gifter seg i 1946 og får ei dotter Tone Beate.

I 1941 får han kontakt med Rolf Jacobsen som er bladstyrar i Kongsvinger Arbeiderblad (seinare Glåmdalen) og skriv på diktboka Tyrielden (1945). Det er enkle kår som skogsarbeidar. Kvardagen i skogen og lengta etter noko anna. Han er ein einstøing og deler ikkje skrivinga med arbeids-kameratane. Det verste er å halda ut med deg sjølv, det tærande sjølvhatet. Jamvel vert det som regel ei bok i året, men dikta er borna og han klarar ikkje å skilja dei gode frå dei mindre gode dikta.

Han møter Erik Bye som fortel om utferder og andre kulturar; «Der skulle vi ha vøri kal ...» Men Børli kjem berre til Las Palmas og det vert ein nedtur. Seinare flyktar han med ein kvinneleg journalist, som syner ei forståing og interesse han har lengta etter. Men han kjem attende til Magnhild, slukøyra og stakkarsleg. Så brenn huset til foreldre, ei syster tek sjølvmord, ein bror døyr i ei trafikkulukke, Magnhild får kreft og Hans hjarteinfarkt. Han døyr 26. august 1989, vel 70 år gamal. Erik Bye held ei gild gravtale; Børli skildra menneskelivet, det å vera liten i ei stor verd.

Børli er ei viktig røyst i norsk litteraturhistorie. Oppveksten i enkle kår og opplevinga av naturen er viktig for å forstå honom. Han hadde ein lengt etter noko meir, men jamvel eit ynskje om slå seg til ro og vera nøgd med det ein fekk. Han mislikte kallenamnet «skogens diktar».

Etter føredraget var det kaffi og kringle. Det vart mang ein god prat rundt borda denne kvelden.

Ronny Rognhaugen, 5. november 2020.

Mållagsmøte 13. oktober 2020: Ernst Håkon Jahr fortel om Andreas Faye og Ivar Aasen

Det var godt frammøte med 23 personar, og av desse ti norsklærarar frå Tangen. Ernst Håkon Jahr, tidlegare rektor ved UiA og no nestleiar i Mållaget, har lenge vore oppteken av lærarseminaret på Holt, og no skriv han på ein biografi om Andreas Faye. Føredraget vart direktesend på Facebook og 6-7 personar var innom for å sjå på.

NRK (nrk.no) har eit intervju med Halvdan Koht då han er 92 år i 1965. Han fortel at han ein gong såg Ivar Aasen i Oslo, men at han verka så stakkarsleg at han ikkje ville ta kontakt. Han hadde høyrt at mange folk plaga Aasen, og Koht hadde ikkje noko særskilt ærend med han. Elles er det skreve fleire biografiar om Aasen (1813-1896), og Ottar Grepststad sin er den siste.

Andreas Faye (1802-1869) derimot er meir ukjend. Faye var prest, pedagog, historikar og folkeminnesamlar. Han vaks opp i ein borgarleg heim i Drammen, og som mange unge menn på den tida, var det sjøen faren hadde etla han til. Faren var sjølv sjømann og handelsmann. Men Faye var kanskje litt for puslete til det, og tidleg synte han andre interesser og evner. 1808 var eit dramatisk år under Napoleonskrigane, og i Drammen var det mange svenske krigsfangar. Dette gjorde eit stort inntrykk på ungguten. Røykenpresten Christian Holst var med og vekte historieinteressa, m.a. lærte han seg Snorre på rams i dei tre og et halvt åra han gjekk i lære hjå presten. Seinare peika presten Wettergren i Borre på den nye latinskulen i Drammen som rette plass for ein med slike evner.

Det norske universitetet fekk ein trong start i 1813 som Det Kgl. Frederiks Universitet med berre få studentar. Største problemet var å skaffa røynde lærarar. Det viste seg vanskeleg å få professorar frå København. I teologi måtte universitetet byggja opp fagmiljøet frå botn med dei unge norske teologane Hersleb og Stenersen. I tillegg hadde universitetet medisin og juss.

