
Møt forfattaren Olaug Nilssen
28. oktober kl 19.00 i Mållaget
Forfattaren vil fortelje om seg sjølv og bøkene sine. Ho har skrive mykje frå ho var ganske ung og fått mange prisar. Ho slo for alvor gjennom med romanen Få meg på, for faen i 2005. I 2017 fekk ho både Nynorsk Litteraturpris og Brageprisen for romanen Tung tids tale.
Les meir om henne her
Foto: Det norske Samlaget
Haustprogram 2025
NB: Onsdag 24. septemer kl 19.45:
Fellesmøte med BUL. Inngangspengar 100 kr for medlem av Mållaget eller BUL.
Vidar Frøysnes: Hallvardsons reise. Forteljing om oppvekst prega av folkemusikk. Viser og country, gitar.
Tysdag 28. oktober kl 19.00:
Forfattarmøte med Olaug Nilssen.
https://nn.wikipedia.org/wiki/Olaug_Nilssen
Tysdag 11. november kl 19.00:
Markering av Mållaget i Kristiansand 125 år i 2025. Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, og forfattar Paal Helge Haugen kjem.
Tysdag 9. desember kl 19.00:
Jolemøte.
Reidar Mosland fortel om Christiansand Byselskap.
Påmelding.
Vårprogram 2025
Tysdag 21. januar kl 19.00: Yngvar Andersen frå Fortun i Luster kåserer: Bli inspirert til trening og nynorsk! I 2008 fikk han målprisen til Luster Mållag
fordi han brukte nynorsk i marknadsføringa av firmaet sitt og for
bruken av dialekta si i media. Frå 2006 var han ein tydeleg profil i NRK-programmet Puls, der han gav treningsråd til TV-sjåarane. Han er født i 1974, norsk friidrettsutøvar og trenar.
Tysdag 4. februar: Årsmøte. Saker til årsmøtet vert send ut til medlemene 14 dagar før.
Tysdag 18. mars: Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn vil halde foredrag om oppveksten, korleis det er å vere adoptert og kva nynorsken har betydd for han. Han er født i Sør-Korea i 1980 og adoptert til Sogn og Fjordane to år seinare. Han har skrive ni bøker for barn, ungdom og vaksne.
NB! Onsdag 9. april: Fellesmøte med BUL. Studentmållaget ved UiA står for programmet. Nora Tangen Aarskog, leiar i Studentmållaget ved UiA, held innlegg: "Korleis er det å vera nynorskstudent på UiA?" Deretter live musikk-kviss med tre dyktige studentar.
Grunnlovsdagen 17. mai: Tale ved bysta til Jørgen Løvland ved Nora Tangen Aarskog.Sundag 25. mai: Nynorsk gudsteneste i domkyrkja, med kyrkjekaffi i Bul-Mållagssalen etter gudstenesta.
Program hausten 2024 i Mållaget
Tysdag 17. september kl 19.00: Omframt årsmøte. Dessutan drøfting av arbeidet framover. Andrea Maini, piano.
Tysdag 22. oktober kl 19.00: Fellesmøte med Fagforbundet Agder. Kart og stadnamn.
Onsdag 13. november kl 19.45: Fellesmøte med BUL: Føredrag av Michael Schulte: "Runenes historie gjennom 1500 år"
Tysdag 10. desember: Jolemøte.
Vårprogrammet for Mållaget 2024:
Tysdag 23. januar: Møte med forfattaren Gunstein Bakke. Kl. 19.00.Agder-forfattaren Gunstein Bakke er frå Grendi i Bygland, og bur nå i Oslo. Han har gitt ut bøker både på nynorsk og bokmål. I Mållaget fortel han om forfattarskapen sin og les frå romanen Austalgi (2021) og diktsamlinga Overgang til menneske (2023).
Tysdag 13.
februar: Årsmøte. Kl 19.00.
Onsdag 20. mars: Sammøte med BUL: Å synge våren inn. NB! Kl. 19.45.Mållaget og BUL har mykje felles og held begge til i Gyldenløvesgate 11. Vanlegvis har vi iallfall eitt møte saman i halvåret. Denne gongen feirar vi våren med eit sang-arrangement.
Tysdag 16. april: Møte med språkvitaren Kristin Fridtun. Kl 19.00. Kristin Fridtun har markert seg med spennande bøker om både språk og kjønn, og er ein populær føredragshaldar. I 2019 fekk Fridtun Språkprisen frå Norsk Språkråd, for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Utgjevingar frå seinare år er f.eks. Homoflokar (2018), Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021) og Klok kvinne eller digg dame? Eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing (2023).
Grunnlovsdagen 17. mai: Tale ved bysta til Jørgen Løvland. Det er tradisjon at Mållaget markerer minnesmerket over Jørgen Løvland i Wergelandsparken. Vanlegvis er talen og bekransninga ein gong midt på dagen. Nøyaktig tidspunkt kjem i 17. mai-programmet. Nytt høvet til å høyre om politikaren og målmannen Jørgen Løvland! Etterpå er det mogleg å få seg ein matbit i Gyldenløvesgate 11, der BUL har 17. mai-kafé.
Sundag 26.
mai: Nynorsk gudsteneste i domkyrkja, med kyrkjekaffi i
Mållagssalen. Kl 11.00 .Ein annan god tradisjon er samarbeidet med Domkirken menighet om
nynorskgudsteneste i domkyrkja. Liturgien og salmene er på
nynorsk. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi i Mållaget. Nytt
høvet til å få med deg nynorskgudsteneste i bokmålsbyen
Kristiansand!
Styret i Mållaget
Program for hausten 2023
19. september: Konsert med Bjøro Hildebrandt og Trond Arntsen kl 19.00. Inngongspengar.
17. oktober: Forfattarbesøk. Guri Sørumgård Botheim.: «Kan skjønnlitteratur påverke? Om skriving, villreinen og respekt for naturen.» Kl 19.00.
22. november: Sammøte med BUL. Turne i folkeakademiet der forfattaren Tore Kvæven kjem. NB! Kl 19.45. Inngongspengar.
5. desember: Tradisjonelt julemøte med påmelding. Kl 19.00. Nestleiaren i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre vitjar oss
Program for våren 2023
15. mars - Konsert med Geirr Lystrup. Fellesmøte med BUL kl 19:45
18. april - Sigurd Brokke: "Vallemål.no - 20 år med ordinnsamling" kl.19:00.
Leiar i Norsk Mållag, Peder Lofnes Hauge, som skulle ha vore her, vil kome til hausten
17. mai - Tale ved bysta til Jørgen Løvland i Wergelandsparken ved Svein Slettan
4. juni - Nynorsk gudsteneste i domkyrkja. Deretter kyrkjekaffi i Mållaget
Program hausten 2022
Sundag 23. oktober - kyrkjekaffi på Mållaget etter gudstenesta klokka 11.00 i Domkyrkja
Tysdag 15. november klokka 19.00 - lagsmøte. Kulturjournalist Ottar Fyllingsnes held føredrag om Island, med særleg vekt på språk og litteratur
Tysdag 6. desember klokka 19.00 - Jolemøte
Neste ordinære årsmøte blir tysdag 14. februar 2023.