MÅLLAGET I KRISTIANSAND
Nynorsken på Agder i dag - ungdom og studentmållaget.
Av Nora Tangen, reiseskrivar og leiar i studentmållaget, UiA
På Agder er det i grunnskulen per 2025 litt over 1300 elevar som har nynorsk som hovudmål, då særleg i dei indre strøka av fylket. Blant desse er det fleire som flyttar på hybel når dei byrjar på vidaregåande skule, fordi det nemleg ikkje finst særleg mange vidaregåande skular i området. Ein ser ein tendens til at når elevar med nynorsk bakgrunn frå ungdomsskulen flyttar til meir sentrale område med bokmål i skulen, byter dei hovudmål frå nynorsk til bokmål. Denne endringa handlar om at bokmål er det ein vert vande med å sjå, og det vert difor eit enkelt val. Det er òg fleire unge som ikkje tek eit aktivt val med å endra hovudmålet sitt, men det hender automatisk når ein kjem til den vidaregåande skulen, utan at ein legg merke til det.
Når elevane skal verta til studentar kjem dei gjerne til Kristiansand eller Grimstad for å studera på UiA. Dei elevane som har vore flinke til å halda på nynorsk som sitt hovudmål vil sjå at det òg på universitet er utfordrande å halda på han. Den mest synlege, dessutan gjentakande mangelen på nynorsk på universitetet, er at mange ikkje får eksamen på målet sitt. Om ein aktivt har valt nynorsk på førehand, hender det stadig at ein likevel berre får eksamensoppgåva på bokmål. Norsk Målungdom har ein portal på nettsida si, der ein kan klaga på mangel av eksamensoppgåve på nynorsk. Grunnen til at dette ikkje vert betra, er at det ikkje finst noka reell «straff» for institusjonane som bryt Språklova. Språkrådet kan gje åtvaringar, men har ikkje makt til å bøteleggja nokon.
I paragraf 13 i Språklova heiter det at «sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument». Då UiA skulle til Språkrådet rapportera om bruken av nynorsk og bokmål i 2022, viste deg seg at universitetet i svært liten grad brukte nynorsk på nettsider, dokument og i sosiale medium. Dei fleste digitale skjema og sjølvbeteningsløysingar fanst båe på nynorsk og bokmål, men fem fanst berre på bokmål. Dette vil seia at UiA bryt Språklova.
Leiinga på UiA si haldning til nynorsk er generelt dårleg. I 2018 gav Forskerforum ut ein artikkel der det står at UiA sende brev til Kunnskapsdepartementet for å be dei vurdera å la UiA sleppa Språklova. Grunnen var fordi universitetet vert meir og meir internasjonalt, og det å skriva på tre språk – engelsk, bokmål og nynorsk, ville vera for ressurskrevjande. I tillegg hadde UiA i fleire år unngått å senda inn rapport om bruken av nynorsk og bokmål. Heldigvis er dei vortne betre på det no.
Likevel kan det verta betre og enklare å vera nynorskstudent på UiA, takk vera Studentmållaget i Agder. SmiA er per dags dato det einaste aktive lokallaget under Norsk Målungdom på Agder. Laget vart skipa i 2010 og oppattskipa hausten 2023, etter å ha vore inaktivt sidan starten på koronaperioden i byrjinga av 2020. I styret sit Nora Tangen Aarskog (leiar), Tora Fosså Salte (nestleiar), Ådne Kjellevand Vigemyr (kasserar), Malin Saug (styremedlem), Lucas Pappas (s.m.), Kaia Røyrvik Olderkjær (s.m.).
Per juni 2025 har Studentmållaget i Agder totalt 49 medlemmar. Av desse er 34 teljande, d.v.s. under 26 år. Dei som er over 26 år tel difor som støttemedlemmar, og bør ikkje sitja i styret. Likevel vert dei invitert med på dei same tilskipingane som resten. I januar 2024 runda SmiA 30 medlemmar. Det vil seia at laget sitt medlemstal har auka med nesten 40% på 1 ½ år.