Aasen var ein attpåklatt, fødd sju år etter nest yngste. Mora døydde då han berre var tre år, og faren då han var 13. Det var ikkje mykje skule han fekk, men 18 år gamal fekk han sin fyrste lærarpost. Deretter kom han til prost Thorsen. Her fekk han hug for tenestejenta, men prosten likte det ikkje, og han måtte slutta. Så arbeidde han sju år hjå kaptein Daae. Her skreiv han «Om vort Skriftsprog» i 1836, men desse tankane og kanskje sjølve livsoppgåva vart ikkje publisert før mykje seinare (Syn og Segn 1909). Samstundes bygde han opp eit stort herbarium med 539 planter frå Sunnmøre. Og han studerte europeiske kongehus, statsøkonomiar og sunnmørsdialekta. Aasen var såleis eit allsidig flogvit, og han var særleg god til å systematisera store datamengder, anten det var sjølvfanga trostar eller ordtak. Så gjekk han til Bergen for å møta biskop Jacob Neuman. Sjølv hadde han mest tru på biologien, men Neuman ville det annleis. Rasmus Rask (1787-1832) hadde granska det islandske språket 1814-1818, og frå skriftene hans lærte Aasen det grunnleggjande innan språkvitskapen.

Faye vart cand.theol. i 1828, men han hadde ikkje interesse for ei prestestilling da. I staden skreiv han den fyrste samla noregshistoria mens han var lærar i Arendal. Og så drog han på reise til Europa. Faye møtte Goethe 15. mai 1831 i Weimar og er einaste nordmann me veit som fekk audiens hjå Goethe. Goethe var særleg interessert i bergverksdrift i Noreg, og Faye gav han namn på tre kontaktpersonar, den eine var Jacob Aall. Då han kom heim i 1831, var historieboka ferdig frå trykkeriet. Boka vart seinare omsett til svensk og tysk. Andre utgåva kom ut i 1834, og Aasen las boka hjå Daae det året. Ein kortversjon for allmugeskulen kom ut same år.

Jacob Aall hadde eit stort privat bibliotek, og det var ein viktig grunn til Faye søkte stillinga som sokneprest i Holt ved Arendal i 1832. Han var innstilt som nummer tre, men fekk stillinga i 1833 med hjelp av gode støttespelarar. Frå skipinga i 1839 til 1861 leia han lærarseminaret der. Frå 1861 til sin død var han sokneprest i Sande i Vestfold. I 1877 vart seminaret flytta til Kristiansand og er såleis opphavet til lærarhøgskulen, HiA og UiA. Holt var viktig for fleire språkinteresserte, og Arne Garborg var elev ved seminaret. Husmannsgutten Knud Knudsen frå Holt fekk økonomisk støtte til utdanninga si m.a. frå Faye.

Faye hadde ein studiekamerat, Fredrik Bugge, som leia Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim, og som vart skipa i 1760. Med Bugges hjelp fekk Aasen stipend derifrå for å samla inn språkmateriale i landet i åra 1842-1846. På reisene sine gjorde han det slik at han fann ein sentral plass i bygda og hadde det som base så lenge han fann noko interessant. Langs Sørlandskysten fann han lite, men det vart betre i innlandet og i Valle var det overvettes. Av og til noterte han i sine dagbøker G-griller (gjente) og var nok ganske einsam det meste av livet.

Jola 1945 var han i Kristiansand, og på nyåret møtte han Faye på Holt. Dei var saman i ei veke, og drøfta og samtalte om Aasens store prosjekt. Ved avreisa fikk Faye eit notat av Aasen, der han i detalj skriv korleis det vidare arbeidet skulle gå føre seg: grammatikk (1848), ordbok (1850) og prøver på eit felles språk (1853). Dette er einaste eigentlege dokumentasjonen på metoden før desse bøkene vert publiserte. Det er heilt klart at han har drøfta innhaldet med Faye. Skrivet låg seinare saman med mykje av det Faye hadde samla, og då han døydde i 1869, var Riksarkivet snøgt ut med å overta Fayes samlingar (som privatarkiv nr. 15). Ottar Grepstad nemnar dette kort i sin Aasen-biografi, men legg ikkje særleg vekt på kor avgjerande dette møtet var for Aasen.

