2025

Ord leitar seg fram blant folk
pyntelege ord vaktsame ord
hjelpelause ord
setningar som går seg vill
ei hemmeleg kviskring i øyra
språk utan vandelsattest
stundom skuggen av ei uventa meining
eller eit ekko, røystene til forfedra
formødrer som talar gjennom deg
Ord som har slått seg ned i gatene
mellom kvaderaturens kvite hus og murklossar
ord på reise, borne hit frå munn til munn til munn
ord farga av røsslyng, gjennompusta av saltvind
ord frå reinsdyrviddene eller fiskebåten
slitets ord,
og ei still glede
som får ord til å lysa, innanfrå
til sist eit hundre år gamalt kallesignal
knapt høyrbart; ei frosen sjel som ikkje vil gi opp
når Petronelle Torjusdatter ropar ut
det ho har i korga si: mat
i bytte for liv.
Paal-Helge Haugen
Stipendutdeling våren og hausten2025
Sidan 2008 har Mållaget i Kristiansand lyst ut stipend på 10 000 kr for journaliststudentar frå Agder, men det har vore få frå Agder som har søkt. Sidan det har vore mange gode søknader, er stipend likevel delt ut til studentar frå andre stader i landet. I år vart det delt ut til Svanhild Bøe frå Voss for studieåret 2024/25. Ho har bestått ei bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Bergen med svært bra resultat.
Styret vedtok difor hausten 2024 å heller satse på studentar i Agder som ville bruke nynorsk i mastergradsoppgåver. Stipendet er framleis på 10 000 kr for studieåret og vert utdelt når masteroppgåva er godkjent. Fire studentar ved UiA har levert godkjente masteroppgåver:
Martin Fjelde: Kampen om sympati "Ein kritisk diskursanalyse av Dagen og Klassekampen sin representasjon av sjuande oktober og krigen på Gaza".
Ulrik Vikestad Thorsen : Masteroppgåve i Samfunnsplanlegging, stad og prosess "Sosiale fellesskap og korleis vi kan få dei til."
Celina Telhaug og Susanne Eikeland: Leik i begynnaropplæringa. Ei kvalitativ undersøking av moglegheitene i rolleleiken.
Tora Fosså Salte: Den første kvinnestudenten. Ein kritisk diskursanalyse av språklege verkemiddel i essayet Kvinne-studentar av Arne Garborg
Styret meiner der er svært bra at studentar får ein ekstra "dytt" til å bruke nynorsk i skrift og vil halde fram med dette.