Det vert òg stadig meir aktivitet i SmiA. Styret prøver å møtast kvar, om ikkje annan kvar, månad. Målet er at det skal vera éi tilskiping / eitt medlemsmøte i månaden. Allereie byrjar laget å skapa tradisjonar. Hausten 2024 vart det heldt gravøl for Ivar Aasen, etter tradisjon frå SmiA før korona. Då kom det 17 stk., som er det beste oppmøtet etter oppattskipinga. Sommaravslutning er òg vorte ein tradisjon. I juni 2024 drog 7 stk. frå SmiA til Oslo for å sjå «Spynorsk. The Musical.», medan i juni 2025 drog 8 medlemmar på hyttetur til Rysstad i Setesdal, der Sigurd Brokke heldt munnharpekurs, og det vart omvising på Rygnestadtunet. I desember 2024 hadde det nye SmiA sitt fyrste julebord. Der vart det innført ein ny tradisjon, nemleg «Årets medlem». Denne tittelen vert gjeven til den medlemmen som har vist mest interesse for laget, dessutan «hjelpt» styret mest i året som var. I 2024 gjekk prisen til Kaia Røyrvik Olderkjær, som eit par månadar seinare vart styremedlem sjølv.
Studentmållaget i Agder hatt fått eit tett samarbeid med Mållaget i Kristiansand. I april 2025 hadde laga, saman med BUL, ein kulturkveld i Gyldenløvesgate 11. SmiA stod for programmet. Det vart live musikkviss ved tre studentar på UiA, dessutan heldt Nora Tangen Aarskog ei kort innleiing om korleis det er å vera nynorskstudent på UiA. Det er òg verdt å nemna at somme aktive medlemmar i SmiA kom sigande frå BUL. Det kan sjå ut til at gleda for nynorsk og folkedans gjerne går litt hand i hand.
Mikrotekstkonkurransen i vgs.
For å fremje interessen for nynorsk og få elevane i vgs til å bruke språket meir i tekst, lyste Mållaget også dette ut konkurranse i mikrotekst om venskap. Frist for innsending var i slutten av mai, og to skular sende inn tekstar. Pengepremie er på tilsaman 5000 kr for 1. 2. og 3. plass + diplom, og det er eigen jury som les og avgje
Her kjem nokre tekstar frå mikrotekstkonkurransen :
Vennskap er ikkje kor ofte ein sest, men at ein veit kven som blir når alt raknar. Ei melding, eit blikk, eit lite "eg er hær" - det er nok.
Gode venner er som stjerner. Dei viser veg og lyser den opp i mørket. Vener er ikkje alltid synlege i ein travel kvardag, men som stjerner på himmelen, veit vi at dei alltid er der. Dei minner oss om evige bånd, gir oss håp, og påminner oss at vi aldri er aleine.
Venskap er ein skatt som voksar gjennom tid og tillit. Det handlar om å støtte kvarandre, dele gleder og sorger, og være der når det trengs. Gode venner er som stjerner – de lyser opp livet vårt, sjølv i mørke tider.
Når verden raser og mørket kryper inn, er det én stemme som roper navnet ditt – vennens. Ikke fordi de må, men fordi de ikke kan la være. Vennskap er det skjoldet som holder stormen ute, og den stille styrken som reiser deg når du faller. Det er lojalitet smidd i ild, et bånd som nekter å brytes – selv når alt annet går i grus.
Venskap er ein veldig viktig del av livet, og absolutt alle treng venskap. I eit venskap deler ein både gode og dårlege stunder, men det ekte venskap handlar om er å vere der for kvarandre og oppmuntre kvarandre. Gode vener gir oss tryggleik og vil det beste for oss, og venskap kan skape minner for resten av livet. Alt i alt er det dette som gir oss lukka her i livet, for absolutt alle treng ein ven!
Eg er forelska i min alle bestevenn sin bror. Vi er naboar og eg er nesten alltid hos dei. Eg vil ikkje vera heime. Eg vil ikkje treffe pappa. Lukas er eit år eldre enn oss og uheldigvis søstera til Alva, min bestevenn. Ho hadde aldri akseptert det. Problemet er berre at han elskar meg også. Eg klatra gjennom vindauget hans. Vi satt i senga å høyrte på musikk. Alva kom inn. Ho skulle spør om å skru ned lyden. Ho ser på meg og ein kan sjå på heile ho kva ho tenkte om det. Shit.