Det var lærerikt og interessant på alle vis, og samlinga vart avslutta med kaffi og kringle. Stor takk til Ernst Håkon som stilte opp og takk til komiteen med Gyro, Kjellaug og Ronny.

Ronny Rognhaugen, 19. oktober 2020.

Medlemsbrev 8. oktober 2020

Hausten er komen og programmet vårt held fram trass i regn, vind og korona. På Mållagsmøtet 8. september med Brit Bildøen var me berre ti frammøtte, men det vart eit gildt møte for oss som var til stades. Det nye kjøkenet er innvia og komiteen fann seg fort til rette. Fullstendig rapport ligg på heimesida vår saman med mykje anna. Haustsamlinga på Ose nærmar seg og fullstendig program kjem snart. På haustseminaret er hovudtemaet «Agdersatsinga 2021-25». Slik ser programmet ut fram til jol:

  • 13. oktober Ernst Håkon Jahr fortel om Andreas Faye og Ivar Aasen
  • 30-31. oktober Haustsamling på Ose med Kulturkveld fredag og haustseminar laurdag
  • 3. november Aud Sunde Smemo fortel om Hans Børli, skogens diktar
  • 8. desember er det jolemøte (påmelding)

Verveaksjonen 2020 er godt i gang og alle som melder seg inn i perioden 1. oktober til 31. desember 2020 får medlemskap 2020-2021 for berre 200 kr. Send ein SMS med NYNORSK til 2490 eller gå inn på medlemssida og registrer deg. Veit du om nokon som vil vera medlem så ta kontakt med dei. Dei fleste treng eit smittevenleg dytt!

Når det gjeld heimesida skal denne flyttast over på ny plattform i oktober. Adressa skal då vera https://maalkrs.no som tidlegare. Det ligg mykje historikk på den gamle sida og me vil freista å få med oss alt. Ingenting skal gå tapt, men det er førebels uvisst korleis alt skal visast. Den gamle sida vert stengd 31/12-2020 sidan Noregs Mållag avviklar systemet. Facebook sida har no 81 medlemmar.

Hjelp til med å varsla kjenningar om våre arrangement og heng gjerne opp plakatar på høvelege plassar!

Ronny Rognhaugen, 8. oktober 2020.

Verveaksjonen 2020

Alle som melder seg inn i perioden 1. oktober til 31. desember 2020 får medlemskap 2020-2021 for berre 200 kr. Send ein SMS med NYNORSK til 2490 eller gå inn på medlemssida og registrer deg. For meir informasjon sjå her. Så langt har me fått 13 nye medlemmar lokalt i år; totalt 129 og for heile landet 13.870 (16/12).

Ronny Rognhaugen, 30. september 2020

Testing av ny heimeside for MiK

Noregs Mållag har bytt heimeside for https://nm.no i sumar. Det gjer at lokallaga som har nytta same løysing mistar tilgangen til nyttår. Styret vurderer alternativ og me testar denne løysinga. Ta gjerne ein kik og gje oss ei tilbakemelding. Planen er å få den nye sida klar i november. Adressa vert då https://maalkrs.no.

(13.09.2020) Ronny Rognhaugen  

Mållagsmøte tysdag 8. september 2020 med Brit Bildøen.

Sylfest Lomheim ynskja velkomen. Me talte diverre berre ti med alle; gjester, komité og medlemmar. Møtet tok til med to songar; (400) Målet hennar mor og (449) Den fyrste song.Brit Bildøen er fødd i Ålesund, men var innom Bergen og Oslo før oppveksten på Aukra, ei øy like vest for Molde. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga «Bilde av menn». Totalt har det kome 15 bøker i dei fleste kategoriar frå henne, og biblioteket i Kristiansand har ni av desse. Møtet tok føre seg dei to siste romanane. Ho har jobba som konsulent i Samlaget i 15 år.