Venskap er ei psykologisk nødvendigheit. Ekte venskap handlar om meir enn å berre vera saman, det handlar om identitet og tryggleik. Det handlar om å gå gjennom livet utan å kjenna seg uviktig. I ei verd full av utfordringar, er venskap noko av det mest verdifulle me kan ha.
Ein god ven er vanskelegare å finne enn ein million. Ein god ven kan hjelpe ein også meir enn ein million. Ein god ven kan støtte deg i alle situasjonar, men ein million kan det ikkje.Venskap er ikkje alltid store ord eller lange samtalar. Det kan vere eit nikk, eit blikk, eller stillheit utan at noko treng å seiast. Nokon du kan vere heilt deg sjølv saman med, utan å kjenne deg feil eller som for mykje.
Ein ven er den som lyttar når du treng det mest. Som veit når dei skal seie noko og når dei berre skal vere der. Dei kjenner deg, ikkje berre på utsida, men på innsida. Veit kva slags humor du har. Kva som får deg til å le. Kva som gjer deg trist.
Ekte venskap treng tid, ærlege og vilje. Det handlar om å glede kvarandre, tryste kvarandre, å halde ut saman gjennom vondt, og å glede seg saman når det går godt.
Gode vener forsvinn ikkje når det går skeis. Dei blir ståande, sjølv om det er vanskeleg. Og dei kjem alltid tilbake, sjølv om vegen er lang. Nokre venskap varer heile livet, andre berre ei stund. Men alle set spor, og formar deg.
Ein ven er ein du møter kvar dag, eller ein du ser sjeldan, men alltid finn tonen med. Nokon som minner deg på kven du er, når du sjølv gløymer det.
Det er akkurat det som gjer venskap så verdifullt, at det er ekte, også når alt anna kjennes galt.
Med nokre er eg ein annan. Eg hugsar når eg skal smile, nikke og le, som eit kostyme eg alltid må ta med.
Men med deg er det aldri eit skodespel, berre ekte latter som gjer meg heil.
Eg tek gjerne på meg maska du vil ha,
men venskap for meg er når ho er av.
Me er som skyer. Så ulike, men likevel dei same. Me kranglar, gret og ler saman. Nokon som alltid er til stede. Bandet som er like stekt sjølv kor me er på himmelen.
Ei hand å halde i, eit smil å smile til, ei skulder å gråte på er ein ven å stole på.
Eg sat på trappa ved huset. Det var kaldt. Det var tomt. Ein kropp, eit hovud, to sjeler og fleire minner. Eit lys som saknast i mørket. Ein latter for lite. Eg er ikkje aleine, men stillheten er tyngre no. Ei mørk natt, men stjernene lyser sterkare enn før.
Stipendutdeling våren 2025
Sidan 2008 har Mållaget i Kristiansand lyst ut stipend på 10 000 kr for journaliststudentar frå Agder, men det har vore få frå Agder som har søkt. Sidan det har vore mange gode søknader, er stipend likevel delt ut til studentar frå andre stader i landet. I år vart det delt ut til Svanhild Bøe frå Voss for studieåret 2024/25. Ho har bestått ei bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Bergen med svært bra resultat.
Styret vedtok difor hausten 2024 å heller satse på studentar i Agder som ville bruke nynorsk i mastergradsoppgåver. Stipendet er framleis på 10 000 kr for studieåret og vert utdelt når masteroppgåva er godkjent. To studentar ved UiA har levert godkjente masteroppgåver, begge i samfunnskunnskap. Martin Fjelde skreiv oppgåva: Kampen om sympati "Ein kritisk diskursanalyse av Dagen og Klassekampen sin representasjon av sjuande oktober og krigen på Gaza". Ulrik Vikestad Thorsen : Masteroppgåve i Samfunnsplanlegging, stad og prosess "Sosiale fellesskap og korleis vi kan få dei til."
Styret meiner der er svært bra at studentar får ein ekstra "dytt" til å bruke nynorsk i skrift og vil halde fram med dette.
Kyrkjekaffi i BUL-og Mållagssalen sundag 25. mai
Også i år var det soknepresten, Aud Sunde Smemo som heldt ei god preike. Å bruke mange ord når ein ber, er ikkje naudsynt, og det er det heller ikkje i møte med andre menneske. Å vere ein god lyttar er viktig og kan hjelpe mange. Emnet for denne sundagen i kyrkjeåret, 6. sundag etter påske, var bøn.
All liturgien var på nynorsk og berre nynorske salmar vart brukt.
Eit fint musikalsk innslag hadde BUL-koret med fleire songar både før og etter preika.
Etter gudstenesta var det som vanleg kyrkjekaffi i BUL- og Mållagssalen. Her venta eit godt kakebord og kaffi, og svært mange, om lag 70-80, kom hit.
Kjellaug Kvalsvik leia samkoma på ein fin måte. Ho starta med korleis Mållaget "feira" 40 årsjubileet i september 1940. Då var det ålvor og lite fest, men likevel godt å kome saman!
Det vart også opplyst om haustprogrammet. 11. nov. er det lagsmøte. Mållaget kan i år feire 125 års jubileum, og dette vert markert den kvelden. Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, er invitert, og han vil kome. Jolemøtet blir 9. des. Mållaget skriv ein artikkel til Årsskriftet for Christianssands Byselskap, og denne kan då presenterast. Leiaren i Byselskapet, Reidar Mosland, vert invitert.
Haustprogrammet er ikkje ferdig enno, og det vert lagt ut på heimsida når det er klart.
Solveig Lima

Minnetale og kransnedlegging 17. mai ved bysta til Jørgen Løvland
Nora Tangen Aarskog, leiar i Studentmållaget på UiA og reiseskrivar for Mållaga på Agder, heldt talen dette året. Flott å sjå ein ungdom ved mikrofonen, og ei som gledde seg over å få lov til dette.
Det var svært god framføring av minnetalen over stortingsmann og målmann Jørgen Løvlands liv og arbeid. I unionen mellom Noreg og Sverige frå 1814 leia Løvland den norske statsministerdelegasjonene i Stockholm frå 11. mars til 7. juni 1905. Han vart seinare same året den fyrste utanriksministeren etter unionsoppløysinga.
Ho peika også på jamstellingsvedtaket som Stortinget gjorde i 1885: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske
Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort
almindelige Skrift- og Bogsprog.». Løvland var svært bevisst på å bruke landsmålet, eller nynorsk som det heiter no, eit mål me er stolte av.
Ho avslutta med at det er godt å oppleve at me kan gle oss over fridomen i dag, godt å få gle seg over livet, men samstundes vite at dette ikkje er sjølvsagt.
"Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir"
Ei fin markering i Wergelandsparken i det fine veret og ekstra stemning med Postorkesteret som spela både før og etter talen

Kulturkveld med SMiA, studentmållaget, i BUL-Mållagssalen
Nora Tangen Aarskog starta kvelden med innlegget: "Korleis er det å vera nynorskstudent på UiA?" Ho er reiseskrivar i Mållaga på Agder og leiar av Studentmållaget i Agder (SMiA)
Det var ei klår og god framføring om korleis stoda er for nynorskstudentar på UiA. Ho kom med døme på at det å skrive eksamenoppgåver på nynorsk var vanskeleg, for leiinga såg ikkje verdien av ekstraarbeidet. Det fekk halde med bokmål og engelsk! Men mange av lærarane er positive, og det er bra. Ho fortalde vidare at i år er det eit lyspunkt med masterstipend for dei som leverer masteroppgåver på nynorsk. Mållaget i Kristiansand tok initiativet til dette hausten 2024.
Publikum vart ikkje møtt av stolrekker denne gongen, men med 4-5
bord som var plassert der i staden. Det var klargjering for musikk-kvissen etter foredraget. Nora hadde fått tre musikkstudentar til å lage musikk-kviss for dei frammøtte. Alt var godt førebudd, og det var utruleg flinke musikkstudentar som spelte og song.
Kvar gruppe hadde med ein student, og det var heilt naudsynt for å få poeng, viste det seg. Blant publikum var det svært få som visste kva studentane framførte.