Sju dagar i august (2014) handlar om ekteparet Sofie og Otto. Dei miste ei dotter på Utøya i 2011 og åtte år seinare går handlinga føre seg onsdag-torsdag. Eit flottbitt utløysar det heile og det skjøre samlivet vert rive ned og krakelerer. Ideen til boka er lånt frå «Desperate personar» av den amerikanske forfattaren Paula Fox. Tre vegar til havet (2018) er bygd opp om tre parallelle historier; kroppen, Staten og eksilet. Hovudpersonen er same kvinne i ulike stadium etter avslaget på ein adopsjonssøknad. Den fyrste delen er sjølvopplevd. Historia starta med eit tankebilete om ei kvinne som trilla på ein koffert med ein daud katt. Skreiv fyrst eksilet, så Staten og til slutt kroppen. Perspektivet er tredje person, for ikkje å gjera det for personleg. Ornitologien var viktig for eksil delen og handlinga er lagt til Lista. Ho likar å setja seg skikkeleg inn i noko nytt. Det førde til at ho vart spurd av Kagge forlag om å skriva ei sakprosabok om fuglar «Over land og hav» som snart kjem ut.

Ho fortel at bøkene ofte har ein lang tenkjefase før ho finn personar og hendingar. Struktur og komposisjon kjem til etter kvart. Ho er ingen ordgytar og legg mykje i kvar setning. Starten på ein roman er viktig. Lesaren må koma fort inn i historia og verta inkludert . Ei god bok skal ikkje vera for lang. Føredraget vart avslutta med ein song; (599) Nordmannen, millom bakkar og berg. Etter møtet var det servering av kaffi og kringle. Praten gjekk om mykje og mangt. Takk til komiteen med Kjellaug, Sylfest, Cecilie og Ronny. Stor takk til Solveig som hjelpte oss å finna fram i det nye kjøkenet.

(09.08.2020) Ronny Rognhaugen

Medlemsbrev 16. august 2020

Etter ein spesiell vår vonar eg det vert normal aktivitet i haust. Me gjer difor eit nytt forsøk med Brit Bildøen og Aud Sunde Smemo. I tillegg kjem Ernst Håkon Jahr med eit interessant tema. Dei siste åra har styret invitert til litteratur/lyrikk samlingar. Dette har vore uformelle møte kor me har delt våre lesaropplevingar. Diverre har deltakinga vore fallande og dei siste gongane var me berre tre-fire til stades. Styret har difor vedteke at me inntil vidare ikkje programfestar desse. Men om det er medlemmar som vil ta ansvar for samlingane, vil styret gjerne vidareføra tiltaket. Om du kan tenkja deg dette så ta kontakt med meg.Mållaget har fått si eiga side på Facebook. Gruppa har no 73 medlemmar og meld deg gjerne inn om du ikkje allereie har gjort det på https://www.facebook.com/groups/620519508537052.

Sjølv om det har vore lite medlemsaktivitet har ikkje styret vore arbeidslaust. Me har brukt mykje tid på interne tilhøve og vil halda fram med dette i haust. Resultatet vil leggjast fram på eit mållagsmøte i god tid før årsmøtet 16. februar. Prosjektet med nytt kjøken vart vedteke i vår og er snart klart til bruk. Prosjektet er kostnadsrekna til 800.000 og betalast av G11 Eigedom AS. Dette vil få verknader for den økonomiske situasjonen til Mållaget i år. Landsmøtet for Noregs Mållag vart utsett frå april til oktober, men det er framleis uvisst om gjennomføringa pga. koronasituasjonen.

(16.08.2020) Ronny Rognhaugen

Hausten 2020

Etter ein spesiell vår vonar me det vert normal aktivitet i haust. Då er det nye kjøkenet òg klart.

Torsdag 20. august - Dugnad G11 kl. 17

Tysdag 25. august - Styremøte kl. 17

Tysdag 8. september - Mållagsmøte med Brit Bildøen i samtale med Sylfest Lomheim om forfattarskapen hennar.