Men det var ein skikkeleg triveleg kveld. Svært bra at så mange ungdomar kom og skapte god stemning, både i kaffipausen og med dansen etterpå.
Solveig Lima

Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn: EI KVIT VERD
Om oppveksten og korleis det å vere adoptert har påverka livet og forfattarskapen.
For nesten 40 tilhøyrarar i Mållagssalen denne tysdagskvelden fortalde forfattaren levande om oppveksten i Feios ved Sognefjorden og livet vidare som journalist og forfattar, busett i Oslo.
Han hadde nok heilt sidan han var liten kjent på at han var annleis, men ikkje tenkt så mykje over det. Dessutan, med allergi for gras og dyr, var han slett ikkje den odelsguten foreldra på Tjønn hadde sett føre seg. Bøker var ikkje prioritert i heimen, men fysisk hardt arbeid som måtte til for å drive ein vestlandsgard stod høgt.
Skulefaga hadde ikkje vore særleg interessante før læraren i ein norsktime i 9. klasse las diktet: "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland. At eit menneske som var født hundre år tidlegare kunne ha skrive noko som framleis var verd å lese, gjorde djupt inntrykk.
Kanskje det å skrive var noko for han? Han gjekk heim og skreiv sitt fyrste dikt. Med strålande karakter og godord frå læraren, såg han for seg at skriving var framtida for han. Etter vidaregåande søkte han seg til journalisthøgskulen i Oslo, der ein måtte ha toppkarakterar for å kome inn.
Av dei han gjekk saman med på journalisthøgskulen, var dei berre to av seksti som hadde ein annan hudfarge. Det var ei kvit verd han møtte, både der og slik det hadde vore heime, på TV og elles gjennom reklame og annonsar. Ingen med hans hudfarge å identifisere seg med!
Direkte rasisme slik Arve Beheim Karlsen og Benjamin Hermansen vart utsette for kring tusenårsskiftet, opplevde han ikkje sjølv. Men han har ofte fått kommentarar som kanskje ikkje var vondt meint, men sårande. T.d. som nyinnflytta i Oslo: "Er du det nye avisbudet?" , eller i eige bryllaup i Risør: "Er du servitøren her?"
Jung Tjønn er ein svært aktiv forfattar og har fått fleire prisar.
Han hadde ikkje tenkt så mykje over at han kom frå Sør-Korea før han
heldt det fyrste barnet deira i armene. Såg på sonen og tenkte at det
var det einaste menneske han visste om som han var i slekt med! Seinare
har han fått tre barn til.
Boka "Kinamann" frå 2011 vart skrive etter han hadde fått oppmoding om det, men han strevde med skrivinga då. I 2022 kom "Kvit, norsk mann", ei intens forteljing om å ha annan hudfarge og alltid vere litt annleis. Hausten 2024 kom "Norsk kjærleik", også den ei diktbok, og der får han fram kor stor pris han set på foreldra og garden. Desse to bøkene er på nynorsk, og han avslutta med å lese opp frå dei. Fleire kom for å snakke med han etterpå, medan andre nytta høvet til å kjøpe med seg signerte bøker.
Etterkvart som åra har gått, har han kjent at det er ved garden og fjella ved Sognefjorden han høyrer til, og at det er godt å kunne ta med familien og reise hit i sommarferiane. Mållagsmøtet med Brynjulf Jung Tjønn var eit kveld ein vil hugse lenge. Ein trygg person som har noko
viktig å seie om haldningar i samfunnet overfor dei som er annleis.
Foto: Inga Lauvdal Tekst: Solveig Lima
Årsmøte 4. februar
Styret hadde 14 dagar før møtet sendt ut sakspapir til medlemene der dei fekk lese gjennom årsmelding og rekneskap og kome med framlegg til saker. Møtet vart leia av Hallvor Brunstad, og både innkalling, årsmelding og rekneskapen vart godkjent.
Det har vore gjort godt arbeid av styret i året spm gjekk. På det omframe årsøtet 17. september 2024 vart det løyvd 220 000 kr til Agdersatsinga. Inga Lauvdal har hatt god kontakt med Nora Tangen Aarskog, leiar i Studentmållaget, og ho har starta i jobben som reiseskrivar frå 01.01.2025.
Sidan det ikkje har vore søkarar frå Agder dei siste åra til journaliststipendet, vart det i haust i staden lyst ut stipend på UiA for studentar som skriv masteroppgåva på nynorsk. Fire søknader vart levert, og når masteroppgåva er ferdig, blir stipendet utbetalt. Kanskje kan nynorsk ved UiA bli meir i bruk no. Svein Slettan og Inga Lauvdal har gjort ein god jobb med dette.
Etter kaffipause med blautkake fekk me også dette året lytte til Maria Viken framføre dikt av Jan Magnus Bruheim, Haldis Moren Vesaas og Aslaug Låstad Lygre. Me er imponert over alt ho har "innabords" av ulike vers - og måten ho framfører det på, med innleving og klar og tydeleg røyst.
Hallvor Brunstad fortset som leiar. Med i styret er som i fjor: Inga Lauvdal, Gyro Nesland Bjørnenak, Svein Slettan og Dag Olav Hagen. 1. varamedlem, Guro Lilleby, går ut av styret. Det same gjer Trude Lindø. I staden kjem Michael Schulte inn som 1. varamedlem og Alf Holmelid som 2. varamedlem.
Underskriven protokoll vert lagt ut under ARKIV når han er klar.

Ein inspirerande kveld i Mållaget med Yngvar Andersen
Tysdag 21. januar var ein fin start på det nye året! Det var sett fram frukt, mineralvatn og litt kaffi som folk kunne forsyne seg med. Stolane som var plasserte i halvsirkel, og fleire måtte hentast fram for at dei 45 frammøtte skulle få plass.
Det var ein triveleg og trygg person som stod framfor oss på golvet. På tydeleg og godt sognamål fekk me høyre om kor stor glede det å bruke kroppen hadde gitt han. Han fortalde om ein god barndom i Fortun, Luster kommune, der han aldri tenkte på at han var mørkare i huda enn dei andre. Som 14-åring fekk han kommentarar, men han let seg ikkje knekke.
Han var svært interessert i idrett og hugsa det meste av rundetider og resultat han fekk med seg frå fjernsynet. Men han såg ikkje på seg sjølv som ein som skulle drive med idrett før ein vaksen "såg" han og kommenterte: "Du er jammen sterk i kroppen". Dette var etter eit godt kulestøyt han bare gjorde utan noka trening på førehand! Det vart ein vekkar som gjorde han godt. Det at ein vaksen verkeleg brydde seg og kom med ein slik positiv kommentar, gav han tru på at han også kunne prestere noko innan idrett.
Han fortalde at han kjente ei enorm glede ved å vere i aktivitet og bruke kroppen. Den gleda ynskte han etterkvart å formidle til andre.
På 2000-talet vart han spurt om å lage TV-progam om trening. Det sa han ja til, men då kunne han ikkje stå og formidle noko på eit språk han ikkje kjente seg heime i. Skulle han vere seg sjølv slik at sjåarane kunne tru på han, var sognedialekten det han måtte bruke. Språk og identitet høyrer saman!
Det var svært oppkvikkande med øktene "4 x 2" han tok med oss. Tidleg spurte han forsamlinga om vi var med på å reise oss og bevege oss litt. Sjølvsagt fekk han ja til det! Det var ikkje så store plassen, men moro var det, og dei to minutta dei fire gongene gjekk fort. "4 x 2" er å gjere øvingar 4 gonger 2 minutt dagleg. Det blir mange minutt i løpet av eit år, nesten 3000. Å gjere noko er betre enn ingenting!

Alle
var i godt humør då kåseriet var slutt. Møteleiaren, Guro Lilleby,
takka for det gode kåseriet med ein fin blomebukett! Ho er også frå
Luster og kjenner Yngvar Andersen. Ho hadde gjort eit svært godt førearbeid
med fin plakat og dessutan lagt arrangementet ut på Facebook.
Mange vart ståande og snakke etterpå, enten med Yngvar eller med andre dei kjente frå før.
Ein hyggeleg og fin kveld med inspirasjon til både trening og nynorsk!
Solveig Lima