Tysdag 6. oktober - Styremøte kl. 17

Tysdag 13. oktober - Mållagsmøte med Ernst Håkon Jahr som fortel om Andreas Faye og Ivar Aasen.

Tysdag 3. november - Mållagsmøte med Aud Sunde Smemo som fortel om Hans Børli, skogens diktar.

Tysdag 17. november - Styremøte kl. 17

Tysdag 8. desember - Jolemøte.

Tysdag 26. januar - Styremøte kl. 17

Tysdag 16. februar - Årsmøte kl. 19

(22.06.2020) Ronny Rognhaugen

Koronasituasjonen gjer at våre medlemsmøte inntil vidare er avlyst!

Haustprogrammet vert klart innan utgangen av juni.

(26.03.2020) Ronny Rognhaugen

UiA bryt framleis mållova - studentar får ikkje eksamensoppgåver på nynorsk

Lesarinnlegg 10. mars 2020 frå Åse Wetås, direktør i Språkrådet https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/wPQg8L/nye-lovbrot-ved-uia

Studenten fekk ikkje eksamensoppgåva på nynorsk slik norsk lov krev. Språkrådet kjem med skarp kritikk av UiA som på si side innrømmer lovbrotet.

https://www.e-pages.dk/fvn/40173/article/1099756/9/3/render/?token=3ad6df018859a85e2015ed8e4dee77b1 side 9.

(21.03.2020) Ronny Rognhaugen

Mållagsmøtet med Brit Bildøen tysdag 17. mars 2020 er avlyst!

Pga. koronaviruset må me diverre avlyse dette møtet.

(08.03.2020) Ronny Rognhaugen

Årsmøte for Mållaget i Kristiansand tysdag 11. februar

Årsmøtet vart gjennomførd som planlagd med 15 medlemmar til stades.

Leiv Storesletten leia møtet. Solveig Lima las årsmeldinga og Ronny Rognhaugen la fram rekneskap og budsjett. Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg om å innføra lokallagskontingent på 40 kroner frå 2021. Ole Steffen Gusland las orienteringa frå Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS. Alt vart godkjend og teke til vitande. Under matøkta informerte Torbjørn Vik om brannrutinane i bygget. Møtet vart avslutta med val av nytt styre og utsendingar til landsmøtet på Sola 24-26. april og fylkesmøtet på Evje 28. mars. Ny leiar takka årsmøtet for tilliten, valkomiteen for sitt arbeid og Solveig Lima for ein framifrå innsats som leiar for Mållaget i sju år! Og stor takk til Tobbi Kvaale som går ut av styret etter seks år.

Nytt styre 2020:

  • Leiar Ronny Rognhaugen (ny), heimeside
  • Nestleiar Ernst Håkon Jahr (ikkje på val)
  • Kasserar Anne Erfjord (ny)
  • Styremedlem Gyro Irene Nesland (ny), skulemål
  • Styremedlem Sylfest Lomheim (ikkje på val), stipend og skrivetevling
  • Varamedlem Kjellaug Kvalsvik (attval) og Ragnar Alrek (ny)

(13.02.2020) Ronny Rognhaugen

Utdeling av premiar for Twitter-novelle KKG 28. januar

Det var ei vellukka prisutdeling på KKG. Mange elevar (to klasser kopla saman), opplesing av tekstar, og mykje applaus til vinnarane. Det vart jamvel oppslag i Fædrelandsvennen, rett nok på bokmål!

(30.01.2020) Ronny Rognhaugen

Mållagsmøte 28. januar med Sylfest Lomheim: Skilnaden på å skriva sakprosa og skjønnlitteratur

Ernst Håkon Jahr innleia møtet og presenterte føredragshaldaren. Dei 20 frammøtte tok til med songen "Målet hennar mor" med Sylfest som forsongar. Sylfest tok utgangspunkt i røynslene med "Andre Samuelsbok" som han gav ut i 2019. Romanen kom til som ei utfordring i 2013 frå ein forlagsredaktør som Sylfest ikkje klarte å seia nei til. Det vart ein lang prosess fram til målet. Hovudpersonen i boka er ein psykiater med namnet Samuel Ølnes og handlinga vekslar mellom Oslo og Sogn. Nokre verkeleg personar er på gjesting i boka, men dei fleste er oppdikta.

Tittelen peikar på Bibelen og soga om dei fyrste kongane David og Saul.Den fyrste utgåva var på 400 sider før ho vart kutta ned til 220. Dette kan vera tungt for mange forfattarar, men det kosta ikkje så mykje for Sylfest å vera litterær kirurg. Mykje bra vart fjerna, men resultatet vart strammare og betre jfr. Tarjei Vesaas. Forlaga kom med innspel om båe form og innhald. M.a. vart innleiinga flytt på og forteljarrøysta vart endra frå 3. person (han) til 1. person (eg). Det siste gjorde jamvel at det vart meir avstand til hovudpersonen. Sylfest meinte at forlaga var for opptekne av konstruksjon, vendingar, plott og løysing: "Livet går ikkje opp!" I utgangspunktet er det ein glidande overgang mellom fakta (factum est) og fiksjon. Essayet er eit slikt grensetilfelle.

Litterære grep som frampeik kan nyttast i sakprosa og kunstprosa kan innehalda faktaopplysningar jfr. Agnar Mykle og Kjartan Fløgstad. Sjølv om sakprosa er tufta på gransking så må ein byggja informasjon i ein roman for at historia skal vera truverdig. Sylfest meinte at det viktigaste skiljet var språket; i kunstprosa er språket sjølve poenget. Skrivekunsten, ordkunsten. Sakprosa: Å skriva er å tenkja; eksplisitt argumentasjon. Kunstprosa: Lat lesaren lesa og tenkja sjølv (implisitt). Til slutt vart det opna for spørsmål og det var delte meiningar om grensegangen. Romanen måtte vera noko meir enn berre språk. Røyndomslitteraturen til Karl Ove Knausgård og Vigdis Hjort vart òg nemnd. Føredraget vart avslutta med "Blåmann, blåmann bukken min".Under matøkta etterpå var det høve til å kjøpa signerte bøker av forfattaren.

(30.01.2020) Ronny Rognhaugen

Litteratur/lyrikkveldar 2020

Desse kveldane er ei uhøgtideleg samling der det er valfritt kva de vil ta med og snakke om. Det kan vere dikt, noko i samband med ei bok eller ei kort novelle. Tysdagar kl. 19; 4. februar, 3. mars og 5. mai. Samlinga plar vare litt over ein time. Svært enkel servering: Ein kopp kaffi og noko attåt.

Hjarteleg velkomen!
(30.01.2020) Ronny Rognhaugen 

Vårprogrammet er no klart!

Tysdag 14. januar Styremøte

Tysdag 28. januar Mållagsmøte med Sylfest Lomheim: «Om skilnaden på å skrive skjønnlitteratur og sakprosa».

  • Tysdag 4. februar Litteratur/lyrikk
  • Tysdag 11. februar Årsmøte
  • Tysdag 3. mars Litteratur/lyrikk
  • Tysdag 17. mars Mållagsmøte med Brit Bildøen. Forfattaren har samtale med Sylfest Lomheim om forfattarskapen hennar.
  • Tysdag 24. mars Styremøte
  • Tysdag 21. april Mållagsmøte med Aud Sunde Smemo: «Hans Børli - skogens diktar»
  • Tysdag 28. april Styremøte
  • Tysdag 5.mai Lyrikk: Skogens diktar
  • Sundag 10. mai Nynorsk gudsteneste i Domkyrkja
  • 17.mai Kransnedlegging ved bysta til Jørgen løvland. Tale ved Gudlaug Nedrelid.
  • Tysdag 9. juni Styremøte

(21.11.2019) Ronny Rognhaugen

© 2022 Mållaget i Kristiansand
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!